Advokater, aktivister og ledere fordømmer Kinas systematiske anklager mot husmenigheter.
Kva svarar paven ein diktator?
Igjen har Kina utnemnd biskopar utan å spørja Vatikanet.

Pave Leo 14 som her står fram på Petersplassen som nyvald pave, må handtere Kina etter at Kina har utnemnt endå to biskopar utan å spørja Vatikanet først.
Pave Leo 14 har fått den første store diplomatiske utfordringa rett i fanget: Kva gjer han etter at kommunist-regimet i Kina har bestemt seg for å utnemna katolske biskopar utan å bry seg om kva Vatikanet meiner?
Regimet i Beijing brukte dei to vekene frå pave Frans gjekk bort 21. april til Leo 14 var innsett som ny pave 8. mai. Den katolske kyrkja kunne ikkje utnemna biskopar desse dagane, fordi berre paven kan utnemna biskopar.
I dette vakuumet vart to katolske biskopar utnemnde av kommunistregimet i Kina. Den eine vart til og med valt i eit bispedømme der det alt er ein Vatikan-utnemnd biskop som fleire gonger har vore arrestert.
Makt over kyrkja
Under Xi Jinping strammar Kina grepet rundt all religion. Xi Jinpings politikk er at kyrkjer og andre trussamfunn skal vera kinesiske, utan påverknad eller styring utanfrå. Dette handlar ikkje om eit uavhengig kinesisk kyrkjestyre, men om meir og meir autoritær politisk styring.
Den registrerte protestantiske Tre sjølv-kyrkja merkar det politiske trykket meir og meir. Protestantiske kyrkjer som nektar å lata seg registrera, vert stengde. Mange vel livet som undergrunnskyrkjer, fleire med pastorar i fengsel.
Det har lenge gått føre seg ein kamp om kontrollen over den katolske kyrkja. At denne kyrkja i sitt vesen skal vera styrt frå Vatikanet, bryt fundamentalt med Xi Jinpings nådelause krav om at kyrkjer skal vera kinesiske – det vil seia styrte av folk Xi Jinping og kommunistpartiet har tiltru til.
Avtale og avtalebrot
I 2018 vart det inngått ein omdiskutert, provisorisk avtale mellom Vatikanet og Beijing om bispeval. Avtalen som vart fornya for fire år i september 2024, inneber at bispeval skal skje etter konsultasjonar mellom Beijing og Vatikanet. Men avtalen har aldri vore offentleggjort, så vi veit ikkje kva avtalen konkret inneber.
Catholic News Agency (CNA) skriv at Beijing som oftast har presentert berre ein kandidat som paven har kunna godkjenna. Dei siste åra har folk i Vatikanet vedgått at Beijng har brote avtalen fleire gonger.
I 2023 vart biskop Shen Bin innsett i det store bispedømet Shanghai utan godkjenning frå Vatikanet. Han vart seinare etter-godkjent av pave Frans, «av omsyn til kyrkja». Det skapte uro at pave Frans gav etter for tydeleg maktbruk.
Ein av dei to biskopane som vart utnemnde dei to vekene Vatikanet var utan pave i år, var Wu Jianlin. Han vart assisterande biskop nettopp i Shanghai. Dette styrkjer Beijings og biskops Shens grep om dette store og viktige bispedømmet. Forgjengarane til Shen vart forresten i tur og orden fjerna av Beijing. Makta rår, og den høyrer ikkje til hos paven i Rom.
Arresterte biskopar
Den andre biskopen som vart utnemnd i vakuumet mellom Frans og Leo, var Li Jianli i Xinxiang i Henan. Det påfallande er at det nettopp i dette bispedømmet heilt sidan 1992 har vore ein Vatikan-godkjend biskop: Joseph Zhang Weizhu vart utnemd av pave Johannes Paul 2. Denne biskopen har aldri vore godkjent av Kina – og han har vore arrestert fleire gonger, sist i mai 2021. Ifølgje fleire kjelder er biskopen ikkje sett fri.
Fleire andre Vatikan-oppnemnde biskopar er også sperra inne. Også katolikkane har si undergrunnskyrkje av kristne som ikkje vil styrast av politisk makt.
Dei to ferske Beijing-utnemnde biskopane er kjende for å vera lojale. Det kan knapt vera tvil om at regimet bevisst brukte vakuumet i Vatikanet til å demonstrera makt over kyrkja.
Vil pave Leo gjera som pave Frans og meir eller mindre motviljug etter-godkjenna dei to? Eller vil han bruka sjansen til å krevja gjennomgang av korleis avtalen om bispeval blir etterlevd? Det første alternativet er avmakt, det siste krev mot.
Pave Leo 14 har lagt stor vekt på arbeid og bøn for fred. Kva gjer han i møte med makta i Beijing? Pave Frans vart kritisert ikkje berre for å gje etter ved val av biskopar, men for også å gå for stille i dørene om forfølging av uigurane og andre brot på menneskerettane. Vil Leo 14 utfordra den autoritære Xi Jinping både når det gjeld makt og menneskerettar?
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 11.6.2025