Kor mange fredelege demonstrantar sit i fengsel, ambassadør? - Stefanusalliansen
President Kassim Jomart-Tokajev i Kasakhstan.

President Kassim Jomart-Tokajev i Kasakhstan.  


Kasakhstans ambassadør skuldar meg for å vera «Tornerose som har sovnet etter et møte mellom Reagan og Bresnjev på 80-tallet og våknet i dag.» (Dagen, 26. januar) Han om det. 

Ambassadør Yerkin Akhinzhanov fortel kva krav han meiner må stillast til ein «ekte journalist». Han går av gode grunnar ikkje inn på kor vanskeleg det er for journalistar i Kasakhstan. Då regimet brutalt slo ned både valdelege og fredelege protestar, kom nemleg også journalistar ille ut. 

Informasjonsdepartementet stadfesta 19. januar at 18 journalistar var blitt arresterte og haldne i arresten i fleire timar og at seks av desse hadde fått «administrativ fengsling». 

Arresterte aktivistar 
Også aktivistar kom i stor fare. Marua Eskendirova og Omangeldy Ozazbaev, frå Uralsk, blei, ifølgje Amnesty, arresterte og internerte i 20 dagar kvar for å ha besøkt kollegaer på sjukehuset. Dette vart av styresmaktene rekna som «ulovleg protest». Det er strenge reglar i Kasakhstan for kva er som «lovlege protestar». 

Det er flott at ambassadøren set pris på fridomen som sikrar han retten til å gje tilsvar i norske aviser. Ambassadøren vel så å sitera meg svært selektivt, det er vel ein ekte ambassadørs privilegium når kritikk skal avvisast. Det var, som eg gjorde greie for, fleire grupper som vart skulda for å stå bak protestane som vart slått ned med brutal makt. Men både aktivistar og menneskerettsforkjemparar kom ille ut. 

På det meste var 11 000 menneske internerte. Ifølgje presidenten er det kring 2000 som i dag sit i varetekt. Viktige spørsmål har ikkje fått svar. Til dømes: Kor mange fredelege demonstrantar sit arresterte etter Kasakhstans strenge lov for offentlege samlingar?  

Ikkje trusfridom 
Eg gjentek at det er krevjande å byggja ein stat som Kasakhstan. Eg gav ros for nokre av bidraga landet har gitt. Ambassadøren framhevar religionsdialogen. Eg nemnde denne, men slo fast at den ikkje har ført til trusfridom i Kasakhstan. Det står eg fast ved.  

Ambassadøren brukar ordet «toleranse» som honnørord. Det er eit krevjande ord når det er regimet som definerer toleransen og kven som er «uvitande». Lat meg sitera ambassadøren: «Skal vi bare lukke øynene for intolerante grupper og forbli uvitende? Absolutt ikkje.»  

Dei religiøse minoritetane om blir ramma av religionslova og dei som blir ramma av lova om regulerer offentlege samlingar, får diverre ikkje vera med på å definera den toleransen ambassadøren brukar som varemerke. 

Eg takkar ja til invitasjonen til å sjå vakre Kasakhstan – og håpar då å koma til eit land som har slutta å bruka brutal makt også mot fredelege demonstrantar og som har teke viktige steg mot utvida trusfridom. 

 

 

Prosjekt