Ei etiopisk kristen kvinne.

Ei etiopisk kristen kvinne.  


Fem nye rapportar – om Egypt, Irak, Etiopia, Colombia og Den sentralafrikanske republikk – dokumenterer korleis kristne jenter og kvinner blir vedvarande undertrykte i eit tett sampel mellom familie, lokalsamfunn og stat. Det skriv World Watch Monitor.

Bak rapportane står World Watch Research, ei research-avdeling i Open Doors. Rapporten får tydeleg fram at medan menn ofte møter meir tydeleg og offentleg form for press og forfølging for trua si, er undertrykkinga av kvinnene mykje meir knytte til dagleglivet.

Livslang kamp
Det betyr også at kristne kvinner – og andre minoritetskvinner – sine liv er prega av usynleg og livslang strev og liding. Minoritetskvinner sine problem blir forverra av at dei sosialt, økonomisk og juridisk ikkje er likestilte med menn. Dette manglande likeverdet vert mange stader utnytta.

– Ein mann si natt i fengsel er alltid lettare å «telja» enn når eit fysisk eller psykisk angrep på ei kvinne skal gøymast vekk fordi det heilt feilaktig vert framstilt som hennar skam. I motsetnad til urettferdig arrestasjon, er forfølging av ei kvinne ofte usynleg på overflata, forfølginga vert gøymt slik at folk ikkje skal sjå den, skriv Olivia Jackson og Eiisabeth Lane Miller.
 

Tvangsgifta
Dei nemner at unge kvinner vert tvangsgifta med menn i majoritetsreligionen, for å unngå problema ho vil få ved å identifisere seg med minoritetstrua. Utan utdanning eller økonomi til å forsørgja seg sjølv, kan ei kvinne bli fanga i eit undertrykkjande ekteskap – utan juridisk hjelp til å koma seg vekk. Sidan ho har alt ho treng, kvifor skal ho forlata mannen? er familiepatriarkens spørsmål, han som gifta henne bort i første runde. Og barna vil i same tradisjon ha det best dersom dei får mannens religion. Men det betyr vidare undertrykking av kvinna og hennar og barns trusfridom.

Fredsprisen 2018 til Denis Mukwege og Nadia Murad har løfta fram den grufulle seksuelle valden som blir brukt i krig og konflikt. Kvinner er gjennom historia blitt offer i krig og sekterisk konflikt. Det blir meir og meir synleg at seksuell vald også blir brukt for press og forfølging av trua til kvinnene.

Angrip kristne kvinner
Rapporten om Egypt påpeikar mellom anna at kristne jenter og kvinner er sårbare medlemmer av kyrkjene i Egypt. Dei blir brukte for strategisk å ramma det kristne samfunnet i Egypt, til å spreia frykt og skapa utryggleik og i alvorlege tilfelle å driva ei kyrkje vekk.

Det heiter også at styresmaktene gjennom dei politiske bølgjene i Egypt ikkje har sett inn gode tilatk verken for å verna kvinner eller stoppa vald mot kristne. Pressident Sisi har innført nokre lover for å verna kvinner, men det tek svært lang tid og møter sterk motstand å få dei sett ut i livet. Human Rights Watch har vist korleis det vedvarande presset mot det sivile samfunnet verkar. Mellom anna er Azza Soliman, grnnleggjar av the Center for Egyptian Women’s Legal Assistance, arrestert og avhøyrt.

Likeverd
Men undertrykking av kvinenr skjer også innanfor kyrkje i Egypt. Rapporten konkluderer mellom anna med at tilgang til utdanning og likeverd mellom kjønna er avgjerande. «Når kyrkjeleiarar og kyrkjemedlemmar har tilgang til utdanning om likeverd mellom kjønna, har dei fått reiskap til å korrigera gale oppfatningar av maskulinitet og feminitet. På den måten kan kvinner og menn saman setjast i stand til å utfordra kulturelle holdningar og andre røtter til diskriminering, av seksuelle overgrep og vald mot kvinner innanfor og utanfor kyrkja. Dei kan styrkja kyrkja ved at kvinner lærer å lesa og skriva, får utdanning og tryggleik i kristne heimar og få aktivt delta i kyrkje, samfunn og politisk liv», heiter det.
 

AKTUELT

Egypt: Rapporten «Unanswered prayers» viser hvor sakte det går med å løse dyp diskriminering som begrenser kristnes trosfrihet.

‘Kristnes bønner i Egypt ikke hørt’

Trosfrihet: Egypts president al-Sisi har lovet at det skal bli mye enklere for Egypts kristne å få bygget, reparert og godkjent kirker. På to år har lite skjedd, heter det i fersk rapport.

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.