Væpna menn opna eld mot bussane som var på veg mot eit kloster, St. Samuel Bekjennaren, melder Middle East Concern.

Minst sju koptiske kristne vart drepne og minst sju blei skadde. Ein talsmann for den koptiske kyrkja seier at han ventar at dødstala vil stiga.

Dette er det mest alvorlege terrorangrepet mot kristne i Egypt på over eit år, melder telegrambyrået Reuters. Ifølgje Reuters har terrorgruppa IS teke på seg ansvaret, utan å leggja fram noko prov for det.

På Kristi himmelfartsdag 26. mai i fjor vart 28 kristne på busstur til det same klosteret drepne av terroristar.

Her er bønneønskja frå kristne i Egypt:

  • At Gud må trøysta dei som har mista sine kjære og for at dei skadde bli lækt

  • At Gud må trøysta og oppmuntra det kristne samfunnet og at Gud må verna kyrkja i Egypt og andre mogelege mål for terror

  • Be for dei som er ansvarlege for angrepa – at det blit stilte til ansvar og at de vil angra det dei har gjort.

Christian Solidarity Worldwide melder at angriparane køyrde i ein firehjulsdreven bil og at dei forsvann i ørkenen etter ugjerninga. President Sisi har kome med kondolanse etter terrorangrepet.

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.