Afghanske kvinne er livredde for at taliban tvangsdressa dei i burka og stenger dei inne.

Afghanske kvinne er livredde for at taliban tvangsdressa dei i burka og stenger dei inne.  


I Afghanistan er det panikk. Minna om det bestialske Taliban-styret frå 1996 til 2001 sit godt. Også den vesle kristne minoriteten er redde. Det har dei all grunn til. Taliban tolererer ikkje «vantru».  Men her må vi skilja fakta frå rykte og islamist-frykt. 

I sosiale media og på nettet kjem det historier om at Taliban nærast frå dag ein starta med å gå frå dør til dør for å drepa kristne for trua si. 

På Facebook er ei dramatisk historie delt av ein kjent norsk kristen, med ei sterk oppmoding om forbøn. Historia handlar om «de 229 kristne misjonærene, dømt til døden i morgen ettermiddag av afghanske islamister». Meldinga skulle vera send frå ein pastor i USA, men informasjonen skulle stamma frå ein «misjonær i Afrika». 

Det stod ikkje noko om kvifor dette gav meldinga truverde. 

Fakta og rykte 
Dette er ei gammal vandrehistorie, lik andre vandrehistorier om drap av kristne. Dei som deler historiene, meiner det godt. Men usanne historier øydelegg for dei sanne. 

Vedkomande nekta å  sletta, sjølv om han vart opplyst om at historia er funnen usann. Han la i staden ut ei lenke til ein video med Franklin Graham. Med alvorstung røyst fortel den kjende predikanten at kristne i Afghanistan blir drepne «medan vi snakkar». Somme er brende til døde, hevdar. Men kvar er dokumentasjonen? 

Stefanusalliansen har ikkje arbeid i Afghanistan. Men våre partnarar som arbeider for undergrunnskyrkjer i Iran, kjem også i kontakt med kristne i Afghanistan, Irans naboland i aust. Det same gjer partnarane våre i Sentral-Asia, som har Afghanistan som nabo i sør. 

Desperasjon 
Alle våre partnarar med kontaktar mot Afghanistan er oppskaka av det som skjer. Det er ille nok utan udokumenterte historier. Ingen har full oversikt, og situasjonen er komplisert og kan variera frå stad til stad.  

Ein kanadisk kristen medieorganisasjon (Pamir Ministries) med eit stort nettverk etter 40 års innsats for å utrusta afghanske kristne, får daglege meldingar frå desperate kristne i Afghanistan. Ingen av dei har så langt rapport om at kristne er drepne for trua si etter at Taliban tok makta. Ingen har rapportert til desse om at Taliban går frå dør til dør for å drepa kristne. 

– Ein fake news-industri spreier historier med ein agenda: å samla inn gigantiske summar pengar og prøva å få kristne ut av Afghanistan, seier kjelda. Vedkomande meiner amerikanske aktørar vil «gjera bot» etter det bidraget USA har gjeve til panikken og kaoset i Afghanistan. 

Sporar opp  soldatar 
At Taliban går frå dør til dør, er sant. Aftenposten fortalde torsdag om spesialsoldatar som vert oppsøkte av Taliban. Dei vert borte ein for ein. Så mykje for dei forsonande Taliban-signala om å tilgje folk som hadde arbeidd for regjeringa. Og kven er dei neste som vert oppsøkte? 

Eg er djupt bekymra for framtida til dei aktivistane i Afghanistan som har kjempa for rettane til kvinnene. 

Kristne i Afghanistan har all grunn til frykt, for kanskje er det stille før stormen. To av kjeldene våre opplyser at dei afghanske kontaktane deira har fortalt at kristne  brenn bøker og anna kristent materiell. Dei vil løyna spor i tilfelle Taliban ein dag skulle koma på døra. 

Kristne som tek kontakt, tryglar om forbøn og om hjelp til å flykta. I desperasjon. 

Men grensene er stengde, og grenseovergangane kontrollerte av Taliban. Så vi veit ikkje om «kristne flyktar frå Afghanistan». Vi veit at kristne prøver, men ikkje kor mange som måtte ha klart det. 

Bibelen for Afghanistan. Foto: Pamir Ministries.

Etnisitet og tru 
Fleirtalet av konvertittar til kristen tru er frå folkegruppa hazarane, den nest største folkegruppa i Afghanistan. Hazarafolket er diskriminert av som pashtunfolket i sør som er basen for sunnimuslimske Taliban. Dei fleste av hazarafolket er sjia-muslimar som sunni-islamistar reknar som «vantru». Tru og etnisitet er ein utsett kombinasjon. Og vi kan slett ikkje utelukka at det har funne stad drap. 

Vi må stå saman med kristne i husgruppene. Vi må stå saman med kvinnene i Afghanistan og med folk frå utette etniske grupper. Vi kjenner oss makteslause saman med dei. 

Akkurat no er det lite anna mange kan gjera enn å be. Vi kan be for studenten «Ali». Han ringte ein av våre partnarar og trygla om forbøn, både som kristen og hazara. 

På flukt, men stogga av Taliban
Vi kan be for «Nafasgul», ei hazarakvinne. Ho er sjia-muslim som har arbeidd i ein kristen organisasjon. Ho er mor til fem jenter og ei fosterdotter. Taliban har truga med å gifta jenter over 15 bort til Taliban-menn. 

Sist veke tok Nafasgul  i desperasjon med seg familien til Kabul, med eit fortvilt håp om å kunna flykta. Men på veg til flyplassen vart dei stogga ved ei Taliban-sperring: Berre utlendingar fekk passera. 

Over den sikre appen Telegram trygla ho i frykt og naud: – Be om eit mirakel. 

Ho ventar framleis på mirakelet. Seinare same dagen kom den blodige  terroraksjonen som kan få fleire grufulle følgjer. IS fekk  vist at USAs kamp mot Afghanistan som oppmarsjområde for terror har feila. No ventar hemnen. 

Trusfridom og kvinnerettar 
Vi må i det lengste tru at Taliban ser at dei treng internasjonal hjelp. Gjennom Tryggingsrådet må Noreg slåss for å pressa Taliban på humanitær rett og menneskerettar. Dei må la bistandsorganisasjonar halda fram, på ein trygg måte. Rettane til kvinnene, etniske grupper og religiøse minoritetar må sikrast. 

Vi må både be og arbeida for eit mirakel i Afghanistan. 

AKTUELT