Afghanistan: Protest i Barcelona i Spania mot Talibans undertrykking av kvinner i Afghanistan.

Afghanistan: Protest i Barcelona i Spania mot Talibans undertrykking av kvinner i Afghanistan.  


– Talibans strenge reglar for jenter og frykta for at Taliban skal finna meg, tek freden frå meg om dagen og søvnen frå meg om natta. Eg er svært redd for den mørke framtida, seier ei afghansk kvinne (38) som vi av tryggingsgrunnar kallar «Nafasgul». 

Familien held til i storbyen Mazar-e-Sharif, nord i Afghanistan.  Magasinet Stefanus får historia hennar gjennom ei kvinne som bur i eit av Afghanistans naboland i Sentral-Asia. Der leier ho eit nettverk av kvinner som Stefanusalliansen støttar. Denne kvinna, som vi av tryggingsgrunnar kallar «Krystyna». var i fleire år kollega med Nafasgul i Afghanistan.  «Krystyna» leia ein av mange kristne humanitære organisasjonar der Nafasgul blei rekruttert inn til arbeid i landsbyane i provinsen. 

Nafasgul og Krystyna kommuniserer via den sikre kanalen Telegram. Då Stefanusalliansen intervjua Krystyna i helga, hadde Nafasgul framleis mobiltelefonen sin, ho hadde enno ikkje gøymt den i frykt eller fått den konfiskert av Taliban. Internett var ikkje stengt ned, men det kan skje kva dag som helst. 

Då Taliban styrte Afghanistan frå 1996 til 2001, blei kvinner tvinga inn i burka. Dei fekk forbod mot å arbeida og gå på skule. Åra etter talibans fall har gitt mange kvinner ei framtid som dei no fryktar skal gå tapt igjen.
 

Minoritet under angrep
Familien høyrer til hazara-folket, ein etnisk minoritet. Dei er sjia-muslimar. Den sunnimuslimske folkegruppa pashtun, som er base på Taliban, er den dominerande folkegruppa i Afghanistan.  

Nafasgul har nærma seg den kristne trua, fortel «Krystyna». 

Nafasgul fortel om anonyme, trugande telefonoppringingar frå folk som har gått over til Taliban. Ho er redd for at Taliban-folk kjem frå dør til dør, slik rykta går frå delar av landet. 

Nafasgul frykta Taliban då framrykkinga starta tidleg i august. Ho søkte om pass og drog til Kabul for å få pass. Men så erobra Taliban Kabul svært raskt, og alle offentlege kontor blei stengde før ho nådde fram. I desperasjon ønskjer Nafasgul no å ta døtrene med til ein landsby oppe i fjella, for å koma unna, og i neste omgang finna ein grenseovergang. Men mannen hennar nektar. 

No fortel ho fortvilt at ho håpar familien kjem seg ut av Afghanistan før dei utanlandske styrkane etter planen skal vera borte for godt 31. august. 

Den 25. august bestemte ho seg for å resia mot Kabul i eit fortvilt håp om å få familien ut av landet før dei utanlandske styrkane dreg 31. august. Ho veit det er svært vanskeleg.

– Vi treng mykje forbøn for at dette skal skje, skriv ho frå Afghanistan. 

Den 26. august kom heile familien til Kabul. Men vegen til flyplassen var stengt av Taliban for alle andre enn utlendingar.

– De om eit mirakel, seier vår kjelde «Krystyna» i Sentral-Asia.

Same dag kom det tragiske terroraksjonen som IS har teke på seg ansvaret for. Nafasgul melder at familien er trygg.

 

Kvinnene må vera inne
Nafasgul fortel at i Mazar-e-Sharif må alle kvinnene halda seg innandørs og ikkje jobba. 

– Det Taliban har på sagt på TV om at kvinner kan få arbeida og gå på skule, stemmer ikkje i Mazar-e-Sharif. Eg trur ikkje Taliban har endra seg. Dei seier noko på TV, men i realiteten er dei det same, seier «Krystyna» i Sentral-Asia etter kontakten med «Nafasgul».

 

«Nafasgul» frykta Taliban då framrykkinga starta. Ho søkte om pass og drog til Kabul. Men så erobra Taliban hovudstaden svært raskt. Alle offentlege kontor blei stengde før ho nådde fram.

 

Eineforsørgjar
Sidan 2009 har «Nafasgul» vore eineforsørgjaren i familien. Mannen vart sjuk og ufør. 

– Eg er redd for at eg ikkje får arbeida, og at vi då ikkje har nokon til å brødfø familien, fortel Nafasgul.  

– Kvinnene blir dei første offera for Taliban. Dei som arbeidde og dei som tok utdanning vil ikkje få lov lenger, seier Krystyna. 

 

Trusler om tvangsgufte av unge jenter
«Nafasgul» fortel at Taliban har distribuert eit flygeblad der det står at alle jenter over 15 og alle enker vil bli gifta med menn frå Taliban. Dette sjokkerte henne. Dei to eldste døtrene er 19 og 15 år, den tredje er ni. Ho fryktar at døtrene vil bli gifta bort til Taliban-menn.  Ho har sendt bilde av flygebladet til veninna i Sentral-Asia.

– Eg snakka med ei annan kvinne som fortalde at Taliban no fører lister over desse kvinnene, fortel Nafasgul.

– Kva skjer med oss?

 

Be for oss og be for døtrene mine

Nafasgul i Afghanistan

 

Vart ung mor, vil gje døtrene ei framtid
Sjølv blei Nafasgul gifta bort som svært ung, mot sin vilje – ho ville gå på skule, men faren trengde pengar. Sjølkv vil ho gje døtrene ei framtid, med utdanning og frie val. Men Talibans massive maktovertaking har fjerna håpet. 

– Be for oss og be for døtrene mine, seier Nafasgul i desperasjon. 

Ei glede har ho: Den eldste dottera fekk plass på ein skule utanlands og kom seg av garde med fly dagen før Taliban kom til Kabul. 

Men heime er det lite som gir håp. Nafasgul veit til dømes ikkje om ho lenger kan stola på folk ho kunne stola på tidlegare, kanskje er dei no blitt informantar for Taliban. 

– Berre Gud kan verna oss. Eg ber Gud visa nåde og verna familien min, skriv Nafasgul ei av dei mange Telegram-meldingane til veninna i Sentral-Asia.

 

 

AKTUELT