Politifolk vernar ei kyrkje i den kristne bydelen Youhanabad i Lahore i Pakistan etter frikjenninga av Asia Bibi onsdag 31. oktober.

Politifolk vernar ei kyrkje i den kristne bydelen Youhanabad i Lahore i Pakistan etter frikjenninga av Asia Bibi onsdag 31. oktober.  


Demonstrantar i Pakistan, leia av ytterleggåande islamistiske parti, prøver for andre dag på rad å lamma det pakistanske samfunnet ved å blokkera vegar. No slår både statsminister Imran Khan og høgsterettsjustitiarius hardt tilbake, melder dawn.com.
 

Sjefen for Pakistans høgsterett er truga på livet av islamske ekstremistar. Han forsvarar frifinninga av Asia Bibi. I dommen blir det fastslått at det ikkje fanst prov for at Asia Bibi er skuldig. Høgsterettsjustitiarius Mian Saqib Nisar forsikrar torsdag morgon at han og dei to andre dommarane i saka elskar profeten Muhammed. Det seier han etter at demonstrantar har sagt han fortener å bli drepen «fordi han ikkje er muslim».

– Vi er klare til å ofra oss for profetens ære. Men vi er ikkje dommarar berre for muslimar, seier Nisar og legg til:

– Når det ikkje finst prov mot nokon (tiltalt), korleis kan vi då straffa dei?

Han opplyser at dommen også er skriven på urdu slik at vanlege folk kan lesa den og forstå den.

Nedanfor er ein video av korleis demonstrantar øydelegg bilar. Saka held fram under videoen.

Statsminister Imran Khan åtvara i ein TV-send tale onsdag kveld demonstrantane mot å konfrontera staten etter dommen. Khan sa at demonstantane som hissar opp folk mot høgsterett og hæren berre for å mobilisera stemmer, ikkje tener islams sak.

Khan åtvara i talen demonstantane mot å gå så langt at staten blir nøydd til å ta affære og han åtvara demonstantane mot å skada landets interesser for politiske føremål.

– Dersom det vert gjort forsøk på det, vil eg gjera det heilt klart at staten vil oppfylla sitt ansvar og verna liv og eigedom til folk, sa Khan.

«Propaganda»
Han bad folk ikkje bli fanga av propaganda som blir spreidd berre for å mobilisera stemmer

– Dette tener ikkje islam, dette er hat mot landet, sa Khan.

Han beklaga sterkt at demonstrantane  hadde sagt at høgsterettsjustitiarius «fortener å bli drepen fordi han er ein ikkje-muslim». Han slo hardt tilbake også fordi demonstrantane hadde bedt folk gjera opprør mot hæren.

Khan forsvarte dommen, slo fast at den er i samsvar med grunnlova som igjen byggjer på Koranen. Han sa at det er dei fattige som taper på demonstrasjonar som blokkerer vegar.

Khan var på den andre sida glad for avgjerda i Den europeiske menneskerettsdomstolen som dømde ei kvinne for å ha kalla Muhammed ein pedofil. Dette er ikkje innanfor ytringsfridommen, sa domstolen. Khan sa at dette vernar profeten mot blasfemi.

 

Her er politi foran St John katolske kirke i Youhanabad i Lahore onsdag. Foto: Human Friends Organization/Stefanusalliansen.

Verna kyrkjer
Politiet rykte onsdag ut med styrkar for å verna kyrkjer og kristne nabolag, som den store kristne bydelen Youhanabad i Lahore.

Den dødsdømte kristne kvinnen Asia Bibi ble frikjent av Pakistans høyesterett onsdag morgen.

Straks Asia Bibi blei frifunnen onsdag, vart det starta store demonstrasjonar i fleire pakistanske byar. Vegar vart blokkerte, bildekk vart sett fyr på. Politiet hadde lovd å verna kristne nabolag, og dette skjedde ei rad steder, som i den store kristne bydelen Youhanabad i Lahore.

Tryggingsstyrkane i alle provinsane innkalla religiøse leiarar for å førebu dei på at ei frifinning  kunne framprovosera demonstrasjonar og valdelege reaksjonar. Dei kristne leiarane oppmoda medlemmar av kyrkjene til å halda seg innandørs i tida etter at dommen blei kjend, i tilfelle demonstrasjonane skulle bli valdelege.

– Dei kristne i landet er glade for frifinninga, men urolege. Det er eit viktig signal og ein viktig dom i høgsterett som ikkje bøyer seg for press. Vi er også urolege for demonstrasjonane, men glad for at politiet så langt har verna kyrkjer og kristne nabolag, seier Ed Brown.

Her er ein video frå demonstrasjonar i Islamabad torsdag.

Les fortløpende oppdateringer på bloggen til den pakistanske avisen dawn.com

Amnesty International er glad for frifinninga.

–  Bodskapen i denne dommen er at blasfemilovene ikkje lenger må misbrukast i Pakistan. Dette er eit landemerke av ein dom, seier Amnesty Internationals Omar Waraich til Reuters.

AKTUELT

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT