Strammar jerngrepet om religion
Kasakstan er i ferd med å laga endå fleire restriksjonar for trusfridommen.

Republikkane i Sentral-Asia var fram til 1991 del av Sovjet-Unonen.
Senatet i parlamentet i republikken Kasakstan i Sentral-Asia har vedteke vidtgåande tillegg til religionslova og 10 andre lover. Ein muslim karakteriserer endringane som «ekstremt strenge». Det endelege lovvedtaket skal skje i underhuset i parlamentet – Majilis. Det melder Forum 18 Newsservice.
Dei nye lovene ignorerer tilrådingar både frå FNs menneskerettskomite og OSSE og innfører mellom anna:
• Fleire restriksjonar på foreldre og barn sin rett til å gå til gudsteneste og trusundervisning.
• Fleire restriksjonar og straff for å driva religionsundervisning utan statleg løyve
• Fleire restriksjonar på å dela trua med andre
• Utvida, men vag, rett til å konfiskera religiøs litteratur som ikkje er godkjent av den statlege sensuren.
Parlamentet har avvist oppfordringa frå Kasakstans ombodsmann for menneskerettar om å senda lovforslaga til internasjonal vurdering.
Grunngjevinga frå regjeringa si side for lovforslaga, som snart er i siste runde i parlamentet, er at dei som vert straffa for å utøve trusfridommen utan statleg løyve, er «ei risikogruppe» for å bli involvert i terrorisme.
Yevgenij Zhovtis i Kasakstan International Bureau for Human Rights and Rule of Law reknar med at underhuset – Majilis – kjemn til å vedta lovene slik forslaga no er. Han har tidlegare fordømt lovgjevinga.
– Sidan Sovjet-Unionens tid har makta i Kasakstan sett på religion som ein trussel, særleg i nyare tid. Først og fremst ser dei på religion som ei kjelde for ekstremisme og terrorisme, og for det andre prøver die å verna dei «tradisjonelle» religionane som sunni-islam og Den russisk-ortdokse kyrkja som dei totalt kontrollerer, seier han til Forum 18.
Han legg til:
– All slik lovgjeving passerer tryggingsrådet i Ksakstan og presidentadministrasjonen. Folka der bryr seg ikkje om trus- og livssynsfridom. Dei har ei absolutt politisk tilnærming.
I det nye lovverket er det mellom anna bøtestraff for ein religiøs leiar som ikkje hindrar at barn under 16 år deltek i gudstenester og bønemøter, religiøse ritual, seremoniar eller andre møte i ein religiøs organisasjon» utan at dei er saman med minst ein av foreldra.
- Les meir på Forum18 Newsservice Der kan du les meir om utviklinga både i Russland og resten av Sentral-Asia.