Donald Trump har låst døra for forfølgde kristne
Kristne frå karen-folket på flukt i Myanmar. I USA er fleire av dei som har kome seg dit, blitt internert av ICE.
Donald Trump har snakka høgt om trusfridom og forfølgde kristne. Realiteten er at den amerikanske presidenten har stengt døra for kristne på flukt for trua si.
Tidleg i den andre presidentperioden oppretta Trump ein eigen kommisjon for trusfridom i USA. Initiativet vart kritisert av aktivistar for trusfridom ut frå uro for at trusfridom vart gjort til politisk våpen og i første rekkje kom til å handla om situasjonen for støttespelarane blant konservative kristne i USA.
Ikkje trygg hamn
Ein fersk rapport viser ein dyster realitet for kristne og andre religiøse minoritetar på flukt frå farlege land. I rapporten «State of Golden Door» fastslår organisasjonane World Relief og Open Doors:
«I år har USA derimot ikkje vore nokon fristad for kristne – eller for nokon annan religiøs minoritet. Med mindre enn éin månad att av det føderale budsjettåret har ikkje ein einaste flyktning frå ein religiøs minoritet blitt busett i 2026 frå nokon av dei viktigaste landa som er råka av religiøs forfølging. Den «Gylne døra» for dei som flyktar frå religiøs forfølging, har i praksis vorte stengt.»
Rapporten er ei evaluering av amerikansk politikk for å ta imot flyktningar i lys av global religiøsforfølging. Magasinet Christianity Today, som vart grunnlagt av den verdskjende evangelisten Billy Graham, konkluderer. «Trump-administrasjonen fører an i ei tilbaketrekking frå USA si historiske rolle som eit tilfluktsland for religiøse minoritetar som blir forfølgde.»
Før budsjettåret er omme 30. september kjem USA til å ta imot mellom 11 000 og 16 000 flyktningar. Christianity Today skriv at nær sagt alle desse er kvite frå Sør-Afrika. Dei er ikkje utsett for religiøs forfølging. Ifølgje Trump-administrasjonen er dei derimot utsette for «urettferdig rasediskriminering».
«USA har på mange måtar stengt døra for dei som flyktar frå forfølging på grunn av trua si», sa Matthew Soerens i World Relief då rapporten vart lagt fram.
Internert og deportert
På den andre sida har Trumps omstridde immigrasjonspoliti ICE internert og i fleire tilfelle også deportert kristne som tidlegare har flykta til USA frå både Myanmar og Iran. USA er blitt alt anna enn ei naudhamn for menneske som må flykta på grunn av trua si, kristne inkludert.
Har eg så gløymt at den kinesiske pastoren Ezra Jin i juli vart sleppt ut av varetektsfengsel i Kina og kom til USA?
Sett fri i Kina
Nei, eg har ikkje gløymt den kjende leiaren for den store uregistrerte kinesiske Zion- kyrkja. Ezra Jin vart fengsla i ein stor politiaksjon mot Zion-kyrkja i fleire kinesiske byar i oktober i 2025.
I staden for å bli stilt for retten med utsikt til mange år i fengsel for å ha halde gudstenester på Zoom, kunne pastoren gledeleg nok i juli i år bli sameint med dottera Grace, mannen hennar og tre born i USA.
For Ezra og familien var dette ei fantastisk hending. Frigjevinga av Ezra Jin kom i stand etter ein politisk avtale mellom Trump og den kinesiske presidenten Xi Jinping.
Men i lys av rapporten frå Global Relief og Open Doors om den stengde porten til USA, vert denne enkeltsaka diverre som ein symbolsk vimpel å rekna – både for Trump og Xi Jinping.
Svikta jesidiane
USA har også stengt døra for andre religiøse minoritetar på flukt. Dessutan har Trump kutta viktige program for å hjelpa jesidiar som overlevde folkemordet som IS gjennomførte i Irak. Nær 200 000 av denne folkegruppa sit framleis i kummerlege teltleirar i Irak. Mange av dei er i ferd med på gje opp håpet. I august 2014 flykta dei i panikk for livet då IS-krigarar prøvde å drepa kvar einaste mann og selja unge kvinner som sex-slavar.
Dei som framhevar Trump som ein faneberar for å hjelpa kristne og andre som vert forfølgde, må sjekka fakta – som er alt anna enn oppløftande.