Kristine i Usbekistan: Pastorparet Atamurat og Zamira har fått kyrkja si registrert.

Kristine i Usbekistan: Pastorparet Atamurat og Zamira har fått kyrkja si registrert.  


Den første evangeliske kyrkja i regionen Karalpakstan vest i Usbekistan er registrert og med det offisielt godkjent. Det var ein gledesdag for kyrkja i byen Nukus. Kyrkja er leia av pastorparet Atamurat og  Zamira. 

Dei siste to åra harmeir enn ei handfull evangeliske kyrkjer fått ja på søknader om å bli registrerte, etter eit par tiår utan ei einaste registrering. Slik får dei driva lovleg med gudstenester, diakoni og arbeid for barn og unge. 

Kristne i nettverk i Usbekistan
Stefanusalliansen møtte pastorparet då vi gjesta landet i 2019. Kyrkjelyden er i eit nettverk saman med ei stor evangelisk kyrkje i hovudstaden Tasjkent. Vi møtte den gongen også ein kyrkjelyd i Samarkand som like før vi kom, hadde hatt fest for å feira at dei hadde fått registrering. Desse registreringane blei av mange sett på som teikn på friare tilhøve i Usbekistan som sidan Sovjetunionen braut saman i 1991, har vore eit svært strengt diktatur. 

Andre vi møtte tvilte på at det verkeleg var ei ny tid dei var på veg inn i, til det hadde dei sett for mykje av politirazziaer. 

Har venta på ny religionslov
I fleire år har Usbekistan lova ei ny religionslov. Eit forslag er no lagt fram for parlamentet. Framlegget held fast på sterke restriksjonar.  

– På tvers av Usbekistans internasjonale forpliktingar på trusfridom, held lovframlegget fast på at det er forbode å praktisera trus- og livssynsfridom utan løyve frå staten. Det vil framleis vera forbode å driva religionsundervisning utan løyve. Lovframlegget fører vidare førehandssensur på alt materiale om religion og forbyr å dela trua offentleg, skriver nyhendetenesta Forum 18. 

– Det er ikkje stor skilnad på framlegget til ny lov og den noverande lova, seier menneskerettsforsvarar Bahodyr Eliboyev til Forum 18. 

Krav til lågare medlemstal
Lovframlegget reduserer eitt viktig krav: Etter den nye lova må eit trussamfunn ha 50 medlemmer for å kunna søkja registrering. I dag er kravet 100. Det er eit framsteg. Men framleis må dei gjennom ein krevjande registreringsprosess. 

Då FNs spesialrapportfør for trusfridom, Ahmed Shaheed, gjesta Usbekistan i 2017, slo han fast at ulovlege restriksjonar i trusfridommen må fjernast. 

– Staten må ikkje vera redd for å gje full fridom for tru og livssyn, seier menneskerettsforsvarar Abduvohid Yakubov til Forum 18. 

Frustrasjon
Forum 18 fortel at medlemmar av religiøse samfunn og menneskerettsaktivistar har uttrykt frustrasjon over alt hemmeleghaldet som har vore rundt arbeidet med lova, og over mangelen på vilje til å fjerna restriksjonar som bryt med menneskerettane. 

Lovframlegget vart offentleggjort på nettsida til parlamentet 19. august. Det vart oppgitt ei epostadresse som alle kan nytta for å sneda inn kommentarar, men det vart ikkje gjeve nokon frist for ein slik open høyringsrunde. 

Framlegget «søkjer å regulera forholdet mellom statlege organ og religiøse organisasjonar» for å sikra samvitsfridom for alle,  trusfridom for alle uavhengig av religion og «inter-etnisk og interreligiøs harmoni i samfunnet». Slik heiter det i lovframlegget. 

- Berre reklame for staten
Ein muslim seier at forslaget til ny lov berre er reklame for staten.

 

 

 

 

AKTUELT

PROSJEKT