– IS skal ikkje få knekkje oss

– IS skal ikkje få knekkje oss

– Dei vonde kreftene bak bombeangrepa, skal ikkje få setje frykt og hat i oss, seier biskop Thomas etter at minst 44 blei drepne palmesøndag.

President Sisi har erklært tre månaders unntakstilstand etter sjølvmordsbombene mot to koptiske kyrkjer. Han sa at kampen mot IS blir «lang og smertefull». IS tok i ei fråsegn søndag på seg skulda for sjølvmordsbombene og åtvara mot fleire angrep.

«Ei gruppe som høyrer til IS utførte to angrep på kyrkjer i byane Tanta og Alexandria», erklærte IS sitt nyhetsbyrå Amaq.

Bomba i St Markus-katedralen i Alexandria vart utført av ein IS-militant som er blitt identifisert som Abu al-Baraa Al-Masri. Bomba mot St Georg-kyrkja i Tanta mellom Kairo og Alexandria vart utført av Abu Ishaaq Al-Masri, melder Reuters.

I St Georg-kyrkja vart det i mars oppdaga ei bombe, den vart hindra i å eksplodere, melder Middle East Concern.

Biskop Thomas seier til Stefanusalliansen at folk er i djup sorg og at sorga vil prege påska.

– Folk sørgjer, og det er sjølvsagt noko redsel. Men kyrkjene var fulle i går kveld av folk i bøn. Dei vonde kreftene skal ikkje få setje frykt i oss. Vi elskar. Dei vonde kreftene vil setje hat i hjarto våre. Men dei skal ikkje klara det. Vi er i stand til å elska og å tilgje. Vi er sterke i trua på Kristus. Vi veit at angriparane vil svekke oss så vi knekker, men det skal dei ikkje klara, seier biskopen som er Stefanusalliansens partnar i Egypt.

Les også: Slik kan du bidra med støtte og hjelp etter tragedien i Egypt

– IS skal ikkje få knekkje oss

Militært nærvær
President Sisi utplasserte militære styrkar i går for å supplere politiet, og det er større oppbod av politi og tryggingsstyrkar ved kyrkjene.

– Dei kristnes situasjon vart verre under president Muhammed Mursis islamisering av samfunnet, og då han mista makta blei de kristne gjort til syndebukkar, seier Lisa Winther, som er menneskerettsrådgjevar i Stefanusalliansen.

– No har dei kristne fått noko betre vern i grunnloven, men dette blir i liten grad implementert, seier ho.

Fleire angrep
Søndagens bomber er dei siste av ei rekkje angrep mot den kristne minoriteten i landet. St Markus-katedralen i Kairo vart angripen i desember, det angrepet kravde 29 menneskeliv. IS har kaldblodig drepe sju kristne i Nord-Sinai i februar og mars i eit forsøk på å drive den kristne minoriteten derifrå. I ein video som blei offentleggjort i mars, truga IS med fleire angrep på kristne.

Les også: Først spørsmål om tru, så eit skot i hovudet

Til Vårt Land seier Lisa Winther at mykje må gjerast for å betre situasjonen for kristne i Egypt.

«I tillegg til bedre beskyttelse, må de jobbe med lovgivningen og implementeringen av den i politiet, rettsvesenet og byråkratiet. Ikke minst må man komme til bunns med straffefriheten. Skolesystemet må gi de unge en tydeligere forståelse for trosfrihet. Det har vært kultur for å se minoritetenes rom som privilegier, i stedet for grunnleggende rettigheter», seier ho.

Les også: Slik kan du bidra med støtte og hjelp etter tragedien i Egypt

Stor sorg
Preses Helga Haugland Byfuglien i Bispemøtet i Den norske kyrkja seier: «Det er med stor sorg vi på ny har fått meldinger om at kristne søsken i Egypt er rammet på verste måte, denne gangen mens troende var samlet til gudstjeneste. Vi kjenner dyp medfølelse med en kirke som lever under svært krevende forhold og som kjemper for å holde oppe både mot og håp. Vi ber om at myndighetene bestreber seg på å beskytte de kristne og alle andre i Egypt så de kan få leve i trygghet.»

Les heile meldinga frå preses Helga Haugland Byfuglien

Utanriksminister Børge Brende seier: «Jeg fordømmer de grusomme angrepene på koptiske kirker i Egypt, som har rammet uskyldige kirkegjengere. Det er viktig å sikre sterkere beskyttelse av religiøse minoriteter».

Hilser biskop Thomas

Stefanusalliansen har sendt følgende hilsen til bikop Thomas:

«Dear Bishop Thomas,

It is with great sorrow and despair we hear about the gruesome attacks on the churches in Tanta and Alexandria yesterday during the Palm Sunday Celebrations. Our hearts are with you, and we feel the pain and suffering of the whole church and specially the families of the victims. The attack on St Mark Cathedral is an attempt to hurt the whole Coptic church in one of its oldest and most sacred places. We are relieved to learn that Pope Tawadros II was not physically hurt, although we feel the burden on his shoulders as he is leading his church during these violent months. We pray for God's mercy and compassion for the whole of Egypt, for protection and peace for the Coptic church and for strength and wisdom for all leaders. Your message of resilient hope and courage is a great witness to the world. Terrorists must be hindered in turning Egypt into a new extremist battlefield, and we pray that all authorities take upon this duty with commitment and courage.

Our prayers are with you as we enter into the Easter week, living through the days in which Jesus suffered and died. We are blessed to believe that no suffering was unknown to Him, and His presence is with all who are broken down and in despair.

The light shines in the darkness, and the darkness has not overcome it. With the words of John the Evangelist we pray for your diocese, for Anafora and for your strength.

 From Stefanus Alliance, from all our staff, supporters and connected churches, we stand with you!

Hilde Skaar Vollebæk

Assisting gen.sec.»

Verdi for Gud
På sin Facebook-side skriver Eyvind Skeie blant annet:

«Sammen med de egyptiske kristne fastholder vi at hvert menneske må bli sett i kjærlighetens sirkel, skapt i Guds bilde. Kristenheten må ikke, verken i øst eller vest, miste dette grunnleggende perspektivet, men fastholde det desto sterkere når hat vekkes og forfølgelse skjer. Ingen er dermed bare en terrorist, islamist eller attentatperson. Vi har alle vår verdi for Gud.

Nettopp derfor må urett adresseres og kriminelle handlinger bli etterforsket og straffeforfulgt slik en rettsstat gjør. Dette er utfordringen i Egypt og ellers.

Jeg ser for meg mange av mine venner i Egypt, ikke minst de som har tungt lederansvar. La oss stå sammen med dem i bønn i denne påskeuken.

Kyrie eleison.»

I bøn
Den koptisk-ortodokse biskop Angelos i Storbritannia seier:

«I dag lid vi med våre søstre og brør som har opplevd tap i London og Stockholm og med dei som held fram med å lide dagleg i Midtausten. Vi vil be for dei og familiane deira og med dei kjempande og lidande samfunna deira».

(Bilde: St Georg-kyrkjan i Tanta blei ramma av ei sjølvmordsbombe palmesøndag. Foto: Middle East Concern)