Arrestasjonene fortsetter. Nå slås det kreftalarm om fengslet pastor - Stefanusalliansen
Pastor Wang Yi har sittet i fengsel siden 9. desember 2018. Nå kommer det meldinger om at han kan være alvorlig syk.

Pastor Wang Yi har sittet i fengsel siden 9. desember 2018. Nå kommer det meldinger om at han kan være alvorlig syk.  

Kina*   

Midt i omfattande kinesiske politiaksjonar mot uregistrerte kyrkjer i Kina kjem ei ekstra illevarslande melding: Den kjende fengsla pastoren Wang Yi kan ha fått leverkreft.

Den kinesiske diktatoren Xi Jinping har det siste året gitt politiet frie hender i angrepa mot uregistrerte kyrkjer og andre organisasjonar. Desse nektar å leggja seg under kontrollen til kommunistpartiet. Xi Jinping toler ikkje slike forsamlingar.

Xi Jinping starta den første kampanjen mot desse i 2018. Dei to forgjengarane hans som parti- og regjeringssjefar hadde sett mellom fingrane med at store uregistrerte kyrkjer hadde fått etablera seg synleg i store byar. Dei fleste huskyrkjene elles har alltid gått under jorda, vel vitande om at forfølginga ein dag kunne verta trappa opp på nytt.

I 2018 slo Xi Jinping til. I tur og orden vart dei store synlege uregistrerte kyrkjene stengde. I starten av desember 2018 vart Early Rain-kyrkja i Chengdu sørvest i Kina utsett for ein massiv politiaksjon som sende meir enn 100 i varetekt. Det var kroken på døra.

Ni års fengsel
Grunnleggjar og hovudpastor Wang Yi har vore fengsla sidan. I romjula året etter fekk han ein dom på ni års fengsel for «oppmoding til undergraving av statsmakta» og «ulovlege forretningsoperasjonar». For dei som lurer på kva det siste er: Wang Yi hadde samla inn pengar til ei «ulovleg» kyrkje. Fordi han leia ei slik kyrkje og kritiserte brot på menneskerettane, vart han stempla som ein fiende av Xi Jinping-staten.

Kona hans, Jian Rong, som sjølv sat i varetekt nesten eit år, fekk først besøkja ektemannen nesten tre år etter fengslinga.

Det var organisasjonen China Aid som nyleg fekk meldingar frå kjelder i Kina om at helsa til Wang Yi kan vera alvorleg i fare – med langt framskriden leverkreft. Meldingane tyder på at den fengsla pastoren ikkje har fått helsehjelp.

Men fordi det er så strenge restriksjonar rundt Wang Yi, og fordi familien har minimal tilgang til han, har China Aid ikkje fått stadfesta opplysningane frå andre kjelder. Organisasjonen slår likevel alarm og krev at Wang Yi straks får uavhengig medisinsk tilsyn og behandling og at familien får møta den fengsla.

Bør skremma også Noreg
Saka til Wang Yi bør også skremma norske styresmakter. Stefanusalliansen har dei siste åra fleire gonger bede regjeringa ta opp saka til den fengsla pastoren med namnebroren hans, utanriksminister Wang Yi. Så langt har vi ikkje fått svar. No er tida i alle fall inne for å seia frå – for at ikkje samvitsfangen Wang Yi skal døy bortgøymd og gløymd i ei kinesisk fengselscelle

Medan pastor Wang Yi sonar, kanskje alvorleg sjuk, held Kina fram aksjonane mot kyrkja han grunnla. 500 medlemmer møtest der dei kan og når dei kan – gjennom åra har dei vore utsette for fleire razziaer. Seinast i september sat to medlemmer ti dagar i varetekt for «ulovleg misjonering». Dei fekk bøter.

Frå fleire provinsar kjem det ein straum av rapportar om andre politiaksjonar mot organisasjonar og kyrkjer.

Overraskande fri
I juli kom det ei svært gledeleg melding frå Kina. Ein annan verdskjend pastor i ei uregistrert kyrkje, Ezra Jin, vart overraskande sett fri frå varetekt etter 266 dagar i ei overfylt fengselscelle. Kyrkja hans, Zion i Beijing, vart stengd i september 2018. Men medlemmene har møttest i mindre fellesskap i kring 40 byar.

I oktober i fjor slo politiet til mot Zion-fellesskap i fleire byar i den største aksjonen mot ei uregistrert kyrkje på årevis. Nær 30 vart bura inne, mellom andre Ezra Jin.

Då USAs president Donald Trump gjesta Beijing i mai, tok han opp saka til Ezra Jin med Xi Jinping. Som ein gest sette Xi Jinping pastor Ezra Jin fri. 4. juli kom pastoren til USA og fekk møta att resten av familien. Dei reiste frå Kina då det for alvor stramma seg til, medan Ezra Jin vart verande i Kina for å leia ei forfølgd kyrkje.

I eit intervju eg nyleg hadde med Ezra Jin og dottera Grace Drexel, var dei begge svært glade for at han var sett fri. Men Ezra Jin var klar: Han har aldri godteke at kommunistpartiet, som har som mål å ha full kontroll over heile samfunnet, skal styra kyrkjer.

Han var djupt uroleg fordi politiaksjonane har halde fram mot andre kyrkjer også etter at han vart sett fri. Ezra Jin sa også at han aldri vil kvila før dei åtte som framleis sit fengsla etter politiaksjonen mot Zion-kyrkja for vel eitt år sidan, også er sette fri.

Risikerer mange år i fengsel

Dei åtte er tiltalte for «svindel» og «ulovleg forretningsverksemd» – altså at dei har samla inn pengar til arbeid i ei «ulovleg» kyrkje og selt digitale kurs om kristendom på internett. Dei åtte er bura inn i overfylte varetektsceller og risikerer lange fengselsstraffer. Ezra Jin vart sjølv skulda for «ulovleg bruk av internett». Han hadde halde preiker på Zoom etter at Beijing-kyrkja vart stengd.

Dette er kvardagen for kyrkjefolk som vil møtast i fred, dyrka fellesskap med Gud og kvarandre og hjelpa fattige. Men fordi dei vil lyda Gud og ikkje Partiet, trugar Xi Jinping dei med bøter og fengsel. Kinesiske kristne har alltid vore førebudde på at dei må lida for trua under kommunistregimet. Det tyder ikkje at vi skal sitja stille og tenkja at den prisen får dei berre betala.

Difor må vi slå alarm.