Appell for kristne fanger og muslimsk uigur.
Pastor etter 266 dagar i trang celle: ‘Bøner varma i fengselet’
Ezra Jin som sjølv blei sett fri, ber om fridom for andre fengsla kristne i Kina - også for åtte frå hans eige undergrunnskyrkje.
Frigjeven kinesisk pastor utfordrar norske kristne til å be for kristne som risikerer lange fengselsstraffer i Kina – og kjempa for at dei skal verta sette fri.
– Medan eg sat i fengsel varma det verkeleg hjarta mitt å høyra at kristne på den andre sida av jorda bad for meg og kjempa for at eg skulle bli fri, seier den kinesiske pastoren Ezra Jin i eit intervju med Magasinet Stefanus.
I 266 dagar sat pastor Ezra Jin innesperra i ei trong celle i eit varetektsfengsel etter ein storaksjon mot den uregistrerte Zion-kyrkja i fleire byar i oktober i fjor. 29 vart internerte. Zion-kyrkja er ei av dei mest kjende uregistrerte kyrkjene, huskyrkjene, i Kina.
Den 3. juli vart Ezra Jin henta frå varetektscella og sett inn i ein bil. Han trudde at han skulle stillast for retten. Pastoren som grunnla Zion-kyrkja i 2007, var budd på å bli verande i fengsel i minst ti år.
I staden vart han overraskande sett fri og send til USA etter ein politisk avtale mellom presidentane Donald Trump og Xi Jinping. I Los Angeles vart han teken imot av kona, barna og barnebarna. Familien flytta til USA då det stramma seg til i Kina.
– Vi takkar Gud for mirakelet at far vart sett fri, seier dottera Grace til Magasinet Stefanus.
Vi takkar Gud for mirakelet at far vart sett fri
Grace Drexel
Partiet vil ha full kontroll
Magasinet Stefanus møter far og dotter i eit videointervju. I eit naborom der Grace og Ezra sit, søv vesle Ezra som no er tre månader – det yngste barnebarnet til pastor Ezra vart fødd 4. juni.
Grace har budd fast i USA sidan 2020. Ho er gift og har i dag tre born. Vesle Ezra låg i mors mage då bestefaren vart arrestert. Gjennom nesten hele svangerskapet kjempa Grace for at far Ezra Jin skulle bli sett fri.
Pastor Ezra Jin starta den uregistrerte Zion-kyrkja i Beijing i 2007. I september 2018 stengde regimet hovudbygget til kyrkja. Dei hadde nekta å setja opp overvakingskamera som ville avslørt for kommunistregimet kven som gjekk til gudsteneste. Zion-kyrkja nekta også å verta ein del av den registrerte Tre sjølv-kyrkja.
Stempla som ulovlege
Fleire andre store uregistrerte kyrkjer vart stengde i 2018 og åra etterpå, dei vart stempla som ulovlege. Berre registrerte kyrkjer og registrerte prestar har lov til å opptre.
Lov for lov og paragraf for paragraf er jernskruen skrudd til for å sikra at kommunistpartiet har full kontroll over heile samfunnet, også over all religion.
I 2021 vart til dømes religiøs undervisning og formidling på nettet utan godkjenning forbode. Så, i september i fjor, vart det innført eit omfattande nytt regelverk som stramma ytterlegare til. Prestar og pastorar fekk forbod mot å strøyma gudstenester direkte, leggja ut preiker på videoplattformer, driva bønegrupper på appen WeChat, tilby religiøs nettundervisning til unge eller samla inn pengar digitalt til religiøse føremål.
Pastor Ezra Jon vart i USA teken imot av dottera Grace Drexel og andre i familien.
Stor politiaksjon
Berre ein månad etterpå vart pastor Ezra Jin og 28 andre i Zion-fellesskap i fleire kinesiske byar arresterte. Det var den største politiaksjonen mot ei uregistrert kyrkje på mange år. Zion-kyrkja har grupper i kring 40 byar.
– Vi visste at noko kunne skje, fortel pastor Ezra Jin. Dei hadde vore aukande politiinteresse.
Frå USA følgde Grace dramaet då politiet slo til. Den 9. oktober i fjor vart Zion-pastor Wang Lin arrestert i Shenzhen i sør. Zion-kyrkja sende ut bønebrev, fortalde kva som hadde hendt og bad om forbøn for den arresterte.
– Då eg vakna 10. oktober, såg eg bønebrevet som far hadde sendt til meg midt på natta. Det var det siste eg høyrde frå han. Då mor fortalde at heller ikkje ho fekk kontakt, forstod vi at også far måtte vera arrestert, seier Grace Drexel.
Braut seg inn
Ho samla informasjon frå augevitne: Svermar av tenestemenn hadde med makt teke seg inn i heimane til Zion-folk og ransaka dei. Dei hadde kroppsvisitert tilfeldige forbipasserande og arrestert menneske utan forklaring.
I eitt tilfelle braut politiet inn døra til ein pastor i Beijing og arresterte henne framfor augo på den tre og eit halvt år gamle dottera hennar. I alt vart 29 internerte.
Pastorane Ezra Jin og Wang Lin vart sikta for «ulovleg bruk av informasjonsnettverk». Dei hadde ikkje oppmoda til vald eller opprør. Nei, dei vart arresterte for å ha halde digitale gudstenester, slik dei hadde gjort sidan kyrkja blei stengt. Å preika utan løyve er eit alvorleg brotsverk i Kina.
Men pastor Ezra Jin har aldri godteke at kommunistpartiet skal styra ei kyrkje.
«Då eg starta Zion-kyrkja i 2007, var målet mitt enkelt: å dela Guds grenselause kjærleik med menneska rundt meg. Som eg skreiv frå fengselet: ‘Vi motset oss ikkje dialog med styresmaktene, og vi konfronterer dei heller ikkje, men legg i staden vekt på lydnad mot dei som har makt’. Samtidig held vi fast ved trua vår og anerkjenner Jesus Kristus som det einaste overhovudet for kyrkja», skreiv han i Wall Street Journal etter at han kom til USA.
Kristne kan ikkje kjenna nokon grenser når dei bed for forfølgde i den verdsvide kristne familien sin
Ezra Jin
«Kristne elskar landet»
Ezra Jin seier at titals millionar menneske som møtest i uregistrerte kyrkjer, «elskar landet sitt. Dei ønskjer berre å tilbe Gud fredeleg i samsvar med Bibelen og å tena andre, særleg fattige, funksjonshemma og eldre.»
Zion-kyrkja var, påpeikar han, rykte tidleg ut etter jordskjelvet i Sichuan i 2008. Kyrkja har dessutan arrangert aksjonar for å få folk til å donera blod i Beijing.
Regimet i Kina har halde fram arrestasjonar av leiarar i andre uregistrerte kyrkjer etter at Ezra Jin vart sett fri. Pastoren utfordrar styresmakter i ulike land til å ta sakene opp med Kina.
Fleire av dei varetektsfengsla frå Zion-kyrkja er sette fri mot kausjon. Men åtte risikerer mange års fengsel for «ulovleg forretningsverksemd» og «svindel». Dei har samla inn pengar og selt kristendomskurs på internett til ei kyrkje som regimet stemplar som «ulovleg organisasjon».
«Desse mennene og kvinnene er nokre av dei mest omsorgsfulle menneska eg har møtt. Dei blir haldne innestengde i tronge celler. Dei søv på matter på golvet i trykkjande varme. Mange måtte forlata unge familiar. Eg kjem ikkje til å kvila før dei er sette fri,» skriv Ezra Jin i The Free Press.
– Be for dei, og stå opp for dei åtte slik at dei vert sette fri. Det seier Ezra Jin med adresse til Stefanusalliansens vener.
Ezra Jin og Grace Drexel møtte Ed Brown i Stefanusalliansen under ein konferanse om trusfridom i Dallas i USA i september 2026. Foto: Global Religious Freedom Gathering
Kristen søskenkjærleik
Pastoren seier at kristne har eit særskilt ansvar for å be for forfølgde kristne.
– Kristne kan ikkje kjenna nokon grenser når dei bed for forfølgde i den verdsvide kristne familien sin. Kristne må vera tydelege. Dersom vi berre snakkar generelt om menneskerettar, blir det for abstrakt, seier Ezra Jin.
Kristne i vest må ikkje vera sjenerte når dei står opp for rettane til forfølgde kristne søsken
Grace Drexel
Dottera Grace følgjer opp:
– Vi bad for far då han sat i fengsel. Men som dotter kunne eg ikkje nøya meg med å be. Eg måtte snakka med alle som ville snakka med meg om å korleis vi kunne få far fri. Dette kom frå hjarta til ei dotter. Det må også liggja på hjarta til kristne i vest.
«Politisk korrekt»
Ho legg til:
– Blant politikarar i USA og Europa har eg merka at det ikkje er «kult» å snakka om forfølgde kristne. For å væra politisk korrekte snakkar dei heller om og vedtek lover for å verna andre forfølgde minoritetar. Men vi kristne er også ein forfølgd minoritet i Kina, seier Grace Drexel og legg till:
– Når vi hjelper forfølgde kristne i Kina, hjelper vi også folket i Tibet og uigurane. Kristne i Kina skal ikkje ha særlege rettar, fordi menneskeverdet og menneskerettane er for alle. Men historia vår skal ikkje setjast til side fordi vi er kristne, seier Grace Drexel.
Grace Drexel avsluttar:
– Kristne i Noreg og andre kristne i vest må ikkje vera sjenerte når de bed for og står opp for forfølgde kristne søsken i andre land. Det er familien dykkar de bed for og kjempar for.
Først publisert i Magasinet Stefanus 6-2026