Når ei preike gjer ein fredeleg kinesisk pastor til kriminell - Stefanusalliansen

 

Kina*   

Gudstenester i private heimar og preiker på internett utan løyve frå kommunistpartiet er i Kina blitt kriminelle handlingar med lange fengselsstraffer. 

Tidleg i juli 2026 vart pastor Ezra Jin sett fri av kinesiske styresmakter og send til USA. Det skjedde etter ein politisk avtale mellom Donald Trump og Xi Jinping. Ezra Jin risikerte mange år i kinesisk fengsel etter at han vart arrestert i oktober i fjor. Pastor Jin er grunnleggjar av Zion-kyrkja i Beijing, ei av dei mest kjende uregistrerte kyrkjene i Kina.

Han vart arrestert i ein storaksjon mot Zion-fellesskap i fleire byar. Zion-fellesskapet har vore spreidd i mindre grupper etter at regimet stengde hovudbygget i Beijing i september 2018 og forbaud kyrkja. 

Pastor Jin vart ved arrestasjonen sikta for «ulovleg bruk av informasjonsnettverk». Han vart ikkje arrestert for å ha organisert ei politisk rørsle eller for å spreidd hat og oppmoda til vald. Nei, han vart arrestert for å halde gudstenester på Zoom. Det hadde han gjort sidan kyrkja vart stengd av regimet i 2018, fordi kyrkja nekta å setja opp overvakingskamera i rommet der dei hadde gudstenester.

Vi har skrive mykje om riving av kyrkjer og arresterte kinesiske prestar og pastorar og om sinifisering av religion som skal tilpassa den til krav frå kinesisk kultur – det vil seia krav kommunistpartiet. 

Men parallelt er lover og reguleringar systematisk vorte innførte for å gå endå djupare for å redefinera kva kristendommen får lov til å vera, skriv Julie Yu-Wen Chen, professor i kinesiske studiar ved universitetet i Helsinki i China Source. Der skriv om om korleis lover redefinerer kristendommen. Og merk: I Kina set lover ingen grenser for makta til kommunistpartiet.

Tre mønster i reguleringane er særleg viktige for å forstå livet for kyrkja, skriv Chen.

Kyrkjer skal likna partikontor 

I 2019 kom administrative tiltak for religiøse organisasjonar. Organisasjonane må ha  styringsstrukturar som ligg tett opp til  kommunistpartiet sine eigne: valde leiarar, faste funksjonsperiodar, klart definerte rapporteringsliner og interne ordningar for «belønning og straff». Religiøse grupper må jamleg spreia partipolitikk blant medlemmene. 

Det indre livet i kyrkja blir, påpeikar Chen, i aukande grad forma av statleg organisasjonslogikk heller enn av teologisk overtyding eller dømekrafta i kyrkja sjølv. 

Overvakings-register 

I 2021 kom administrative tiltak for presteskap. Styresmaktene har oppretta og oppdaterer personlege mapper for alle registrerte religiøse arbeidarar. Her blir det oppført ikkje berre kvalifikasjonar, men òg utmerkingar, straffereaksjonar og mistanke om feilsteg. Mappene følgjer pastoren heile yrkeslivet og blir brukte til å vurdera kor «påliteleg» vedkomande er. 

I 2024 vart systemet utvida med ein offentleg nettbasert database over registrerte religiøse leiarar. 

Logikken er den same som i det sosiale kredittsystemet i Kina: Åtferd blir overvaka og registrert. Ein pastor som forkynner noko styresmaktene meiner ikkje er i samsvar med krava, risikerer refs, men òg å mista autorisasjonen.  

– Kriteria blir medvite haldne uklare, det aukar den avskrekkande effekten, skriv Chen. 

Forbyr kristen aktivitet på nettet 

Alt i forskrifter frå 2021 vart religiøs undervisning og formidling på nettet utan godkjenning forbode. 

Så, i september i fjor, vart det innført eit omfattande nytt regelverk. Prestar fekk forbod mot å strøyma gudstenester direkte, leggja ut preiker på videoplattformer, driva bønegrupper på WeChat, tilby religiøs nettundervisning til unge eller samla inn pengar digitalt til religiøse føremål. 

Berre ein månad etterpå vart pastor Jin og kring 30 andre i Zion arresterte, med ransaking av heimar. Åtte Zion-leiarar vert snart stilte for retten. No er skuldingane endra til«ulovleg forretningsverksemd» og «svindel». Årsaka er ikkje svindel eller bedrageri, slik vi forstår slike ord. Dei har samla inn pengar til kyrkja – ein «ulovleg organisasjon», ifølgje det kinesiske kommuniststyret.

Omformar religion 
I artikkeen om korleis lover definerer kyrkja, skriv Chen: – Det handlar ikkje berre om kontroll av religion. Reguleringane omformar religion til noko anna. 

Dette er systemet slik ho summerer det opp: Ein registrert pastor må stadfesta leiarskapet til kommunistpartiet og sosialistiske verdiar for å vera kvalifisert som pastor. Læreutleggingar må vere «sunne, siviliserte og moderne», slik staten definerer det. Religiøse skular må gje undervisning i «Xi Jinpings tankar», patriotisme og kinesisk kultur. 

Strukturelt og juridisk svarar ikkje kyrkja lenger til Gud eller Skrifta, men til Partiet. – Staten treng ikkje forby kristendommen direkte. Det held å sikra at alt kyrkja gjer, lærer og organiserer, må godkjennast av Partiet, skriv professor Chen. 

Kriminell handling 
I dei registrerte kyrkjene vil vi framleis finna menneske som finn rom for å vera frie og ikkje partistyrte. Men rommet vert trongare. 

Pastor Jin og Zion nekta registrering. Pastoren ville ikkje vera med i dette systemet. Åtte år etter at kyrkjebygget vart stengd fordi kyrkja nekta å setja opp kamera og innordna seg, vart gudstenester på nettet kriminelle handlingar. 

Chen skriv at ein pastor som nektar registrering, ein kyrkjelyd som møtest i eit privat heim eller ei kyrkje som nektar å installere statlege kamera (slik Zion gjorde i 2018), seier nei til den juridiske omforminga av kyrkja. Denne har skjedd paragraf for paragraf, forskrift for forskrift, gjennom fleire år. 

Professor Chen skriv: – Dei som ønskjer å gå saman med kyrkja i Kina, må forstå ikkje berre lidinga ho opplever, men òg strukturen som skaper lidinga. Buret er ikkje alltid laga av jernstenger. Nokre gonger er det bygd av paragrafar, føresegner og databasar, konstruert med stor omhug.