Ayatolla-styret er blitt redd for jula - Stefanusalliansen
Juledekorasjonar er blitt kulturelt meir populære i Iran, langt utover dei anerkjende kristne minoritetane.

Juledekorasjonar er blitt kulturelt meir populære i Iran, langt utover dei anerkjende kristne minoritetane.  

Iran   

Ayatolla-regimet fryktar at julepynt og juletradisjonar skal svekkja det islamske grepet om samfunnet. Eit direktiv som skal ha leke ut frå ei etterretningsteneste, nemner ein serie tiltak som ulike etatar blir bedne om å setja i verk. Det melder organisasjonen Article 18.

Ayatollastyret i Iran har i mange år brukt julehøgtida til å skryta av «den religiøse toleransen» i landet. Regimet har vist fram julepynta kyrkjer. Iranske politikarar har helsa «kristne landsmenn». Det er blitt publisert videoar av den tidlegare øvste leiaren på julebesøk hjå medlemmer av dei offisielt anerkjende etnisk-kristne minoritetane: den assyriske folkegruppa og den armenske folkegruppa.

Kyrkjene i Iran kan berre brukast av kristne frå desse to folkegruppene. Desse er anerkjende kristne minoritetar, så lenge dei held seg til sine etniske språk, held trua innanfor kyrkjeveggene og ikkje fortel om trua til muslimar.

Skryt og arrestasjonar
Skrytet har stått i skarp kontrast til bølgjer av arrestasjonar av kristne i undergrunnskyrkjene nettopp i juletida. Kristne konvertittar har ingen andre stader å samlast enn i hemmelege huskyrkjer fordi kyrkjebygga er stengde for dei.

Huskyrkjene blir i sin tur stempla som noko farleg, som ulovlege organisasjonar som spreier «sionistisk kristendom» og undergrev den islamske republikken.

Julehøgtida er blitt brukt til arrestasjonar fordi det er lettare å spora opp huskyrkjer når mange menneske samlast. Mange huskyrkjer unngår difor større samlingar i juledagane og tek feiringa anten ti dagar før jul eller ti dagar etterpå. Det fortel pastor Robert Aserian som i 2013 reiste frå Iran etter at hans armenske kyrkje i Teheran var blitt stengd for ho tok imot konvertittar. Han følgjer i dag opp iranske kristne gjennom Pars School of Theology and Leadership, som er støtta av Stefanusalliansen.

I gater og på hotell i store byar har det i juletida i mange år dukka opp store juledekorasjonar og juletre. Kyrkjer er pynta. Videoar frå ei stor handlegate i den armenske delen av Teheran viser at mange kjøper juletre og juledekorasjonar. Det synest dei siste åra som om både jul og halloween har fått større nedslag.

Robert Aserian og kona forlet Iran straks han var ute av fengsel i 2013. Foto: Johannes Morken

 

Tungt alvor – treng lys
Robert Aserian fortel Stefanusalliansen at sidan sjiamuslimske høgtidsdagar er prega av tungt alvor, ønskjer mange å ta opp tradisjonar som spreier meir lys og glede.

Dette ser no ut til å ha fått eit omfang som uroar ayatollastyret. Dei to siste åra har jule- og nyttårsfeiringa i ei av dei mest kjende kyrkjene i Iran, Vank-katedralen i byen Isfahan vest i landet, blitt avlyst av uklart opplyste grunnar.

I november blei eit direktiv som skal ha leke ut frå ei etterretningsteneste, spreidd av ein iransk aktivist på mikrobloggen X. Organisasjonen Article 18, som Stefanusalliansen støttar, har sett ein førstehandskopi av direktivet. Dokumentet fortel om tiltak som politi og andre offentlege etatar skal gjennomføra for å «verna islamske trusførestillingar».

Eitt av tiltaka er å be ordførarar slutta å delta i kyrkjer i juletida, det har tidlegare vore ein gest. Eit anna tiltak er å hindra julefeiringar på skular og turar til kyrkjer og andre stader som høyrer til dei armenske og assyriske folkegruppene.

Nettsal av kristne gjenstandar skal stoggast. Og politiet skal hindra hotell i å setja opp juletre og annan julepynt.

No må alle passa på!
- Juletradisjonar er eit avvik som krev at alle passar på, og avviket må møtast med både positive og restriktive tiltak, ifølgje direktivet som er datert 2. november.

Dokumentet er ikkje sikkert verifisert. Men språket i direktivet liknar på mange andre tilsvarande dokument som Article18 gjennom åra har sett, inkludert dokument som er brukte i rettssaker mot kristne frå undergrunnskyrkjene.

Eit døme er omtalen av huskyrkjene som «celler av sionistisk kristendom», eller påstanden om at den sokalla «krossfarar-sionistiske kristne rørsla» har forsøkt å «utnytta» julehøgtida for å svekkja «trua i det islamske samfunnet».

Ulike avdelingar i iranske provinsar har fått direktivet tilsendt, ifølgje lekkasjen. Det er avdelingar med ansvar for velferd, utdanning, kulturminne og posttenester. Desse får plikt til «størst mogleg vern av islamske trusførestellingar» som «utgjer den viktigaste søyla i opprettinga av ein islamsk stat», som det heiter.

Det nye direktivet viser at julehøgtida er i ferd med å verta oppfatta som ein trussel. I 2024 åtvara ei nettside knytt til eit innflytelsesrikt sjia-seminar i den heilage byen Qom om at den aukande «tiltrekkinga mot vestlege skikkar», inkludert julefeiring, var del av den «kulturelle invasjonen vi er blitt offer for».

Julefeiring i frykt og glede
Jul er altså ei tid då kristne frå huskyrkjene står i større fare for å bli arresterte, fordi tryggingsstyrkane veit at kristne gjerne samlast i større grupper i heimane sine.

– Vi feira mesteparten av nyttårs- og juledagane i frykt og uro, fortalde pastor Farhad Sabokrooh, det skriv Article 18. Han vart arrestert under ei julesamling i 2011. I dag er han og kona ikkje lenger i Iran.

Amid og Sana vart arresterte i 2015. Foto: Article 18

«Feira Muhammeds fødsel»
Kristne symbol, inkludert juletre, vert konfiskerte under arrestasjonar. Eit døme er saka mot Amid Fathi og Sanaz Karami i 2015. I vitneforklaringa si fortalde dei at ein av agentane som deltok i arrestasjonen sa:

«No vil vi gje dykk ein leksjon slik at frå no av kan feira fødselen til profeten Muhammed», siterer Article 18.

Det står att å sjå om julehøgtida i år blir ei ny høgtid for arrestasjonar av konvertittar og om regimet slår ned på den kulturelle feiringa av jul.

Prosjekt