Nicodemus Daoud leier kyrkja si på flukt frå Mosul, i byen Erbil i dei kurdiske områda i Nord-Irak.

Nicodemus Daoud leier kyrkja si på flukt frå Mosul, i byen Erbil i dei kurdiske områda i Nord-Irak.  


I den store byen Mosul i Irak har det ikkje vore feira påske sidan IS-overtok byen i juni 2014. Då dei svartkledde IS-krigarane kom, flykta den irakiske hæren, og folket – både muslimar, kristne og andre – vart overlete til seg sjølv i møte med ekstremistgruppa.

I fjor vart Mosul frigjort frå IS. Men svært få kristne har vendt tilbake. I jula blei det arrangert gudsteneste i ei katolsk kyrkje, men det var markering der dei aller fleste var tilreisande. Ingen familiar som høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkja, har vendt tilbake til Mosul.

Mange av dei kristne som framleis bur i Irak, har søkt tilflukt i dei sjølvstyrte kurdiske områda nokre mil unna Mosul – i og rundt byar som hovudstaden Erbil og i Karakosh og Dohok. Der skal dei skal feira oppstandelsen og be om ei framtid i landet.

– Be for oss, også no i påsken. Be om at vi framleis har ei framtid her i landet, for det er her i vårt eige land vi vi vil leva. Be om at europeiske land vil hjelpa oss til å ha ei framtid her i Irak. Dette er landet vårt, seier den syrisk-ortodokse biskopen Nicodemus Daoud når vi spør korleis påskefeiringa blir i år. Den ortodokse påsken er i år ei veke etter vår.

Erkebiskopen flykta saman med prestane sine frå Mosul då alle medlemmar av hans eiga kyrkje hadde kome seg trygt unna IS-terroren sommaren 2014. I snart fire år har han leia kyrkja si frå Erbil. Nicodemus Daoud har vore i Noreg som gjest hos Stefanusalliansen.

I denne videoen kan de møte Nicodemus Daoud i påskefeiring i 2015.

Be også for kristne i land der påsken dei siste åra har vore ei høgtid med terrorangrep.

​• Pakistan: To kyrkjer i Lahore i Pakistan blei angripne like før påsken 2015. Begge angriparane vart drepne før dei kom seg inn i kyrkjene, men 22 uskuldige blei drepne. Påskedag 2016 slo ein sjølvmordsbombar til i ein av dei største parkane i Lahore. Angrepet var retta mot kristne, men mange muslimar vart også drepne.

• Egypt: To kyrkjer blei angripne palmesundag i fjor. 49 blei drepne.

• Det var ein serie angrep påskenatt i Nigeria, der angrepa på kristne berre er blitt trappa opp etterpå.

Fleire kyrkjer i India vart angripne i påsken 2017 i året som Den evangeliske alliansen har kalla eit «traumatisk år»-