Asia Bibi er mor til fem og har vore dødsdømt i åtte år.

Asia Bibi er mor til fem og har vore dødsdømt i åtte år.  


Høgsteretten i Pakistan har utnemnt eit dommarpanel på tre som skal ta stilling til appellen frå Asia Bibi. Høyringa i høgsterett skal skje måndag, melder United News of India.

Dommarpanelet blir leia av sjefen for høgsterett, Mian Saqib Nisar med dommarane Asif Saeed Khosa og Mazhar Alam Khan Miankhel, melder avisa.

Så sant det ikkje skjer endringar i siste liten, kan ankesaka endeleg kom opp etter lang ventetid. Men med all ventinga er støttespelarane budde på at det kan bli ny utsetjing.

– Det er gledeleg at Pakistans høgsterett ser ut til å ta opp ankesaka. Vi håpar landets høgste domstol gjer det rette og frikjenner den uskuldige kvinna. Vi ber så pakistanske styresmakter skaffa vern til henne og familien etter at ho er sett fri, seier Ed Brown.

Stefanusalliansens partner i Pakistan, Human Friends Organization, støttar og hjelper Asia Bibi. Leiar Sajid Christopher Paul håpar at ho vert sett fri.

– I pakistansk historie er inga kvinne hengd. Vi reknar difor med at dødsdommen vert omgjort og at ho anten vert frikjent og sett fri, eller at ho får livstidsfengsel, sier han til Stefanusalliansen.

Dødsdommen mot Asia Bibi har skapt protestar verda over. I 2011 vart eks-guvernør Salman Taseer i Punjab skoten ned i fullt dagslys i Islamabad. Han hadde forsvart Asia Bibi. Drapsmannen Mumtaz Qadri vart dødsdømt for mord og avretta i 2016.

Den pakistanske minoritetsministeren Shahbaz Bhatti blei drepen i mars 2011 for sin motstand mot den pakistanske blasfemilovgjevinga. Han kjempa for å få oppheva dødsdommen mot Asia Bibi.

Eit glas vatn
Asia Bibi vart skulda for blasfemi etter ein diskusjon med muslimske kvinner om eit glas vatn. Ho vart dømd til døden i 2010.

Søndag 14. juni 2009 stod Asia Bibi tidleg opp for å plukka bær. På  ein solvarm dag gjekk ho til ei brønn for å kjøla seg ned med eit glas vatn. Ho tilbaud ei kvinne å drikka av glaset med vatn. Då ropte ei anna kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram.»

Asia Bibi var den einaste kristne blant dei, og nokre av dei muslimske kvinnene meinte at vatnet var blitt ureint av at ho drakk. Asia Bibi vart skulda for å skitna til drikkevasskjelda. For ein gongs skuld tok Asia Bibi, som var van til skjellsord, til motmæle mot slike skuldingar.

Ho vart skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed. Asia Bibi blei sint og avviste dette. Ho fekk høyra at ho måtte konvertera til islam, men det nekta Asia Bibi. Det vart krangel, og Asia Bibi blei hetsa og jaga vekk.

Fem dagar seinare våga Asia Bibi seg ut på jordet igjen saman med ei veninne. Dei hadde med eigne flasker med vatn. Etter nokre timar dukka mobben opp. Ho overlevde angrepet som følgde, men vart kasta i fengsel 19. juni 2009. 8. november 2010 blei Asia Bibi dømt til døden.

«Jeg var tørst»

I ein tekst smugla ut frå fengselet skreiv ho:

«Jeg, Asia Bibi, er blitt dømt til døden fordi jeg var tørst. Jeg holdes fanget fordi jeg brukte samme kopp som de muslimske kvinnene, fordi vann servert av en kristen kvinne ble regnet som urent av mine dumme medarbeidere. Kjære Gud, jeg forstår ikke!»

Forsvarar lov
Imran Khan som vann valet I Pakistan i sommar, forsvarte blasfemilova i valkampen, men uttalte i 2010 at dødsdommen mot Asia Bibi var feil.

Stefanusalliansen har sendt appell for henne. I fjor haust sende Stefanusalliansens appellvener kilovis med oppmuntringsbrev til Asia Bibi.

I januar kravde EU at Asia Bibi blir frikjent og sett fri. Men EU uttrykte frykt for at ekstremistiske krefter pressar domstolar til ikkje å frikjenna uskuldige blasfemioffer.

Stefanusalliansens partner i Pakistan, Human Friends Organization, har heile tida hjelpt Asia Bibi. I mars i år blei ein annan dødsdømt frikjent og sett fri, og Sajid Christopher Paul uttalte at dette skapte håp for Asia Bibi.

Asia Bibis dotter Isham har trygla om hjelp til å få mora sett fri. Under kan du sjå videointervju med henne.
 

 

Støtt kampen for Pakistans blasfemiofre

Human Friends Organizaton, Stefanusalliansens partner, hjelper ofre for blasfemilovgivningen

Gi en gave

AKTUELT

Abid Raja står opp for Asia Bibi og mot blasfemilova i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri, skriv Johannes Morken.

Blasfemilov og ekstremistisk hat

Norsk-pakistanske Qasim Ali tok i haust til orde for å forby karikaturar av profeten Muhammed. Han påsto at dette vil hindra radikalisering. Det er med respekt å melda tøv.

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT