Anjum Naz Sandhu er frikjent i retten.  Sajid Christopher Paul fra Human Friends Organization og Sandhus kone Romila gleder seg.

Anjum Naz Sandhu er frikjent i retten. Sajid Christopher Paul fra Human Friends Organization og Sandhus kone Romila gleder seg.  


– Dette er gledeleg nytt. Vår advokat klarte å få han fri. Eg trur det gir håp også for Asia Bibi som har vore dødsdømd sidan 2010, seier Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization (HFO).

HFO er Stefanusalliansens partnar i Pakistan og skaffa og betalte advokat til Sandhu. Organisasjonen har også sytt for humanitær hjelp til familien hans.

– Vi er glad for at Sandhu er frikjent. Vi er takknemlege for innsatsen HFO gjer, arbeidet er viktig, men risikabelt. Denne saka viser at det nyttar å stå opp for enkeltmenneske som er offer for blasfemilovgjevinga i Pakistan, seier konstituert generalsekretær Hilde Skaar Vollebæk i Stefanusalliansen.

På hemmeleg adresse
Sandhu vert sett fri denne veka og HFO skal skaffa han eit sikkert hus der han og familien kan bu

– Dei må bu i eit sikkert hus på hemmeleg adresse dei første månadane, så får vi sjå korleis det går, seier Said Christopher Paul.

Menneske som vert frikjende for blasfemi, vert ofte truga på livet av ekstremistar.

Respektert
Sandhu er ein kristen. Han var 60 år då han 27. juni i 2016 blei dømt til døden for blasfemi. Han hadde søkt politivern mot utpressing – han vart truga til å betala mot å få vern. I staden vart han fengsla og seinare dødsdømd for blasfemi. Han vart også dømt til å betala ei stor bot.

Sandhu har ein æresdoktorgrad i kjemi og mastergrad i engelsk litteratur. Han dreiv fleire avdelingar av ein vitskapsskule i byen Gujranwala saman med to andre partnarar, melde avisa The Friday Times. Avisa skreiv i 2016 at han var ein høgt respektert skuleleiar. Han hadde då undervist i 30 år og hadde 3000 studentar då han vart arrestert.

– Mange leiande dommarar, offentlege tenestemenn, offiserar, legar og ingeniørar har vore hans studentar, uttalte ein menneskerettsaktivist.

Juridisk og humanitær støtte har han altså fått frå HFO som Stefanusalliansen har hatt som partner sidan 2014.

Ventar
Det mest kjende offeret for Pakistans blasfemilovgjeving er den kristne fembarnsmora Asia Bibi. Ho har vore dødsdømd sidan 2010 og sete fengsla sidan 2009.

Ho vert også støtta juridisk og på andre måtar av HFO. Advokaten hennar har anka saka til høgsterett, men høyringa i retten er utsett fleire gonger. I vinter kravde EU at ho blir sett fri som eit vilkår for at Pakistan får halda fram som privilegert handelspartnar.

EU fryktar at retten ikkje vil ta i saka, for å blidgjera «politiske krefter» i Pakistan, ikkje minst etter opptøyar i Islamabad i november der ekstremistane tvang justisministeren til å gå av.

Men Sajid Christopher Paul ser håp etter at Sandhu blei frikjent denne veka.

– Denne frikjenninga er viktig og gledeleg, og eg trur det er håp for Asia Bibi også, seier Sajid Christopher Paul.

Stefanusalliansen har kjempa for Asia Bibi i fleire år, og sende oppmuntringsbrev frå appellvennene i september.

16-åring i fengsel
Human Friends Organiation arbeider for fleire andre som er fengsla for blasfemi. 16 år gamle Nabeel Masih som blie fengsla i september, ventar enno på å få saka opp i retten. Advokaten som er engasjert av HFO, arbeider med saka hans. I febnruar blei 17-år gamle Patras Masih fengsla. Han sit framleis i fengsel, advokaten til HFO arbeider med saka.

 

AKTUELT

Abid Raja står opp for Asia Bibi og mot blasfemilova i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri, skriv Johannes Morken.

Blasfemilov og ekstremistisk hat

Norsk-pakistanske Qasim Ali tok i haust til orde for å forby karikaturar av profeten Muhammed. Han påsto at dette vil hindra radikalisering. Det er med respekt å melda tøv.

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT