Sonia og familien har flyttet til en annen by fordi de var truet hjemme.
Dødsdømt i fire år – får Asif behandling for hjartesjukdom?
Advokat og kone ber fengselet la sjuk, dødsdømt kristen firebarnsfar få koma på sjukehus.
For fire år sidan blei den kristne firebarnsfaren Asif Pervaiz dømt til døden for påstått blasfemi i Pakistan. No treng han sjukehusbehandling for hjarteproblem. Får han det?
Asif Pervaiz vart arrestert og fengsla i 2013, for påstått blasfemi. 8. september i 2020 blei han dømt til døden i galgen. Han har anka dommen. Men når ankesaka kjem opp i Lahore High Court, er heilt i det blå. High Court ligg på nivået under høgsterett. Dersom han ikkje blir frikjent når saka ein gong kjem opp i Lahore High Court, vil han truleg anka vidare til Supreme Court – Pakistans høgsterett. Det var i den domstolen den kristne kvinna Asia Bibi i si tid (2018/2019) blei frikjent frå sin dødsdom.
Asif Pervaiz sit fengsla i Faisalabad. Laurdag 24. august dreg høgsterettsadvokat Saif-ul Malook og Sharon Shameer frå Human Friends Organization (HFO) til fengselet for å be om løyve til å ta han til sjukehus. Asif treng behandling for hjartesjukdom.
– Kristne må gjerne sukka sine bøner for at søknaden blir innvilga, fortel Sajid Christopher i HFO. Han takkar for den støtta som Asif gjennom åra har fått frå Stefanusalliansens vener.
Med til fengselet blir også kona Maroline (Meroline). Sidan mannen vart fengsla for snart 11 år sidan, har Maroline hatt eineansvar for fire barn. Tvillingane var nettopp fødde då Asif i oktober 2013 blei arrestert og bura inne. Ein kollega hadde prøvd å få Asif til å konvertera til islam, men Asif nekta. Då blei telefonen hans borte – og misbrukt til å senda ei melding som vart oppfatta blasfemisk. Asif blei skulda for blasfemi og har vore fengsla sidan.
– Dødsdommen kom som eit sjokk, fortalde Maroline til Stefanusalliansen like etter at dødsdommen fall. Dommen kom til overmål den dagen tvillingane fylte sju år. Barna fekk vita om dødsdommen då familien drog til fengselet nokre dagar etter at dommen fall.
– Asif bad barna passa godt på meg og gjera skulearbeidet godt slik at dei får utdanning. Til meg sa han at eg må ta vare på meg sjølv og barna. Han bad om støtte og forbøn frå folk som kan protestera mot den urettferdige dommen. Han sa at dersom Gud vil, vert han snart ein fri mann, fortalde Maroline den gongen.
Den eldste dottera har fortalt at ho vil bli advokat.
Fire år seinare sit Asif framleis i fengsel. Mest akutt er det å koma på sjukehus. Men kampen handlar også om at han må bli ein fri mann. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) har Asif Pervaiz på lista over samvitsfangar og har omtalt han i fleire rapportar om Pakiistan.
-
Stefanusalliansens ende appell for Asif Pervaiz i 2018
-
Les også: «Pappa er dødsdømt. Be for hans frihet».
-
Les også: Klappjakt på kristne søstrer