Leonard Cohen sa det: Du vil ikkje lika det som kjem etter Amerika - Stefanusalliansen
Kunstnaren Badiucao, som sjølv har flykta frå Kina, har teikna ein konsentrasjonsleir for uigurar i Xinjiang-provinsen.

Kunstnaren Badiucao, som sjølv har flykta frå Kina, har teikna ein konsentrasjonsleir for uigurar i Xinjiang-provinsen.  

Kina*   

Redde europeiske leiarar stormar av stad til diktatoren Xi Jinping i Kina. Det er knapt så eg trur kva Donald Trump klarar å skremma gode naboar og gamle allierte til å gjera.

Den kanadiske statsministeren Mark Carney hausta lovord for talen i Davos. Han sette ord på det han kalla eit brot i verdsordninga, i eit oppgjer med president Trump i nabolandet. Trump har skremt vettet av både Canada og Europa med tollkrig, autoritære metodar og sterke trugsmål om å «ta» både Canada og Grønland.

For å byggja ei verdsordning der mindre og mellomstore land har valet mellom å «sitja ved bordet eller stå på menyen», drog Carney  av alle stader – til diktaturet Kina og laga avtale om både handel, klima og tryggleik.

Konsentrasjonsleirar
Dette var første gongen ein kanadisk statsminister gjesta Kina sidan 2017. Akkurat det året blei det avdekt at Xi Jinping hadde sendt meir enn ein million uigurar i konsentrasjonsleirar i Xinjiang. Canadas parlament slo i 2021 fast at Kinas grufulle behandling av ugiurane måtte reknast som folkemord. Carneys liberale parti avstod frå å røysta. Regjeringa i Canada har ikkje brukt ordet folkemord, men lagt til grunn at ugjerningane er brotsverk mot menneskeslekta.  Uansett kva ord Canada brukar er altså Carney klar til å satsa tungt på diktatoren som stod og står bak brotsverka.  

 

 Uansett kva ord Canada brukar er altså Carney klar til å satsa tungt på diktatoren som stod og står bak brotsverka.  

 

Storbritannias statsminister Keith Starmer tok også turen til Xi Jinping. Også hans parlament har brukt ordet folkemord om brotsverka i Xinjiang. Men kva har det å seia når Starmer leitar etter ein trygg partner?

Den kanadiske sangeren Leonard Cohen satte ord på det «beste og det verste» i naboskapet med USA. Foto: Shutterstock

Leonard Cohens frykt
Ein annan kanadiar, den no avdøde songaren Leonard Cohen, sette for over eit tiår sidan sine ord på uvissa. På You Tube vil du finna Cohen snakka om det krevjande forholdet Canada har «på kanten av Amerika».  Frå USA kjem, fastslo han, både det beste og det verste. Men eitt var sikkert for Cohen, mannen med den djupe røysta: «Du vil ikkje lika det som kjem etter Amerika.»

For alvor ser vi no kva som kjem etter Amerika. Han som skulle vore leiar for «den frie verda», skremmer gamle allierte i hendene på ein brutal diktator i Kina.

Kina – moralsk leiestjerne?
Aftenpostens Kristoffer Rønneberg summerte nyle opp: «Trump snur verden på hodet. Nå vil Kina overta som klodens moralske ledestjerne.» Kina fyller med glede tomrommet etter at USA dreg seg ut av institusjon etter institusjon som har vore viktige i det vi har hatt av ei regelstyrt verd. Vestlege leiarar stormar til Beijing fordi alternativet ser verre ut for handel, tryggleik og klima: at verda vert delt mellom dei største. Borte er visst også frykta for Kina som teknologisk og tryggingspolitisk trussel.

Rønneberg konstaterer som sant er: «Menneskerettigheter, derimot, er ikke et tema vestlige ledere lenger snakker særlig høyt om.»

Tilstanden i Kina blir diverre verre år for år. Kina overvakar borgarane med omfattande ansiktsgjenkjenning. Kina er landet som krev lojalitet til kommunistpartiet også frå kristne og muslimske leiarar. Som riv kors ned av kyrkjetak og stengjer «ulydige» og «ulovlege» kyrkjer.

Arresterte pastorar
Sidan oktober har kinesisk politi drive razziaer mot og massearrestasjonar i tre store uregistrerte kyrkjer ulike stader i landet, den hardaste kampanjen sidan kampanjen mot desse kyrkjene starta i 2018. Dette er kyrkjer som nektar å registrera seg under Parti-staten.

Den 14. desember i fjor slo 1000 politifolk til mot ei kyrkje i Wenzhou i den austlege Zhejiang-provinsen. Dei 100 som var i kyrkja, vart tekne med, visst nok med svarte hetter over hovudet. Krossen på taket er riven ned. Kring 20 sit framleis arresterte. Dei blir skulda for å vera «ein kriminell bande». Kyrkja har ikkje gjort noko brotsverk, utover at kommunistpartiet stemplar ho som «ulovleg».

 

Kyrkja har ikkje gjort noko brotsverk, utover at kommunistpartiet stemplar ho som «ulovleg».

Kryss av, gå vidare
Kina har lenge avvist at det finst «universelle» menneskerettar. No gjev i praksis både Carney og Starmer Kina rett. Menneskerettane blir heilt underordna, noko partane kan snakka om og notera at dei er usamde – og så gå vidare fordi andre spørsmål er langt viktigare.

Slik Arbeidarpartiets Trond Giske sa det då han i Klassekampen ivra for at Noreg skal ta opp att forhandlingane med Kina om ein frihandelsavtale. «På et tidspunkt må vi gå videre».

Kina vil altså gjerne vera den moralske leiestjerna i den nye verda. Leonard Cohen fekk sagt det. Du vil ikkje lika det som kjem etter Amerika.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND