Firebarnsfaren Asif Pervaiz har vært dødsdømt for blasfemi siden 2020.
Etter fire år i fengsel kom dødsdom for blasfemi
Noman Masih hevdar si uskuld. Stefanusalliansens partner skal hjelpa.

Sajid Christopher i HFO seier at dei skal hjelpa dødsdømde Noman Masih.
I slutten av mai vart Noman Masih dømd til døden ved henging. Det skjedde i ein domstol i Punjab-provinsen.
Han vert skulda for å ha vist ei blasfemisk karikaturteikning til fleire personar i ein familiepark i juli 2019. Han skal også ha formidla teikninga vidare til grupper på WhatsApp.
Advokat: Svært skuffa
Politiet arresterte han. Mannen vart fengsla. Etter neste fire år kom dommen.
– Eg er svært skuffa over dommen, seier advokaten Lazar Allah Rakha i ein kommentar.
Advokaten meiner skuldingane ikkje er dokumenterte, at det ikkje finst prov. Og han kallar dommen «eit perverst stigma» for rettssystemet i Pakistan.
– Eg har anka dommen mot Noman Masih inn for ein høgare domstol og eg har håp om at han vil verte ytt rettferd og vere fri ein dag, seier Rakha vidare i ei fråsegn Stefanusalliansen har fått gjennom vår partner Human Friends Organization i Pakistan.
Vanskeleg for familien
Faren til Noman, Asghar Masih, fortel til den pakistanske avisa Kross Konnection at familien er sjokkert. Han kallar skuldingane grunnlause. Og han hevdar at sonen sov i huset då politiet skuldar han for å ha vist blasfemiske bilete til fleire menneske i parken.
Dei siste fire åra har ifølgje faren vore svært krevjande for familien, både kjenslemessig og økonomisk.
– Eg jobbar som reinhaldar på butikk og kan knapt klare utgiftene til hushaldet på den magre løna mi. Heilt sidan Noman vart fengsla, har eg lagt meg opp ei stor gjeld fordi eg har vore nøydd til å bidra til fengselsutgiftene hans på kvart besøk, seier han.
– Gir etter for press
Minst 2.120 personar er blitt skulda for Blasfemi i Pakistan i tidsrommet 1987 til 2022, ifølgje ein rapport frå Centre for Social Justice i Lahore.
Det store fleirtalet er muslimar eller ahmadiyaer, ei retning av islam som dei fleste muslimar avviser som vranglære.
Veit om 28 fengsla kristne
Stefanusalliansens partner i Pakistan, Human Friends Organization (HFO), skal hjelpa den dømde.
HFO skal betale delar av utgifter til advokat og hjelpe familien med levebrød. Dei har måtta gå i skjul fordi dei kan vere angrepsmål.
Ifølgje HFO sit rundt 28 kristne fengsla i Pakistan for blasfemi.
I januar i år blei blasfemilova i landet blitt forverra. Både lova og praksisen var ille nok frå før, men no er det stramma endå meir til. Det vart gjort ulovleg å spotte også konene til profeten Muhammed. Strafferamma er livstid i fengsel.
Sjølv om ingen er blitt avretta for blasfemi, endar sakene med øydelagde liv fordi dei dømde vert sitjande årevis i fengsel før ein høgare rett til slutt frikjenner dei.
Det finst heller inga straff for å levera falske skuldingar som fører til dødsdom.
Mange titals blasfemianklaga er drepne av ekstremistar som ikkje bryr seg om rettsvesen.