Sonia og familien har flyttet til en annen by fordi de var truet hjemme.
EU-krav til Pakistan: – Sett dødsdømte Asia Bibi fri
Kristne Asia Bibi har vore dødsdømt sidan 2010. No skjerpar EU tonen overfor Pakistan.
I over sju år har tobarnsmora Asia Bibi vore sperra inne i pakistansk fengsel med ein dødsdom over seg, dømt for blasfemi. No krev EU at ho blir sett fri som vilkår for ein handelsavtale, melder World Watch Monitor.
At EU løftar saka til den kristne kvinna opp er løfterikt. Saka vart løfta av EUs spesialutsending for trusfridom, Jan Vigel, under eit besøk i Pakistan. I ei pressemelding frå EU 1. februar heiter det at dersom Pakistan skal få fornya den privilegerte statusen som handelspartnar, må Asia Bibi setjast fri.
«EU-landa er i ferd med å tru at Pakistans høgsterett medvete utset høyringa i saka til Asia Bibi for å blidgjera visse politiske og fundamentalistiske krefter i Pakistan,» heitte det.
Dødsdømt
Ein glovarm junidag i 2009 hadde Asia Bibi stått tidleg opp for å plukka bær utanfor landsbyen. Asia Bibi gjekk til brønnen for å drikka vatn, og ho tilbaud ei anna kvinne å drikka. Men då ropte ei tredje kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram!»
Asia Bibi var den einaste kristne blant dei. Ho vart skulda for å ha skitna til vatnet og gjera det ureint – og forbode – for muslimar. Asia Bibi forsvarte seg – for ein gongs skuld. I krangelen vart ho skulda for å ha fornærma islam og profeten Muhammed, ho vart hetsa og jaga vekk.
Fem dagar seinare våga ho seg tilbake for å plukka bær. Då ho etter nokre timar hadde senka skuldrane i frykt for mobben, oppdaga ho at mobben likevel var komen. Asia Bibi overlevde angrepet, men denne dagen – 14. juni 2009 – vart ho kasta i fengsel. 8. november 2010 vart ho dømt til døden ved henging etter paragraf 295 i straffelova. Asia Bibi har anka fleire gonger. Men høgsterett har utsett og utsett behandlinga.
Drap
Paragrafane er vage og har dødsstraff for å fornærma islam eller Muhammed. Lovverket er kritisert også fordi det ofte vert misbrukt til lange rettsprosessar på grunnlause skuldingar. Og mange som etter årelange rettssaker vert frikjende, må leva resten av livet på hemmelege adresser for å unngå ekstremistane. Så langt er ingen dødsdom for blasfemi fullbyrda. Men sidan 1990 er i alle fall 46 menneske drepne av ekstremistar, eller dei har døydd i ei politicelle.
Dødsdommen mot Asia Bibi er blitt ei symbolsak. I 2011 blei guvernør Salman Taseer i Punjab-provinsen drepen av livvaktene sine. Han hadde forsvart Asia Bibi og angripe dei blasfemilovene.
Dessverre ser det ut som ekstremistane er på frammarsj. Etter sterke og valdelege samanstøytar i Islamabad i november tvang ekstremistane justisminister Zahid Hamid til å gå av. Han vart skulda for å ha endra på ein ordlyd i embetseiden og gjort referansen til profeten Muhammed svakare. Kampen gjekk rett inn i blasfemistriden.
Blasfemilovene er ei av dei viktigaste sakene for pakistanske ekstremistar i politisk mobilisering. Islamistane sin seier i november forsterkar presset på dommarar. Det kan bli vanskelegare å avvisa skuldingar om blasfemi.
Fornya press
Midt i denne dragkampen kjem det nye presset frå EU. Frykta som EU gjev uttrykk for, er nettopp at høgsterett ikkje vågar ta høyringa i saka mot Asia Bibi, fordi dei ekstremistiske kreftene styrkjer seg og nettopp har vist musklar og gått sigrande ut.