‘Ekstreme religiøse krefter kan føra verda vår mot katastrofen’ - Stefanusalliansen
Robert Aserian er kritisk til religiøs nasjonalisme i alle utgåver. Han er sentral i Pars Theological Center.

Robert Aserian er kritisk til religiøs nasjonalisme i alle utgåver. Han er sentral i Pars Theological Center.  

Iran   

– I Iran har vi sett livsfarlege konsekvensar av sjia-islamsk ekstremisme som er blanda med politikk og nasjon. Dette er krefter som både i Iran og andre land kan føra verda til katastrofe, seier Robert Aserian. 

Han er armensk kristen frå Iran. Aserian vart i 2013 arrestert og truga med fem års fengsel fordi han tok imot konvertittar frå muslimsk bakgrunn i kyrkja han var med på å leia i hovudstaden Teheran. I 2013 vart kyrkja stengd av ayatolla-regimet, og Aserian og kona flykta frå Iran då han kom ut av Evin-fengselet. 

 

Massakrar 
Aserian har kjent på kroppen kva det ekstreme islamske regimet har gjort gjennom sine 47 år. Iranske huskyrkjer er av det sjia-islamske ayatolla-regimet i Iran stigmatisert som eit trugsmål mot nasjonal tryggleik. At svært mange har vendt sjia-islam ryggen, har gjort ayatollaene i Iran redde. 

Aserian er sentral i Pars Theological Centre, som utdannar leiarar for den iranske undergrunnskyrkja. 

Etter massakrane på demonstrantar i januar kom dei amerikanske og israelske angrepa – med store, til dels farlege og svært uoversiktlege globale konsekvensar. 

– Militære angrep er alltid av det vonde. Men eg meiner angrepet var nødvendig etter massakrane som regimet gjennomførte. Men USA og Israel kan ikkje byta regime, det må det iranske folket gjera etter at regimet er nok svekt. Eg håpar berre at det skjer, seier Aserian. 
 

Eg er redd for religiøs legitimering av ekstremisme og krig, uansett kvar i verda det skjer.  

 

Robert Aserian 

 

 

Sympati med Libanon 
Aserian vedgår at perspektivet hans er iransk – prega som han og mange er av eit desperat håp om at ayatolla-regimet skal forsvinna. 

– Men eg har sterk sympati med Libanon, med Libanons kristne og med fattige sjia-familiar. Libanons problem er at Hizbollah, på vegne av Iran, har teke landet som gissel. 

Han seier at han forstår at Israel ikkje kan leva med iranske Hizbollah-rakettar retta mot landsbyar i nord, og at hæren vart sett inn. 

– På den andre sida har eg ingen illusjonar om den israelske regjeringa. Israels svar er ofte så store og øydeleggjande at det blir ein katastrofe for Libanon, med landsbyar lagde i grus. 

Kristne som støtta Hisbollah
Armenskfødde Robert Aserian har to gonger vitja Libanon. 

– Eg møtte armenske kristne som beundra Hizbollah fordi militsen stod opp mot israelske øydeleggingar. Eg må fordømma omfanget av det Israel har gjort både i Gaza og Libanon, seier  

Aserian og held fram: 

– Ytrehøgre-ministrane i den israelske regjeringa intensiverer spenningane i regionen på ein måte som saknar sidestykke. 

Men han understrekar også: 

– Hamas-leiarane er omsynslause. Dei visste kva som ville skje då dei iverksette terroren 7. oktober 2023. Hamas-leiarane var villige til å ofra heile Gaza, med tusenvis av døde, som martyrar for Allah. 

Åtvarar mot all religiøs vald 
Aserian følgjer også med sorg korleis armenske kristne blir angripne med vald av ultraortodokse jødar i Jerusalems gamleby. På Vestbreidda angrip valdsame settlarar også kristne. Ein gresk-ortodoks prest vart angripen i påskehøgtida. 

– Dette er farlege krefter, seier Aserian. 

Aserian kritiserer alle «vanheilage alliansar mellom nasjon og religion». 

– Eg er redd for religiøs legitimering av ekstremisme og krig, uansett kvar i verda det skjer.  

Fascistiske krefter og vald
Aserian ser fascistiske krefter som legitimerer vald gjennom hindunasjonalisme i India. Han observerer ekstreme buddhistmunkar i allianse med militærjuntaen i Myanmar. Og han er djupt uroleg over at leiinga i den russiske ortodokse kyrkja har gått i tett i kompaniskap med Putin-regimet i Russland med påstand om at Russland fører «heilag krig» i Ukraina. I tillegg kjem altså land med sjia- eller sunni-muslimsk dominans og ekstremisme. 

– Ekstreme krefter kan føra verda vår mot katastrofen, seier Robert Aserian. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 4-2026
 

 

Prosjekt