Stan Swamy er død, 84 år gammel, i et indisk fengsel.

Stan Swamy er død, 84 år gammel, i et indisk fengsel.  


INNLEGGET BLEI PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 8.7.2021

Kva seier det om India når stormakta kjenner seg så truga av ein 84 år gamal Parkinson-sjuk jesuittprest med nedsett høyrsel at dei burar han inne, skuldar han for terror og held han i fengsel til han døyr?

Jesuittpresten Stan Swamy har brukt tiår av livet til kamp for urfolk i delstaten Jharkhand. Han har kjempa for rettane deira til land og vatn, i møte ikkje minst med den mektige gruveindustrien. I fjor blei presten den eldste i India til å bli skulda for terror.

Den 8. oktober i fjor vart han arrestert av National Investigation Agency (NIA), under ei antiterrorlov. Han vart skulda for å ha vore med på ein samanstøyt mellom fattige dalitar (tidlegare dei kastelause) og ein høgare kaste i 2018. Minst ein døydde. Presten vart bura inne saman med 16 andre kjende aktivistar, akademikarar og advokatar.

Fader Stan Swamy brukte aldri vald og har avvist alle skuldingane. Han kjempa for menneskerettane til urfolket adivasi i Jharkhand. Han prøvde å løysa konfliktar. Mellom anna fekk han høgsteretten til å setja fri 3000 unge som var fengsla etter at dei vart skulda for å vera maoistar.

I Taloja-fengselet i Mumbay skreiv den fengsla presten sjølv fleire brev om den umenneskelege behandlinga han vart utsett for. Fader Stan søkte fleire gonger om å bli sett fri mot kausjon, på grunn av den elendige helsa. Men han vart nekta. Den neste høyringa skulle vera i Mumbay High Court. Men fader Stan døydde 5. juli.

Det er tid for sorg og sinne. Grunnlova i India sikrar rettar for stammefolk. Men dette landet har snudd verdiane sine på hovudet når ein sjuk 84 år gamal jesuittprest som kjempar for rettferd, vert skulda for terror og døyr i eit fengsel under umenneskeleg behandling. Mange aktivistar har karakterisert etterforskinga mot presten og dei 16 andre aktivistane, som «ei heksejakt» for å ramma kritikarar av regjeringa til statsminister Narendra Modi.

Jesuittpresten Stan Swamy vart sjølv smitta av koronaviruset i fengselet i juni, midt i dødsbølgja som har ramma India på grunn av hasardiøs politikk frå nettopp den indiske regjeringa si side. Regjeringa ville i vinter heller driva valkamp og tillata store hindufestivalar enn å lytta til åtvaringar om nye og farlege virusvariantar.

Hans død talar sterkt om det mørket som har treft India – som i festtalar vert kalla det største demokratiet i verda.

Grove brot på menneskerettar er utbreidde. Trusfridomen som er garantert i grunnlova, vert underminert av hatefull retorikk og valdsangrep mot muslimar og kristne – i eit land som dyrkar ideen om at hinduar er dei sanne indarane.

Alle som ivrar etter samarbeid med India i kamp mot virus og klimatrussel, må ta med seg minnet om fader Stan Swamy til møta med regjeringa i India. Det er viktig at han ikkje døydde fånyttes.

 


REAKSJONAR:

«Dypt tomrom»
Fader Cedric Prakash, en jesuittprest og menneskerettighetsaktivist i India, sier til trosfrihetsorganisasjonen CSW:

– Fader Stans død har etterlatt et dypt tomrom i hjertene til mennesker over hele India og verden, spesielt de fattige og de marginaliserte.

Presten kjempet for urfolket adivasis og dalitene og nøt stor respekt blant menneskerettighetsforkjempere.

– Fader Stan kjempet for adivasis, hvis legitime rettigheter er garantert av Indias grunnlov. Han fulgte dem hele livet i kampen for større verdighet, likhet og deres rette plass i samfunnet. Han gjorde alt han kunne for å sikre at de naturlige ressursene (vann, skog og land) som med rette er deres. Dette er ressurser som utnyttes av de mektige, de rike og gruvedrift-mafien og som ulovlig tas fra urbefolkningen. Fader Stan betalte prisen for denne kampen.

Umenneskelig behandling
CSWs administrerende direktør Scot Bower sier: «Vi er i sorg over å høre om tapet av menneskerettighetsforkjemperen Stan Swamy, en mann som viet hele sitt liv til de marginaliserte i India. Vi uttrykker vår oppriktige medfølelse til hans nærmeste. Hans arrestasjon, uten tilstrekkelig bevis, hans kausjonsbegjæringer som gjentatte ganger ble nektet til tross for hans forverrede helse, og den umenneskelige behandlingen han fikk i fengsel, er alle påminnelser om de sjokkerende bruddene på grunnleggende menneskerettigheter som fortsatt er vanlige i India. Vi håper og ber om at hans død ikke har vært forgjeves, og at hans liv vil inspirere mange flere til å fryktløst stå opp for rettferdigheten.

«Verdier snudd på hodet»

I et intervju med Magasinet Stefanus nylig uttalte den evangelikale kirkelederen Vijayesh Lal at India har snudd sine verdier på hodet:

– Likhet, rettferdighet og brorskap, som grunnloven garanterer, er blitt forbrytelser. De som søker disse verdiene, sitter i fengsel, sa Lal og henviste til fengslingen av fader Stan.

AKTUELT

PROSJEKT