Indisk feiring som bør uroa verda - Stefanusalliansen
Narendra Modi er sjølv ein del av RSS-familien som har skaffa seg makt og som prøver å undergrava det indiske demokratiet.

Narendra Modi er sjølv ein del av RSS-familien som har skaffa seg makt og som prøver å undergrava det indiske demokratiet.  


Indias statsminister Narendra Modi lanserte den 1. oktober ein minnemynt for organisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS). Bodskapen var tydeleg: Staten heidrar ein organisasjon som lenge har ønskt å gjera India til ein nasjon eksklusiv for hinduar.

Modi lanserte både eit frimerke og denne minnemynten til 100-årsjubileet for RSS. Dette er den største frivillige paramilitære rørsla i verda. RSS vart grunnlagt i 1925 og organiserer daglege treningsgrupper (shakhaer) for millionar av menn. Fysisk disiplin, hinduistisk stoltheit og lojalitet til ein religiøst definert hinduistisk nasjon vert dyrka.

Det RSS-leia nettverket Sangh Parivar omfattar politikk, utdanning, media og næringsliv. BJP som har vore Indias regjeringsparti sidan 2014, er den politiske armen i RSS-familien. I dag blir India i stor grad styrt av personar med bakgrunn derifrå, statsminister Modi er ein av desse. For å forstå indisk politikk må vi forstå RSS.

Fascistiske røter
Dei tidlege RSS-ideologane beundra europeisk fascisme. I mars 1931 møtte RSS-politikaren B. S. Moonje den italienske diktatoren Mussolini i Italia. Etter Italia-turen skildra Moonje italienske ungdomsleirar som modell for hinduistisk «militær regenerasjon».

Den mest innflytelsesrike RSS-leiaren, M. S. Golwalkar, skreiv i 1939 at Tysklands «reinsking» av jødar var ei «god lekse for oss i Hindustan». Dei orda er aldri trekte tilbake.

Under Indias kamp for sjølvstende frå Storbritannia nekta RSS å delta i frigjeringsrørsla leia av Mahatma Ghandi.  Etter drapet på Gandhi i 1948, utført av eit tidlegare RSS-medlem, vart organisasjonen forboden, skulda for å spreia ein «valdskult». Forbodet vart oppheva først etter at organisasjonen hadde lovd å respektera grunnlova. Den lovnaden har RSS mange gonger brote.

Vald som politisk verktøy
Tre blodige hendingar viser korleis RSS har gått frå å vera marginal aktør til å ha makt:

Ayodhya 1992: Den 500 år gamle Babri-moskeen vart riven av mobbar organisert av RSS-tilknytte grupper. Over 2 000 menneske, hovudsakleg muslimar, vart drepne i opptøyar etter rivinga. I 2024 opna statsminister Modi eit majestetisk hindutempel på tomta som RSS hevdar var fødestaden for hinduguden Ram.

Gujarat 2002: Under Narendra Modi som leiar i denne delstaten vart tusenvis av muslimar drepne i det menneskerettsgrupper kallar ein «statsstøtta pogrom».

Kandhamal 2008: Kristne vart angripne i Kandhamai-distriktet i Odisha, med fleire titals døde og tusenvis heimlause. Dette var det verste angrepet mot kristne i Indias historie. Undersøkingar peika på rolla til folk som var knytte til RSS.

Mønsteret er klart: mobilisera, polarisera, skapa hat, utløysa vald – og hausta politisk gevinst.

Makt utan ansvar
RSS er juridisk uregistrert, men styrer like fullt hundrevis av registrerte frontorganisasjonar. Dette gir null offentleg innsyn i økonomi og medlemskap, trass i at RSS i praksis kontrollerer regjeringspartiet. Gjennom skular og media formar RSS historia: muslimar og kristne blir framstilte som inntrengjarar, hinduistisk fortid blir glorifisert.

Med Modis siger i valet i 2014 fekk RSS statsmakt. I 2025 har to tredelar av ministrane i bakgrunn frå RSS. Guvernørar, universitetsrektorar og kulturleiarar kjem frå den same ideologiske krinsen. Skiljet mellom stat og rørsle er viska ut.

Lover som mobbens våpen
I 12 delstatar har RSS og BJP pressa fram lover som kriminaliserer konvertering. Delstatane prøver å overgå kvarandre i straffenivå. Det er pågåande tragediar i fleire delstatar. I Rajasthan og Chhattisgarh blir pastorar blir grunnlaust skulda for massekonvertering. Dei risikerer fengsel på livstid.

Korvidt desse lovene som kriminaliserer konvertering, bryt med grunnlova, skal Indias høgsterett snart gå inn i. Lovene er blitt farlege våpen som hindunasjonalistar brukar som påskot for valdelege angrep mot kristne og muslimar.

Hindunasjonalistar har på si side innført sokalla Ghar Wapsi-seremoniar for konvertering «heim til» hinduismen. I praksis er dette ein scene for rå maktbruk, ofte brukt mot medlemmer av urfolk som har valt kristen tru. Dei som nektar, vert med vald jaga frå gard og grunn.

«Dette er dei einaste tvangs-konverteringane i India», seier Stefanusalliansens indiske ven, generalsekretær Vijayesh Lal i Evangelical Fellowship of India.
 

Gløymer sjela
I juli 2021 samla RSS-toppar seg for å lansera ein kampanje for å «befri India» frå muslimar og kristne. Omfanget av valdelege angrep mot kristne og muslimar har vakse kraftig etter Modis valsiger i 2014.

Resultatet av RSS-makt er dessutan lynsjingar av muslimar og kampanjar mot blanda ekteskap. Regjeringa kallar dette «kulturelt vern». Kritikarane ser undertrykking.

For oss er det verdt å minna om at hindunasjonalismen også blei hylla i manifestet til Anders Behring Breivik, som drap 77 menneske i 2011. Ideologiar som demoniserer muslimar og romantiserer vald, spreier seg.

RSS vil truleg feira nye hundre år. Spørsmålet er om India då framleis er eit konstitusjonelt demokrati. Modis draum om eit valskred som han kunne brukt til å erklæra India som hinduistisk stat, fekk i valet i fjor eit skot for baugen: Han mista det reine fleirtalet. Men slaget om India er ikkje over. Hatet som Modi har sleppt laus, lever i beste velgåande.

«Ei rørsle som beundra europeisk fascisme, avviste den indiske frigjeringskampen, inspirerte Gandhis mordar og har utført pogromar, burde aldri vore statens æresgjest», seier Vijayesh Lal.

Minnemynten fortel to historier: Den utrulege makta RSS har fått i det mest folkerike landet i verda – og ein republikk som gløymer sjela si. Det bør verkeleg uroa verda.

OPPDATERT UTGÅVE AV KRONIKK PUBLISERT I VÅRT LAND, 8.11.2025

AKTUELT

Prosjekt