Toler ikkje synet av kvinner. Modis vener kjøpte sjømannskyrkje
BAPS-tempelet i Abu Dhabi.
Organisasjonen som har kjøpt det avvigsla kyrkjebygget til Sjømannskyrkja i Miami, har tette band til Indias hindunasjonalistiske statsminister, skrivr redaktør Johannes Morken i ein kronikk i Vårt Land.
Sjømannskyrkja har selt bygget sitt i Miami til «den hinduistiske non-profit-organisasjonen BAPS Miami», heiter det i ei pressemelding. Ei så kortfatta formulering gjorde meg nyfiken, sidan den hindunasjonalistiske rørsla i India har skaffa seg mange fotavtrykk verda over.
Det er langt meir å seia om BAPS enn det som står i pressemeldinga. Sjømannskyrkja står sjølvsagt fritt når dei skal velja kjøpar. Ikkje veit eg om nokon andre la inn bod, heller. Sjømannskyrkja står heller ikkje ansvarleg for ideologien til kjøparen av bygget som i 2011 fekk namn etter kronprinsesse Mette-Marit.
Tette band til Modi
Men salet gjev eit godt høve til å kasta lys over kven dei hindunasjonalistiske venene til den indiske statsministeren Narendra Modi er og korleis dei skaffar seg større og større fotavtrykk. BAPS – Bochasanwasi Purushottam Swaminarayan Sanstha – som byggjer det eine ruvande tempelet etter det andre i fleire land, har tette band regjeringspartiet BJP og deler mange hindunasjonalistiske førestillingar med han.
Munkar og prestar i BAPS kan ikkje eingong sjå på kvinner.
Fjerna kvinner frå Eiffeltårnet
Vel to månader er gått sidan den same hinduorganisasjonen 5. september skapte stort oppstyr i Paris. Ein topptung delegasjon på kring 100 var i den franske hovudstaden fordi det første BAPS-tempelet i Frankrike skulle innviast.
5. september ville BAPS-delegasjonen opp i Eiffeltårnet. Men vilkåret var at alle kvinner, også dei tilsette, først måtte ut av syne. Munkane og prestane i BAPS har nemleg eit sølibatkrav som inneber forbod ikkje berre mot seksuelt samkvem med det motsette kjøn, men mot all kontakt med kvinner.
Måtte gå
Kravet vart innvilga. Ei fagrørsle gjekk i protest til streik 7. september. Paris-borgarmeisteren var sjokkert. Sjefen for Eiffeltårnet går av etter avgjerda. Å fjerna kvinnene under besøket var eit brot på regelverket. BAPS har i ettertid beklaga «den skaden som måtte vera gjort».
Mannleg munkeorden
Men kvinnesynet til BAPS har lenge vore velkjent for alle som har vilja vita. Eit døme: Under ein konferanse i den indiske byen Kolkata i 2024 stilte ein BAPS-munk som vilkår for å delta at kvinnene måtte flyttast ut av syne.
«BAPS blir styrt av ein guru og vert drive av ein mannleg munkeorden som lever i sølibat. I deira eigen litteratur blir sølibat definert som å avstå frå kontakt med kvinner i tanke, kropp og tale. Dette inneber mellom anna å ikkje snakka med kvinner, ikkje medvite sjå på kvinner og ikkje søkja selskap med kvinner,» skriv den indiske journalisten John Dayal i UCAnews.
Modi ein usvikeleg ven
BAPS har i midt oppe i alt dette ein usvikeleg indisk ven: Den hindunasjonalistiske statsministeren Narendra Modi. Dagen etter den ´absurde hendinga i Eiffeltårnet deltok Modi med ei videohelsing då det nye og ruvande BAPS-tempelet i Paris-forstaden Bussy-Saint-Georges vart innvigd. Ifølgje Modi var dette ein «ny milepel i dei kulturelle relasjonane mellom India og Frankrike». Og han var tydeleg på sitt nære forhold til saka: «... i sinn og ånd opplever eg at eg er midt i blant dykk.»
Den indiske nettavisa The Wire har gått etter banda mellom BAPS og Modi og funne at Modi har møtt BAPS-leiarar 18 gonger i tre ulike land dei 12 åra han har vore statsminister.
I Frankrike i 2023 fekk han sjå ein 3D-presentasjon av tempelet som no er innvigd. Same året møtte han delegasjonar både i Abu Dhabi og Sør-Afrika, begge stader var store tempel under bygging.
Tempel i mange land
BAPS vart danna i den indiske delstaten Gujarat i 1907, delstaten der Modi starta den politiske karrieren sin. I India har BAPS få tempel utanfor Gujarat, påpeikar Christophe Jaffrelot, ein fransk ekspert på hindunasjonalisme.
BAPS har derimot senter og tempel i svært mange andre land – til dømes i 55 britiske byar og i 70 amerikanske. BAPS-representantar frå London besøkte vener i Oslo så seint som i oktober i fjor.
Jaffrelot spør seg kvifor det store følgjet absolutt skulle opp i Eiffeltårnet. Svaret hans er klart: BAPS ville ha foto av øvstepresten oppe i tårnet for å visa at «vi har fått fotavtrykket vårt i den franske hovudstaden, (...) det per definisjon sekulariserte landet».
Medan BAPS appellerer til eit mindretal av indiske hinduar, har organisasjonen tette og viktige band til den indiske eliten, påpeikar Jaffrelot. Modi har, seier han, vore tett på BAPS i 40 år, og munkane og prestane støtta Modi då han kom til makta i 2014. Statsministeren har seinare forsvart og verna BAPS.
Inntektene i fleire land har skote i veret etter at Modi fekk makta i India. Berre i USA har BAPS verdiar som, ifølgje sivilsamfunnsgranskinga Behind BAPS, er på minst 340 millionar dollar.
Slavearbeid
BAPS er ikkje berre kjent for å gjera kvinner usynlege. I 2021 greip det føderale amerikanske politiet FBI inn under bygginga av eit BAPS-tempel i Robbinsville i New Jersey på grunn av grovt og omfattande tvangsarbeid. 100 fattige gjestearbeidarar vart berga ut av byggjeplassen.
Dalit-arbeidarar frå India leverte eit søksmål der dei skulda BAPS for å ha inndrege passa deira og stengt dei inne på byggjeplassen utan tilgang på helsetenester. Dei var henta til USA på visa som sa at dei var «religiøse frivillige», som ikkje var tilfelle. Dei måtte arbeida meir enn 87 timar i veka for litt over ein dollar i timen, langt under minsteløn i New Jersey.
Trump stogga etterforsking
I september 2025, etter at Donald Trump var blitt president på nytt, stoppa Justisdepartementet etterforskinga utan å reisa tiltale. BAPS hevda dei var frikjende. Dalit Solidarity Forum uttrykte djup uro over og står fast på kravet om rettferd for arbeidarane. Ei sivil sak framleis open.
Også tempelet i Robinnsville vart innvigd hausten 2023 sende statsminister Modi ei varm helsing, han kalla dette ei «hending av stor åndeleg betydning».
Modi har forresten gode vener også i det politiske USA. I desember2024 gjesta Tulsi Gabbard, som vart Trumps nasjonale etterretningsdirektør og sjølv er hindu, tempelet i Robinnsville. Visepresident J.D.Vance gjesta BAPS-tempelet i New Delhi i 2025.
Trusmakt, ikkje trusfridom
Trusfridommen er ein menneskerett for alle. Når religion vert kopla til makt, er det derimot stor grunn til uro, også over landegrenser. Å krevja kvinnene fjerna frå Eiffeltårnet er ikkje trusfridom, men trusmakt.
I Miami i Florida har BAPS hatt eit tempel sidan 2001. Kva BAPS vil bruka den tidlegare sjømannskyrkja til, står att å sjå. Men Narendra Modis vener breier seg.
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 27.11.2026