Endå ein norsk India-ven hoppar bukk over Modis ansvar
Denne kristne familien på fire frå ein landsby i Chhattisgarh måtte flykta frå alt dei eigde då den hindunasjonalistiske mobben slo til. Av omsyn til tryggleiken deira har eg valt å sladda andleta.
(Dette er ein kronikk som først vart publisert i Dagen som svar på Jan-Aage Torps innlegg der han kritiserte mellom andre meg.)
I sin iver etter å framsnakka India gjer Jan-Aage Torp det same som Erik Solheim: Han hoppar bukk over det politiske ansvaret for hinduekstremismen i landet.
Eg har aldri påstått at India er «et av verdens verste land». Aktørane som publiserer rangeringar, kan sjølve gjera greie for metodebruken.
Men den djupe uroa for utviklinga i India blir ikkje mindre etter å ha lese innlegg frå folk som Jan-Aage Torp. Han insisterer på at han tek ekstremisme, trakassering og vald mot kristne og muslimar på alvor. Likevel fungerer Torps innlegg som ei bagatellisering, sidan han skriv hendingane av på ein konto for proporsjonar i eit land med 1,4 milliardar menneske. Torp har rett i at langt frå alle kristne har opplevd forfølging på kroppen.
Hindunasjonalistisk agenda
Men det slår meg at Torp ikkje med eit ord at ekstremistane har ein hindunasjonalistisk agenda og er tett kopla til regjeringspartiet BJP og statsminister Narendra Modi.
Dette er ikkje tilfeldige ekstremistgrupper som plagar kristne i eit og anna lokalsamfunn som er spreidde rundt i det mest folkerike landet i verda. Det er verst i nokre delstatar, dei fleste i nord, betre i andre.
Men det vi samla sett ser er organisert og veksande hindunasjonalistisk ekstremisme som har som mål at India skal vera eit land for hinduar. Veksande hatretorikk, organisert frå toppen, framstiller kristne og muslimar som illojale og farlege og ein trussel mot det hinduistiske India, og hatretorikken er blitt ein del av det politiske styresettet.
Fascistisk arv
Fremst i toget av ekstremistar står paramilitære Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS). Med sin hindutva-ideologi definerer RSS India som ein hindunasjon. Regjeringspartiet BJP er den politiske greina av rørsla.
RSS uttrykte på 30-talet djup fascinasjon for europeisk fascisme, og ein sentral leiar gjorde i 1939 Tysklands rasepolitikk til modell for Hindustan. Eg har aldri sett RSS eller BJP ta oppgjer med fortida. Tvert imot konstaterer forskarar at India har den lengstlevande fascistiske rørsla i verda. Statsminister Modi, som sjølv har RSS-bakgrunn, har ført RSS til makta.
13 av Indias 28 delstatar har innført lover som kriminaliserer konvertering til kristen og muslimsk tru. Sjølvsagt skal ikkje nokon tvingast eller kjøpast til å bytta tru. Men det finst ikkje bevis for at dette er eit problem. Lovene er derimot blitt farlege våpen i hendene på hindunasjonalistiske ekstremistgrupper som utan prov påstår at kristne tvangskonverterer stammefolk og angrip pastorar, gudstenester og bønemøte.
Arven etter misjonærane
Ein av desse delstatane er Jharkhand. Den evangelisk-lutherske kyrkja i nord som har hovudkontor i byen Dumka, vaks ut av misjonsarbeidet som Lars Skrefsrud og danske Hans Børresen starta blant santalfolket i 1867. Torp skriv at arven forpliktar: «man må kjenne språket, kulturen og menneskene før man feller dommer». Det er eg sjølvsagt samd i.
Men arven som svært mange misjonærar etterlet seg og som vart til stor hjelp for santalfolket og andre urfolksgrupper fleire stader i India, blant anna gjennom helse og utdanning, blir i dag i mistenkeleggjort av statsminister Modis vener som utanlandsk undergraving. Også i Jharkhand har omfanget av hatefulle angrep vakse etter at Modi kom til makta.
Kva snakka Torp om?
Torp framhevar at som «offisiell gjest» hos utanriksdepartementet i India kunne «snakke fritt om religionsfrihet». Tok Torp opp det politiske ansvaret for hinduekstremismen i India? Konfronterte han vertskapet med at omfanget av trakassering, trugsmål og vald retta mot kristne er mangedobla etter at Modi kom til makta i 2014? Fortalde han at mange kristne familiar blant stammefolk i delar av Chhattisgarh har måtta flykta frå alt dei eig og at det er tilfelle der døde er gravd opp igjen på gravplassar.
Vi kan snakka om Vest-Bengal. I vår vann hindunasjonalistiske BJP for første gong eit val i denne delstaten. Brått kom ei bølgje av angrep mot kristne. Evangelical Fellowship of India har dokumentert 32 tilfelle av trakassering av, trugsmål, vandalisme og tvangskonvertering frå mai til oktober. Andre har rapportert dobbelt så mange hendingar. Torp vil kanskje svara at kvart tilfelle er alvorleg, men minna om proporsjonar i ein delstat med 100 millionar menneske.
Måtte avlysa tur til Calcutta
Eg veit ikkje om det gjer inntrykk på han slik det gjer på meg. Ei gruppe på knapt ti frå Oase, Evangelisk Orientmisjon og Normisjon skulle i haust besøka ein gammal samarbeidspartnar i Kolkata (Calcutta). Dei måtte avlysa turen fordi vertskapet ikkje kunne garantera for tryggleiken deira. Besøk frå utlandet kunne dessutan skapa problem for vertskapet.
Dette er eitt av mange illevarslande teikn som tydelegvis diverre går under radaren for folk som vil framsnakka Modis India også for pengane og handelen si skuld.
Vi må gjerne handla. Men å bagatellisera dei kreftene som får setja sitt mørke preg på det som ein gong var «det største demokratiet i verda» og hoppa bukk over statsminister Modis ansvar, er å svikta kristne.