Pinsepastorar i Uttar Pradesh er på tiltalebenken etter det dei meiner er ugrunna påstandar om konvertering med tvang og press.

Pinsepastorar i Uttar Pradesh er på tiltalebenken etter det dei meiner er ugrunna påstandar om konvertering med tvang og press.  


Fleire kristne er også utsette for trugsmål frå ei hindunasjonalistisk rørsle – Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS). 24. september blei tre kristne til arresterte og ein annan pastor truga, melder den kristne trusfridomsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide.

Hindunasjonlistane reknar berre hinduar som gode indarar. Det set religiøse minoritetar – både kristne og muslimar – i hardare og hardare skvis.

Storma kyrkje
I ei av dei mest alvorlege sakene storma ein hinduekstremistisk mobb inn i ei kyrkje – Assembly of Believers Church i Shastri Nagar Kanpur – og truga pastor Shaliendra Emmanuel med «alvorlege konsekvensar» dersom ikkje søndagsgudstenesta vart avslutta.

I ein annan by, Kariyabar varsla hindunasjonalstar knytta til den ytterleggåande Hindutva-rørsla politiet om at ein kyrkjelyd konverterte folk til kristendommen. Det førte til at politiet kom til kyrkja og forstyrra gudstenesta som var leia av Bahavan Ram. Men i dette tilfelelt fann politiet ingen prov for skuldingane og ingen blei arresterte.
 

Truslar mot pastor
24. september heldt pastor Nanhelal på med reparasjonar på kyrkja i Gopalapur i Jaunpur. Han vart oppsøkt av politifolk som truga han med at det ville få alvorlege følgjer dersom han ikkje sluttar å halda søndagsgudstenester.

Desse hendingane kom i kjølvatnet av andre og liknande saker i den same delstaten dei siste månadane. Kjelder Christian Solidarity Worldwide har snakka med, estimerer at minst 23 pastorar og familiemedlemmer er blitt taua inn og vilkårleg varetektsfengsla mellom 20. august og 18. september. Nokre er seinare sette fri.
 

Aukande intoleranse
– Dette er djupt urovekkjande og viser den aukande religiøse intoleransen i India. Når politiet driv med tilfeldige arrestasjonar, bryt det med lov og rett. Vi ber regjeringa i India sikre at alle pastorane som er haldne i varetekt, vert sette fri. Og vi ber regjeringa arbeide for å sikra trus- og livssynsfridommen for alle indarar, slik den er garantert i den indiske konstitusjonen og i Konvensjonen om sivile og politiske rettar, som India er ein del av, seier Mervyn Thomas, leiaren i CSW.

Det er fleire urovekkjande teikn til aukande religiøs intoleranse i Uttar Pradesh. 16. september kom ein mobb på kring 200 menneske og forstyrra eit bønemøte i ei kyrkje i Jeevan Jyoti. Dei gjekk i prosesjon under safranflagget, som er det offisielle hindu-flagget, spelte høg musikk og dansa på plattforma i bønelokalet. Kyrkjelyden måtte avlyse samlingane både den dagen og 18. og 23. september.

Øydela bønemøte
Tidlegare same veke, 13. september, vart eit bønemøte i bygget til Jeevan Marg Charitable Trust i landsbyen Karmahi i Paunpur angripen av ein valdeleg mobb.  Alle som deltok i bønemøtet, medrekna pastor Ravindra Maurya, måtte flykta.

Den religiøs intoleranse har auka år for år etter at det hindunasjonalistiske partiet BJP kom til makta i India i 2014. I 2017 var det så mange valdelege angrep på kristne at den evangeliske alliansen i India kalla dette eit «traumatisk år» for kristne som mistar tiltrua til styresmaktene.

Hinduekstremistane i Uttar Pradesh fekk ny vind i segla då BJP vann delstatsvalet i 2017. Etter den tid har dei gong på gong truga religiøse minoritetar og utført valdelege angrep, inkludert lynsja folk for påstått slakt av kyr – som vert rekna som heilage dyr av hinduar. Det er muslimar som særleg vert angripne for kuslakt.

Ungdomsmobb
Også i juli skjedde det hindunasjonalistiske valdsangrep i Uttar Pradesh. 2. juli angreip ein mobb på 20 menn Yeshu Darbar-kyrkja i Pratapgarh. Valdsmennene høyrer til Hindu Yuva Vahini (HYV). Det er ein ungdomsmilits som forsvarar hindutva-ideologien.

I april avbraut politiet ei gudsteneste etter at den same ungdomsmilitsen påstod at kyrkjelyden dreiv med konvertering, melder Indian Express.

Meir enn 150 menneske var med på gudstenesta. Denne ungdomsmilitsen vart i si tid etablert av Yogi Adityanath som i dag leier delstatsregjeringa i Uttar Pradesh. Pastor Yohannan Adam som leia gudstenesta, avviser skuldingane om konvertering av hinduar til kristendommen.

Sju delstatar i India – Uttar Pradesh er ein av dei – har innført lover som kriminaliserer det å konvertere frå hinduismen til andre religionar.

Tiltalte
World Watch Monitor melder at  271 kristne i Uttar Pradesh er blitt skulda for å konvertere hinduar med bruk av «løgner og dop» og ved å spreie løgner om hinduismen.

Dei 271 vart først frikjende i retten i august, men er no tiltalte på nytt, melder Asia News, med politiet som kjelde. Tre av dei 271 er namngjevne pinsepastorar. Dei andre er ikkje namngjevne.

– I Uttar Pradesh har hinduradikalarar fabrikkert ugrunna skuldingar mot pinsekristne, seier presidentsen i Global Council of Indian Christians.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Stefanusalliansne kjemper for trosfriheten – blant annet ved å fortelle om overgrep og trakassering.

Gi en gave