Nigeria: Islamske ekstremistar massakrerte fredelege muslimar - Stefanusalliansen
Mennesker ble massakrert og hus og forretninger brent ned i to landsbyer i Kwara-staten.

Mennesker ble massakrert og hus og forretninger brent ned i to landsbyer i Kwara-staten.  

Nigeria   

Då to samfunn der dei aller fleste er muslimar, nekta ei i islamistgruppe å forkynna si ekstreme form for islam, kom massakrane. Minst 170 blei drepne. 

Blodbadet ramma to landsbyar i Kwara-staten vest i Nigeria. Det starta klokka 5 på ettermiddagen 3. februar og pågjekk i fleire timar utover natta til klokka 3 om morgonen. Massakrane skjedde i landsbyane Woro og Nuku i Kaima-distriktet.

I denne saka frå BBC og i denne frå Al Jazeera kan du òg sjå oppskakande videoar.

Gruppe frå Bomo Haram
Inga gruppe tok straks på seg ansvaret for massakrane. Men det synest klart at islamistgruppa Mahmuda  stod bak. Dette er ei nokså ny terrorruppe som er knytt til den langt meir kjende Boko Haram

Islamistgruppa Mahmuda har dei siste par åra operert i Kwara-staten og nabostaten Niger. Kwara og Niger ligg vest i Nigeria, på grensa mot Benin. Mamuda har stått bak ein serie blodige angrep rundt den store nasjonalparken Kainji Lake. 

– Kwara var fredeleg før Mamuda etablerte seg der. Mamuda står for ei svært, svært ekstrem utgåve av islam, seier Reuben Buhari i menneskerettsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide (CSW), Nigeria. Hans kjelder seier at Mahmuda stod bak blodbadet,

Mahmuda har tidlegare ikkje berre angripe sivile, men også andre væpna grupper.

Avviste ekstrem islam
Islamistgruppa Mahmuda hadde, seier Buhari, ein månad tidlegare sendt brev og bedt om å få koma til landsbyane for å indoktrinera folket med deira ekstreme utgåve av islam.

 – Men landsbyane sa nei, muslimane i desse landsbyane ville ikkje ha denne ekstreme utgåva av islam, seier Buhari. Guvernøren i Kwara seier at landsbyane nekta «å underkasta seg» denne ekstreme forma for islam.

Ifølgje CSW Nigeria blir det spekulert i om massakrane var hemn for at brevet vart lekka.

– Nigerianske tryggingsstyrkar gjorde først ingenting så landsbyane varsla. Då gruppa slo til tysdag ettermiddag, var det nokre få frå tryggingsstyrkane der. Men Mamuda omringa landsbyane før dei gjekk frå hus til hus. Dei tok ut mennene og drap alle mennene dei fekk tak i, dei skaut dei framfor kvinnene og barna. Dei gjorde dette for å senda ein klar beskjed, seier Buhari.

Ifølgje landsbyleiinga var 90 prosent av offera muslimar og 5 prosent kristne.

Ein overlevande fortel at terroristane starta drepinga og sette fyr på alle butikkar og mange heimar og at fleire omkom i flammande.

 

Muslimane i desse landsbyane ville ikkje ha denne ekstreme utgåva av islam.

Reuben Buhari, CSW 
 

 

Gravlegg mange titals døde
Seint torsdag kveld seier Buhari:

–  Vi har høyrt om 75 som er gravlagde, ei kjelde seier 78. Andre kjelder seier at det er over 100 døde, nokre seier at det kan vera over 160 drepne. Vi veit ikkje sikkert enno fordi det framleis blir funne døde inne i bushen, seier Buhari.

President Bola Tinubu la skulda på Boko Haram og utplasserte ein hærstyrke i områder, melder BBC.

Buhari sine kjelder stadfestar at hæren har innteke området etter massakrane.

Den same dagen, 3. febrar, vart minst 24 menneske drepne og fleire andre skadde i Doma i Katsina-staten nord i Nigeria.

Ein overlevande klaga til nigerianske media at «det er no heilt tydeleg at regjeringa ikkje kan gjere noko for å verne oss, sjølv om dette er deira fremste ansvar ifølgje grunnlova – men regjeringa har svikta.»

Endå meir urovekkjande er det at drapsmennene etter rapportane å døme skal ha sagt til lokalsamfunna at drapa «berre var starten».

I delstaten Benue vart minst 17 menneske, inkludert ein kommandør i den mobile politistyrken, drepne i eit angrep frå fulani-milits mot Abande-samfunnet. Terroristane plyndra butikkar og stal millionar av naira frå handelsfolk før dei tende på delar av marknaden, melder CSW Nigeria.

Kidnappa kristne sette fri
Meldinga om massakrane i Kwara denne veka kjem samstundes med ei melding om at 166 kristne som blei bortførte i Kaduna-staten 18. januar, no er sette fri. Kaduna-staten ligg aust for Niger-staten, nord for hovudstaden Abuja. Det er enno ikkje kjent korleis dei vart sette fri.

Bortføringane blei først benekta av politiet, før politiet vedgjekk at dei kristne likevel var kidnappa. No er dei 166 altså sette fri. Bak bortføringane stod ei anna gruppe, ein brutal milits frå gjetarfolket fulani. Fulani-milits har stått for ein høvesvis stor del av terroren i Nigeria dei siste åra, langt meir enn dei kjende islamistgruppene Boko Haram og IS.

Under eit møte med dei heimvende den 5. februar uttrykte guvernør Uba Sani i Kaduna-delstaten at regjeringa hans er forplikta til å hjelpa med rehabiliteringa av dei som no er sette fri, og at dei har planar om å byggje interne vegnett, eit sjukehus og eit senter for kompetanseutvikling.

CSWs grunnleggar og president, Mervyn Thomas, sa:
«CSW uttrykkjer djup medkjensle med dei hundrevis som sørgjer etter dei siste angrepa i delstatane Kwara, Katsina og Benue. Vi oppmodar dei respektive delstatsstyresmaktene og den føderale regjeringa til å handla raskt for å sikra at alle som er bortførte, blir sette fri. Vi helsar velkommen at mange er sette fri. Likevel gjentek vi vår uro over rapportar om trege og utilstrekkelege reaksjonar frå militæret medan valdshandlingane pågjekk, og over klare teikn på ei ubønhøyrleg utviding av terroristaktiviteten mot sørvest i landet. Vi oppmodar dei nigerianske styresmaktene til å handla raskt for å tetta gap i tryggleiken, gap som blir utnytta av terroristgrupper.»