Det blei inga ankesak for kristne i Iran 3. september. Her er pastorparet Victor Bet Tamraz og Shamiram Issavi - og Amin Afshar-Naderi og Hadi Asgari.

Det blei inga ankesak for kristne i Iran 3. september. Her er pastorparet Victor Bet Tamraz og Shamiram Issavi - og Amin Afshar-Naderi og Hadi Asgari.  


Det er Middle East Concern som melder dette. I utgangspunktet skulle tre ankesaker opp med i retten 3. september, med i alt seks iranske konvertittar og leiarar for konvertittar, deriblant pastor Victor Bet Tamraz, kona Hans Shamiram og sonen Ramiel. Deretter kom det melding om at berre ei av dei tre sakene ville koma opp, saka til Shamiram Issavi og ein annan. Men så kom altså ikkje dommren.

Iranske kristne ber om fortsatt bøn om at alle tiltalte i dei tre sakene vil etter kvart blir frifunne for alle skuldingar mot dei og at Herren vil styrke og oppmuntre alle iranske kristne som er utsett for falske klagemål for handlingar mot nasjonal tryggleik berre på grunn av den kristne trua deira og aktivitetane deira, melder Middle East Concern.

Organisasjonen Artikkel 18 har laga ei samla fangeliste for kristne i Iran.

Vil du støtte vårt arbeid for kristne i Iran? Gje ei gåve.

 

AKTUELT

PROSJEKT