Atena ser det som Guds leiing at ho ikkje var der då politiet slo til.

Atena ser det som Guds leiing at ho ikkje var der då politiet slo til.  


Ein kveld tidleg i 2012 stod overvakingspolitiet på døra. Leiarane i eit nettverk av huskyrkjer i Irans tredje største by, Isfahan, hadde månadsmøte.

13 av 14 leiarar i huskyrkjenettverket var samla. Innkallinga hadde skjedd så lite sporbart som råd. Ingen veit korleis møtet blei avslørt. Dei hadde, fekk dei vita, vore overvaka i to månader.

Dei hadde gjort mykje for å sikra seg, med maksimalt sju i kvar gruppe. Når ein ny muslim kom til kristen tru, venta eitt års oppfølging før introduksjon i ei gruppe – for å sila ut eventuelle spionar. Berre leiarane visste om andre grupper. Kvinnelege pastorar tok på seg burka på besøk i landsbyar.

To av kvinnene hadde med små barn og slapp arrestasjon, men ikkje avhøyr. Dei 11 andre vart sperra inne, i 15 eller 21 dagar.

Maryam Batenni, ei av dei to mødrene, og mannen hadde starta nybrotsarbeid i ein liten by. Dei lærte opp tenåringar. «Vil du fornekta trua di?» var eitt av spørsmåla. «Eg kan ikkje fornekta trua på Kristus», svara ho.

 

Eg kan ikkje fornekta trua på Kristus

Maryam Batenni

 

Vart varsla

Atena (33) skulle vore på møtet, men var i ein annan by. Ho vart varsla av søstera si som slapp arrestasjon på grunn av eit lite barn. Atena hasta til ein telefonkiosk og varsla andre som kunne gøyma kontaktinformasjon. Politiet var i gang med husransaking.

Atena, dei fem søskena og foreldra var alle muslimar før dei blei kristne. Atena hadde ansvar for kring 100 medlemmar i huskyrkjer. 90 prosent hadde muslimsk bakgrunn og kom til tru ved å sjå satellitt-TV, gjennom syn eller ved å ha blitt vitna for av slekt som hadde vore utanlands. Fordi Atena framleis har foreldra i Iran, kan vi ikkje bruka namnet hennar.

Ho blei kalla inn til avhøyr i det som viste seg å vera eit vanleg hus.

– Eg hadde høyrt om overgrep i avhøyr og var skrekkslagen i møte med tre menn. Eg prøvde å løyna redsla ved å ha hendene i lomma. Dei truga med at dei ville henta foreldra mine frå Teheran dersom eg ikkje svarte.

Atena var uroleg for søstrene som også vart avhøyrde, den eine var fengsla.

– Politiet ville vita kvar huskyrkjene var, kven som var med og kva kontakt vi hadde med folk utanfor Iran. I eitt avhøyr vart eit lydband spelt av, ein av mennene i gruppa ropte fortvilt på hjelp i eit brutalt avhøyr. Det var oppskakande.

– Men det var ein god ting også, legg Atena til. – Vi hadde gjeve familierådgjeving til eit par som ville gå frå kvarandre. «De gjer gode ting, kvifor gjennom kristendommen?» vart ho spurd.

Med bind for augo vart Atena først ført til ei einecelle, deretter til ei celle saman med andre kvinner. Politiet ringte faren og fortalte om fengsling og avhøyr av tre døtrer. Det var eit sjokk som gjekk hardt utover helsa, han sleit frå før med høgt blodtrykk.

Høge kausjonar

Faren fekk krav om å betala verdien av huset for at tre døtrer skulle sleppa ut før dommane fall. Kausjonen blei til slutt 6400 dollar for dei to som var på møtet, halvparten for Atena.

Dagens FNs spesialrapportør for trusfridom, Ahmed Shaheed opplyste i 2014 som rapportør for menneskerettar i Iran at 300 kristne vart arresterte i åra 2010 til 2013. Talet hadde stige til 500 i 2014.

Etter to månader kom dommane mot leiarane i nettverket: eitt års fengsel og 60 piskeslag. Endelege dommar vart eitt års fengsel og to års forbod mot å forlata landet. 12 av dei 14 drog før soning.

– I avhøyr fekk vi høyra: «De kan ikkje leva normalt som kristen.» Vi fekk høyra at vi var kriminelle og hadde fortent dødsstraff. Vi var overvaka etter at vi kom ut og kunne ikkje ha fellesskap med folk i huskyrkjene, det ville avsløra mange. Mannen min og eg var redde for å gå i fengsel, med ein son heime, seier Maryam.

– Politiet ville pressa oss ut av landet. Vi opplevde ei klar melding frå Gud om at det beste var å reisa, seier Atena.

Hausten 2012 kryssa dei grensa til Tyrkia.

Kom til tru

Nahid (53), sonen og dottera heldt til i Khesestan, ein liten by utan huskyrkje.

Nahid sona på 1980-talet fire år og fire månader i fengsel, som kommunist. Ho var 18 år då ho vart sperra inne. Då ho kom ut, hadde Nahid lagt bort kommunismen og blitt interessert i religion – gjennom ei sufistisk bok med meditasjon over Fadervår lærte ho Herrens bøn. Ein nevø som hadde vore utanlands, viste henne kristne undergrunnsbøker. For 11 år sidan kom Nahid til tru.

Då politiet slo til mot leiarmøtet, fekk politiet vita namna til Nahid og borna. Redsla slo inn.

– Som tidlegare fange hadde eg ingen status. Borna frykta livet ville bli lagt i grus. Difor drog vi til Tyrkia.

Kor mykje av arbeidet i nettverket som vart hardt ramma, er usikkert.

– Eg håpar tenåringane får oppfølging, seier Maryam.

– Eg har kontakt med nokre, seier Atena.

 

«Eg prøvde å løyna redsla ved å ha hendene i lomma.»

Atena

Må venta forfølging

– Huskyrkjene må vera klar over at det kan skje forfølging og førebu seg på dette, seier Atena. – Hadde vi visst det som ville skje, ville vi snakka med familiane våre slik at dei var klare. Vi kunne også skaffa oss ein betre advokat, han vi fekk, samarbeidde også med regimet.

Atena, Maryam og Nahid studerer hos Pars Theological Centre som utrustar kyrkjeleiarar i og utanfor Iran. Atena ser også svært urovekkjande trekk blant leiarar i undergrunnskyrkjer inne i Iran.

– Somme leiarar opplever status av stor vekst. Mange har djupe sår på grunn av kontrollerande og usunn leiarskap. Vi lagar konferansar for å utdanna betre leiarar, og vi følgjer opp enkeltvis. Leiarar som sjølve har sår, har lettare for å såra andre, seier Atena.

Eitt av emna Pars tok opp i undervisning av leiarar i 2018, var seksuelle overgrep i iranske huskyrkjer.

– Det er viktig å konfrontera leiarar, seier Ron, tidlegare pastor i Teheran, som underviste i dette temaet.

Sjokkerte

Mange får koma vidare til andre land. Nokre vil bli i Tyrkia. Nahid og Maryam er fortvilte over at USA avviser dei.

– USA ville berre ta mot barna mine, sidan eg var «politisk kriminell» i Iran. Men ingen skal straffast for tidlegare livssyn. Først vart eg straffa av eit islamsk regime, no av USA. Men eg må stola på at Gud har ein plan. Studiane hos Pars gjev meg intellektuell stimulanse, seier Nahid. Barna hennar som har fått innreisa si til USA sett på vent, arbeider i eit reiseselskap og sender iranarar som spør om kristen tru, til mora.

– Vi er sjokkerte. Vi trudde USA var i front i kampen for menneskerettar, seier Maryam.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2018. BESTILL GRATIS ABONNEMENT

 

AKTUELT

PROSJEKT