Patriark Kirill leier den russisk-ortodokse kyrkja som mislikar minoritetar.

Patriark Kirill leier den russisk-ortodokse kyrkja som mislikar minoritetar.  


´I 2016 signerte president Vladimir Putin ei lov som i praksis forbyr misjon for alle andre enn Den russisk-ortodokse kyrkja. Lova blei innført som del av eit lovverk for å stogga ekstremisme og terror.

Alle andre trusretningar enn den russisk-ortodokse kyrkja blir sett på med mistenksame augo, gjerne som «utanlandsk innblanding».

No ser vi resultata. Ikkje minst er protestantiske kristne under veksande trykk.

– Truande er redde for å dela Guds Ord med folk, fordi dei er redde for bøter. Politi og rettsvesen reknar all kyrkjeaktivitet som misjon, som absolutt ikkje er tilfelle, seier advokat Vladimir Ozolin.

Han representerer russiske pinsevener og uttalar seg til Forum 18 Newsservice som følgjer utviklinga for trusfridommen i landa som utgjorde Sovjetunionen.

Anti-misjonslova rammar i praksis både å forkynna, be, dela ut religiøst materiale og til og med svara på spørsmål om tru utanfor godkjende stader for religionsutøving.

Stilte for retten
I 2018 vart det teke ut 159 tiltalar i Russland for påståtte lovbrot.  Dette var rett nok ein nedgang frå 2017, det første heile året med den strenge lova. Ein viktig grunn til nedgangen er at Jehovas Vitne blei forboden i juli 2017 – stempla som «ekstremistorganisasjon». Jehovas Vitne risikerer no reine kriminalsaker.

Ein annan grunn til nedgangen kan vera at evangeliske kristne og andre er blitt meir redde for aktivitet som kan tolkast som forboden misjon – med høge bøter som resultat.

Høgsterett og Konstitusjonsdomstolen har gjort noko for å tydeleggjera lova. Men pinseven-advokat Ozolin seier at «politi og påtalemakt ser ut til å ha ein plan for kor mange saker dei skal etterforska og så sender dei alle saker til retten».

Straff for bønemøte heime
Anti-misjonslova blir brukt til å kontrollera og straffa ikkje berre offentleg utøving av tru, men også det som skjer i private heimar. Å posta videoar på sosiale media og å be saman med vener heime blir tolka som forboden misjonsaktivitet, skriv Forum 18.

Sjølv om det er blitt færre tiltalar, er sjansen for å bli dømt blitt større – dersom du først er tiltalt. 159 tiltalar førte til 132 dommar, 129 av dei enda med bøter. Anker fører svært sjeldan fram.

Søkjer juridiske råd
Pinseforsamlingar søkjer i aukande grad advokatråd om korleis dei skal opptre for å unngå å få politi og påtalemakt på nakken. Advokat Ozolin har laga fleire kurs for lokale pinseforsamlingar om korleis dei skal overleva under anti-misjonslova.

Talet på bøter for å ha arrangert bønemøte i private heimar har vakse sterkt under anti-misjonslova. Ein advokat samanliknar rettstilstanden med å bøteleggja ein bilførar fordi passasjeren hans drikk te – med den grunngjevinga at vegen ikkje er bygd for å drikka te.

Hardast ramma
Nær sagt alle trusretningar har opplevd rettssaker retta mot seg eller mot enkeltpersonar, melder Forum 18. Protestantiske kyrkjer er hardast ramma. I 2018 vart pinsevener, baptistar og andre evangeliske kristne utsette for heile 89 av dei 159 tiltalane.

I 2018 vart det forresten for første gong reist tiltale mot nokon i Den katolske kyrkja og i Metodistkyrkja. Bibeldistributørane Gideon fekk ein dom mot seg i 2017. Frelsesarmeen i Vladivostok vart i desember 2017 dømd for å ha distribuert biblar utan å bruka sitt fulle namn på biblane. Frelsearmeen nådde ikkje fram med anken. Det er i 2018 reist saker både mot jødar og adventistar. Hare Krishna rapporterer om ein atmosfære med frykt.

For nokre månader sidan vart pinsevenene sitt Eurasian Theological Seminary fråteke lisensen. I januar vart Baptistunionens sitt teologiske seminar i Moskva suspendert i 60 dagar, med forbod mot å ta imot nye studentar. Suspensjonen er no oppheva.

Så langt i år er to baptistar bøtelagde for å ha delt ut religiøs litteratur på ein busshaldeplass, og ein buddhist er straffa for å ha arrangert meditasjon.

«Moralsk forfall»
Den russisk-ortodokse kyrkja har under Putin skaffa seg privilegium som ei statskyrkje som vil verna «Russlands sjel». Andre merkar presset.

Både politiske krefter og ortodokse kyrkjeleiarar har åtvara sterkt mot veksten i ulike trusretningar etter at Jernteppet fall frå 1989 til 1991. Organisasjonar og trussamfunn utanfrå etablerte seg i Russland og andre land i aust, ikkje alle med like kloke framgangsmåtar.

Protestantiske og katolske kyrkjer og andre trussamfunn blei stempla som «destruktive krefter» som kunne utløysa moralsk forfall. I den skjerpa politiske kampen mot «ekstremisme» vert mange ramma. Det har vore lett å hamna i sekken «totalitære sekter».

Den skarpe retorikken mot «sekter» kan skapa eit klima med marginalisering og veksande skepsis mot alle andre enn ortodokse. Så langt er ingen andre enn Jehovas Vitne ramma av forbod. Men menneske som deler trua si med andre, har likevel god grunn til å uroa seg.

 

FØRST PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD SOM KRONIKK 29.7.2019

AKTUELT

PROSJEKT