Putin-styrkar arresterer, torturerer, drep ‘ulydige’ ukrainske prestar - Stefanusalliansen
Assisterande generalsekretær Anatoliy Raychynets (nummer to frå venstre) saman med kollegaer pastor Yaraslavl Pavenko, som vart drepen i fjor. Han var nær ven av Raychynets. Dei står framfor ein minnestad for fire pinsevener som vart drepne i Slaviansk i juni 2014, like etter den russiske invasjonen aust i Ukraina for 11 år sidan.

Assisterande generalsekretær Anatoliy Raychynets (nummer to frå venstre) saman med kollegaer pastor Yaraslavl Pavenko, som vart drepen i fjor. Han var nær ven av Raychynets. Dei står framfor ein minnestad for fire pinsevener som vart drepne i Slaviansk i juni 2014, like etter den russiske invasjonen aust i Ukraina for 11 år sidan.  


Prestar og pastorar som motset seg «russifisering» av okkuperte delar av Ukraina, lever farleg. Sidan 2022 er 69 så langt drepne.

– Ein av dei drepne pastorane var ein nær ven av meg. Ein trufast pastor i teneste for Gud og menneske vart drepen i krigen som Putin seier er ein krig mot «ugudelege Ukraina», fortel Anatoliy Raychynets til Magasinet Stefanus.

Han er assisterande generalsekretær i Det ukrainske bibelselskapet. Yaraslavl Pavenko, pastorvenen hans, blei torturert og drepen i februar 2023.

Raychnets har vore ved frontlina fleire gonger. Han veit kva titusenvis av utdelte nytestamente har å seia for soldatar i skyttargravene. Men han veit også kva smerte soldatar og familiane deira ber på.

Putins mål er å knusa Ukraina. Også alt kyrkjeleg som smakar ukrainsk, skal ryddast vekk. Det er den brutale «Russkij mir»-ideologien, velsigna av patriark Kirill i Den russisk-ortodokse kyrkja.

– Russkij mir-ideologien minner om nazismen, seier Raychynets, som i lange periodar etter starten på fullskala-invasjonen i 2022 har leia det ukrainske kyrkjerådet.

 

Russkij mir-ideologien minner om nazismen

AAnatoliy Raychynets

 

Tortur
Rapporten «The impact of the Russian invasion on faith-based communities in Ukraine»
frå februar i år dokumenterer overgrepa mot kyrkjesamfunna.

«Kreml brukar religion, særleg russiske religiøse senter, som verktøy i krigen mot Ukraina. I tillegg til å spreia hat mot ukrainarar, praktiserer okkupasjonsmakta vilkårlege arrestasjonar, tortur og til og med drap på ukrainske religiøse leiarar», heiter det i rapporten.

Rapporten fortel at okkupantmakta held fram med å «torturera prestar og pastorar» og at over 600 kyrkjer var sterkt skadde eller øydelagde. Fleire kyrkjer er øydelagde etterpå.

Drepne
I dei okkuperte områda er mange protestantiske kyrkjer stengde. Desse kyrkjene er nekta registrering under russisk lov og er difor forbodne, dokumenterer Forum 18 News Service.

Då Raychynets og eg møttest i Oslo før påske, var det dokumentert at 67 prestar og pastorar var drepne sidan 2022.  Nokre dagar etterpå kunne Raychynets frå Kyiv fortvilt melda at endå to pastorar var drepne, ein av dei frå hans eige kyrkjesamfunn, Den evangeliske kyrkja i Ukraina. I starten av april vart pastoren drepen av ei russisk drone i Kherson – medan han delte ut mat til fattige.

 

Vi ber og håpar at Gud kan redda oss

Anatoliy Raychynets

 

Pastor vart smugla ut
Pastor Pavel var pastor i det same kyrkjesamfunnet. Då trugsmålet frå okkupantmakta kom farleg nær i april 2024, måtte Pavel smuglast ut, om lag slik Paulus vart smugla ut av Damaskus. Pavel vart gøymt i ein bil, mellom kassar og passasjerar, og frakta gjennom Russland, til eit land i Baltikum.

I dag er Pavel i Storbritannia. Det verkelege namnet hans kan eg ikkje nytta, Pavel er utsett for farleg russisk press. Han ønskjer ein dag å venda heim i teneste for kyrkja si i eit frigjort Ukraina.

To pastorar i det same kyrkjesamfunnet har i fleire månader vore i russisk fangenskap, fortel Raychynets. Dei fryktar meir tortur, kanskje kjem dei ikkje levande ut. Difor kan eg ikkje skriva kva dei heiter eller kvar dei sit fanga.

– Protestantiske kristne som ikkje har flykta, har gått under jorda. Der møtest dei i løyndom, fortel Raychynets. Det gjeld folk i hans eige kyrkjesamfunn.

 

Protestantiske kristne som ikkje har flykta, har gått under jorda. Der møtest dei i løyndom.

Anatoliy Raychynets

Levande håp
– Fortel for oss! Fortel kva vi er utsette for! Ver ei stemme for oss!, seier Raychnets til Magasinet Stefanus.

Raychynets viser meg eit bilete. Det er målt av ein kollega i Bibelselskapet i Ukraina og viser den oppståtte Kristus framfor krigsruinar. Biletet gav håp i påsketida.

I det eg sender manuset frå meg, regnar det framleis bomber over landet.

– Vi ber og håpar at Gud kan redda oss, seier Raychynets.

Razziaer, tortur og fengsling
Den 2. mars raida offiserar frå det hemmelege russiske politiet FSB og Anti-ekstremisme-senteret til politiet i Luhansk søndagsgudstenesta til ei baptistkyrkje i Stakhanov. Dette var den siste av mange razziaer mot religiøse samfunn i russisk-okkuperte delar av Ukraina, fortel Forum 18 News Service. Forum 18 har gjort ein omfattande analyse: Trusfridommen og beslekta menneskerettar blir alvorleg krenkte i russisk-okkuperte område av Ukraina. Forum 18 dokumenterer blant anna at alvorlege og systematiske krenkelsar av religions- eller trusfridommen starta med invasjonen i mars 2014. Det er dokumentert press, kidnapping, tortur, fengsling og drap på religiøse leiarar; stans av gudstenester, forbod mot og nedlegging av religiøse samfunn; fengsling av samvitsfangar for å ha utøvd religions- eller trusfridom; forbod mot religiøse tekstar og reinsing av bibliote; og rettsforfølging under påskot av tiltak mot «misjonering».

Okkupasjonsstyrkane går målretta etter religiøse samfunn som ikkje har registrering under russisk lov. Dei beslaglegg religiøs litteratur, fotograferer dei som deltek i gudstenestene og overleverer materialet til påtalemakta for at religiøse leiarar skal bli tiltalt. I tilfellet med baptistkyrkja blei pastor Andrey Khmelevsky frikjent av mangel på prov.

Fleire andre baptistpastorar har fått bøter for «ulovleg misjonsaktivitet».

– Så lenge Russlands okkupasjon av ukrainsk territorium fheld fram, ser det ut til at krenkingane av religions- eller trosfridommen andre menneskerettar vil fhalda fram, skriv Forum 18.

Sendt i fangeleir
Også prestar i dei to ortodokse kyrkjene i Ukraina er under press: Den ukrainsk ortodokse kyrkja (UOC) som framleis har band til Moskva-patriarkatet, og Den ortodokse kyrkja i Ukraina (OCU) som til Putins raseri vart sjølvstendig i 2019.

I dei annekterte områda har patriark Kirill oppretta nye russiske bispedømme. Og Putins brutale styrkar skal tvinga prestane over.

Fader Konstiantyn Maksimov i Moskva-linka UOC nekta i 2023 å bli med i eit nytt  bispedøme. I februar i år vart han overført til arbeidsleir med hardt regime i Russland, dømt til 14 år for «spionasje».

Presten Stepan Podolchak (59) i den sjølvstendige ukrainske kyrkja (OCU) vart barbeint, med ein pose over hovudet, bortført i Kherson i februar i fjor. Nokre dagar seinare vart liket av han funne på gata.

 

 

AKTUELT

Prosjekt