Pastor Hikmat Kashouh i Beirut brukte slegge i en påskepreken i 2017. Han går også løs på det politiske vanstyret i hjemlandet.

Pastor Hikmat Kashouh i Beirut brukte slegge i en påskepreken i 2017. Han går også løs på det politiske vanstyret i hjemlandet.  


Orda kjem frå pastor Hikmat Kashouh i baptistkyrkja Resurrection Church i Beirut, samarbeidskyrkja til Stefanusalliansen. Dei fall på talarstolen i gudstenesta den første søndagen etter den katastrofale eksplosjonen i Beirut 4. august. 

– Vi skal stå opp for dei fattige, svoltne og sjuke. Vi er ei stemme for dei undertrykte, håpet til dei desperate. Ingen skal måtta spørja kvar Jesus er, fordi kyrkja er saman med folket. Vi er lys og salt. Vi let oss ikkje styra av undertrykkjarane. Vi er Kristi kyrkje, seier pastor Kashouh. 

Blei med i demonstrasjonar 
Resurrection Church Beirut var kanskje den aller første kyrkja som i 2011 kasta seg rundt for å hjelpa flyktningar etter at borgarkrigen starta i Syria.  

17. oktober i fjor vakna Libanon opp til store demonstrasjonar i gatene. Pastor Kashouh fortel til Magasinet Stefanus at kyrkja oppmuntra folk til å gå i gatene for å «protestera mot urettferd og korrupsjon, for å hindra at Libanon skulle bi totalt øydelagt». 

– Dei som ikkje står opp for dei undertrykte, er kriminelle som sjølve tek del i undertrykkinga. Dersom vi ikkje held dei som undertrykkjer, ansvarlege for det dei gjer, vil dei undertrykte bli knuste og landet vårt bli øydelagt, seier Kashouh. 

Kashouh og familien var blant dei som deltok i demonstrasjonane. Nokre av folka frå kyrkjelyden vart fysisk angripne av demonstrantar som forsvarte regjeringa. Som følgje av revolusjonen kunne kyrkjelyden i fleire veker ikkje møtast i kyrkja.  

– Så vi gjorde alle heimane til ei kyrkje. Men situasjonen utmatta oss. 

 

Dei som ikkje står opp for dei undertrykte, er kriminelle som sjølve tek del i undertrykkinga. 

Hikmat Kashouh

 

Økonomisk katastrofe 
21. februar vakna libanesarane til det første tilfellet av covid-19. Smittetalet steig raskt. All kyrkjeaktivitet vart stogga. Kyrkjelyden desinfiserte kyrkjer gratis. Syriske flyktningar fekk framleis helsehjelp og mat, sjølv om kyrkjelokale vart stengde. Kyrkjelivet vart flytta til sosiale media. 

– Endå ein gong var vi i frontlinja for å hjelpa, seier Kashouh.  

Men den økonomiske katastrofen – med ein valuta som kollapsa og dramatisk stigande matvareprisar – la nye byrder på kyrkja. Mange familiar fall under fattigdomsgrensa. 

– Vi takkar Gud for alle partnarane som stod saman med oss i hjelpearbeidet, seier Kashouh. 

«Blir her til Dommedag» 
3. august kom leiaren for det friviljuge hjelpeteamet i Resurrection Church til pastor Kashouh. Han sa at teamet var utslitne etter å ha stått på i månadsvis. Dei måtte letta presset. 

Men dagen etter kom den katastrofale eksplosjonen i Beirut. Hjelparane måtte kasta seg rundt på nytt. 

– Vi møttest med det som var igjen av energi. Vi søkte kraft i Den Heilage Ande, for å hjelpa med det vi hadde igjen i lommane våre, seier Kashouh.  

– Kva meir kan skje? Sjukdom, svolt, epidemiar, søppel, eksplosjonar, straumstans og vassmangel? Vi vil ikkje vika unna, vi blir her til Dommens dag. Vi er Kristi ambassadørar, valde av Gud for å leva her og forandre Libanon, sa Kashouh. 

 

Vi vil ikkje vika unna, vi blir her til Dommens dag, for å forandra Libanon. 

Hikmat Kashouh, pastor 

 

Redde for framtida 
Libanon er prega av kriser på kriser og djup mistillit til korrupte krigsherrar som har styrt landet etter borgarkrigen som slutta i 1990.  

Hikmat Kashouh snakka søndagen etter eksplosjonen til folk som var redde. Somme visste ikkje om dei hadde mat til seg og barna neste dag. Han preika ut frå Matteus 6, frå vers 25 der Jesus seier at vi ikkje skal vera urolege for morgondagen, for kva vi skal eta og kva vi skal drikka.  

– Gud kallar oss til å stola fullt og fast på han. Det er vanskeleg, og det kan bli endå vanskelegare. Men Jesus gjev oss to grunnar til ikkje å vera urolege. Vi skal ikkje vera som heidningane som spring etter det materielle. Og vi har Gud som veit alt som skjer og som veit kva vi treng før vi ber han. Dersom vi hadde fått sjå Guds film for morgondagen, ville vi sjå Han stå rundt oss, midt i stormen, og vi ville finna kvile, sa Kashouh. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2020

AKTUELT

PROSJEKT