Junta får ulovlig iransk flybensin og nye, billege drapsmaskiner - Stefanusalliansen
Ein paramotor, ein motorisert paraglider. Slike har Myanmar-juntaen utvikla til billege drapsvåpen mot sivile mål.

Ein paramotor, ein motorisert paraglider. Slike har Myanmar-juntaen utvikla til billege drapsvåpen mot sivile mål.  

Myanmar   

Militærjuntaen i Myanmar turar fram med nådelause luftangrep mot sivile med støtte frå Iran og Russland. Å teia om brutaliteten, hjelper juntaen.

I fem år sidan kuppet 1. februar 2021 har generalane i Myanmar herja. Nådelaust har dei bomba og brent i krig mot motstand som var sterkare enn dei hadde venta i eit etnisk oppdelt land.

Over tid har generalane mista kontroll på bakken. Full kontroll hadde dei inntil nyleg berre på drygt 20 prosent av territoriet. Difor har dei intensivert luftangrepa og klart å vinna tilbake litt territorium som var tapt til væpna opprørsgrupper.

Juntaleiar Hliang som blir teken imot som ven både i Beijing og Moskva, sender dei morderiske jagarflya i lufta med hjelp frå det brutale regimet i Teheran. Ei omfattande Reuters‑etterforsking har avdekt hemmeleg, ulovleg overføring av flydrivstoff frå Iran.

Krigsbrotsverk
Dette samarbeidet mellom to av dei mest sanksjonerte regima i verda, viser ein alvorleg svikt i internasjonal kontroll. Ayatolla-regimet i Teheran, som nettopp har gjennomført dei mest dødelege angrepa mot sitt eige folk, er altså også medskuldig i krigsbrotsverk i Myanmar.

Med iransk hjelp kan juntaen halda fram luftkrigen som har sendt hundretusenvis på flukt frå Myanmar, kosta tallause sivile liv og lagt skular, kyrkjer og sjukehus i ruinar. «Verda må straks gå frå urolege fråsegner til avgjerande handling,» uttalar menneskerettsorganisasjonen Chin Human Rights Organization. CHRO dokumenterer brotsverka mot i Chin-staten vest i landet der meir enn 90 prosent er kristne. Over 137 kyrkjer og andre religiøse bygg berre i Chin-staten er brende ned eller bomba til ruinar sidan kuppet.

Jagarflya vert brukte både mot Chin-staten og dei andre etniske statane (fylka langs Myanmars grenser mot naboland som India, Kina og Thailand.

Billege drapsmaskiner
Men juntaen har også utvida luftkrigen med langt billegare reiskapar. Sidan desember 2024 har generalane brukt motoriserte paraglidarar og gyrokopter (mini-helikopter) for å bomba fredelege samlingar av sivile og av skular, sjukehus, kloster og heimar. Med kort rekkjevidde blir dei lette og billege drapsmaskinene brukte mot mål i sentrale delar av landet. Det viser ein heilt fersk rapport frå menneskerettsorganisasjonen Fortify Rights.

Sjølv vart eg først kjent med desse billege drapsmaskinene etter at juntaen 6. oktober hadde brukt ein motorisert paraglidar til å bomba ein fredeleg buddhistisk lysfestival. Over 100 menneske var samla for å avslutta den buddhistiske fastetida. Dei protesterte også mot krigen. Minst 24 vart drepne. Deltakarane hadde ikkje oppdaga paraglidaren før bombene brått fall. Juntaen hadde blokkert mobilnettet og forstyrra anna samband. Slik fekk dei forsvarslause ikkje noko varsel frå vener om at eit angrep var på veg. Sidan desse dødsmaskinene går i låg høgde, kan dei med god presisjon treffa sivile mål med bomber utan mekanismar for styring.
 

Kamp om territorium
Bruken av dei billege drapsmaskinene er blitt intensivert parallelt med at juntaen har prøvd å gjenvinna kontroll i sentrale delar av Myanmar. Dei desperate angrepa vart trappa opp i vekene og månadane før juntaen den 28. desember gjennomførte første omgang i eit reint humbug-val. «Valet» blir gjennomført for å legitimera makta generalane prøvde å kuppa seg til 1. februar 2021. Fortify Rights avdekte 304 angrep med slike fartøy mellom desember 2024 og januar 2026.

Angrepa heldt fram også etter første valomgang 28. desember: Den 4. januar bomba eit gyrokopter eit sjukehus i ein landsby i Sagaing-regionen. Sjukehuset vert drive av helsepersonell som sidan kuppet i 2021 har delteke i sivil ulydnad. Den 40 år gamle sjeflegen var eitt av dødsoffera: Han var lege på dette sjukehuset fordi han ikkje ville styrast av generalane og difor reiste frå jobben på eit statleg sjukehus etter kuppet.

Millionar på flukt
Fem år er altså gått sidan militærjuntaen 1. februar 2021 gjorde kupp: Den lovleg valde nasjonalforsamlinga vart jaga på flukt, Aung San Suu Kyi vart fengsla. Fredelege demonstrasjonar vart slege ned med så brutal makt at titusenvis av ungdommar tok til våpen og gjekk inn i nye folkemilitsar. Frå før var juntaen i kamp mot væpna grupper i fleire etniske delstatar.

Meir enn ein million menneske har flykta frå Myanmar. Mange fleire er på flukt i eige land. Tusenvis av politiske fangar er bura inne. FN-ekspertar har dokumentert systematisk tortur  med grov seksualisert vald i fangeleirar. Juntaen har brukt sjølv små barn som gislar i jakt på folk i motstandsrørsla. Folkemordet på det hovudsakleg muslimske rohingya-folket held fram, liknande brotsverk vert det kristne chin-folket utsett for.

Sanninga på bordet
Her heime må vi få sanninga på bordet om i vårt eige Telenor medverka til krigsbrotsverk då selskapet gav frå seg sensitive mobildata til juntaen då selskapet trekte seg ut i 2022.

Det er dessutan på høg tid at generalane i Myanmar må svara for seg i ICC – Den internasjonale straffedomstolen. Og den norske regjeringa må svara på kva den gjer for å styrkja oppbygging av demokrati i nokre av dei etniske delstatane.

Krigsbrotsverka og junta-terroren i Myanmar må ut av den bekmørke skuggen som generalane løyner seg og dødsmaskineriet sitt i.

Prosjekt