Når forfølging aldri tek slutt
Kristne i Kina blir forfølgde. Kva gjer vi når juridisk og politisk kamp ikkje fører til noko?
Kinas kristne les sin bibel i filler.
Med eit stadig mindre rom for religiøs aktivitet i Kina, har den globale kyrkja med rette byrja å sjå det som skjer som forfølging. Med ei sterk kjensle av urett spør den globale kyrkja seg kva ho kan gjera og om forfølginga nokon gong vil ta slutt.
I boka med den ambisiøse tittelen «Ending persecution» («Forfølginga må ta slutt») synest menneskerettsjuristen Knox Thames å hevda at forfølginga kan ta slutt. Han skriv om brot på trusfridommen i Kina og andre land og tek til orde for samla politisk handling for å endra dei tilhøva som gjer at forfølginga får blomstra. Thames krev at overgriparane skal stillast til ansvar.
Kina bryt si eiga grunnlov
Juridisk har han rett. Kina bryt ikkje berre med FN-konvensjonar som Kina sjølv har ratifisert, men krenkjer også rettar i si eiga grunnlov. På vegne av dei som lid, bør vi søkja både juridiske, politiske og diplomatiske løysingar for å få slutt på uretten.
Men sidan overgriparane i Kina slepp straff, blir juridiske tiltak utan effekt. Protesten frå kristne utanfor Kina synest ikkje å nå lenger enn til eigne nettsider, pressemeldingar og regjeringsnotat. Så lenge dagens regime i Beijing er besett av nasjonal tryggleik og partiets kontroll over alle livsområde, vil situasjonen neppe endra seg med det første.
Å minnast dei forfølgde
Forfølging har følgt kyrkja sidan starten og er ein realitet for mange i dag, slik Jesus sa det ville vera.
Kristne er kalla til å «tenkje på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp» (Hebr. 13,3). Svaret er bøn og å stå opp for dei som lid, gripa inn der det er råd og gje trøyst og praktisk hjelp til trusfellar og familiane til dei som lid.
Ikkje slutten på historia
Historia om forfølginga tek kanskje ikkje slutt, men forfølging er ikkje slutten på historia. Vi må leva i spenninga mellom plikta til å handla og erkjenninga av at handlingane våre har avgrensa rekkjevidde. Kristne handlar av kjærleik til Kristus og hans kyrkje. Det krev at vi går inn i sorga, møter lidinga og i tru underordnar oss Guds uforståelege vilje i liva til dei som vert forfølgde. Det finst nemleg ikkje tilstrekkelege svar i denne falne verda.
Svar på forfølging
Det vanskelege svaret for kristne i denne situasjonen er klagesong. Gud er med oss i smerta. Kristus kjem ikkje for å fiksa alt som får oss til å klaga, men for å bringa Guds nærvær gjennom Den heilage ande – det hjarta vårt ropar etter.
Jesus sa: «Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.» (Matteus 5,4). Å stå med dei forfølgde er å sørgja med dei som sørgjer. I boka «A sacred sorrow» («Ei heilag sorg») skriv Michael Card: «Før vi lærer å omfamna vår og deira håpløyse, vil det ikkje finnast noko ekte evangelium å høyra. Til vi har lært å klage, har vi ingenting å seia til det meste av verda.»
For kristne kan målet med forfølging vera å oppleva Guds nærvær i øydemarka.
Brent Fulton
Slutt på klagesongen
Men klagesong endar ikkje med å klage over det som er. Det ser vi i mange salmar og i Jobs historie, der klagesong går frå klage til tilbeding.
I Salme 13, etter at å ha spurt «Kor lenge, Herre? Vil du gløyma meg for alltid?» og klaga over smerta, seier David til slutt: «Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarte skal jubla over di frelse. Eg vil syngja for Herren, for han har gjort godt mot meg.»
Guds nærvær
For kristne kan målet med forfølging vera å oppleva Guds nærvær i øydemarka og vitna om hans trufaste kjærleik midt i lidinga. Dei som har smakt på Guds kjærleik i øydemarka, har eit hjarte som tilbed.
Slutten på klagesongen, slik vi er lova i Johannes' openberring 21, 3-4, vil koma med fornyinga av alt, når «Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk (...)». Då skal han «tørka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»
Brent Fulton er grunnleggjar av China Source.
China Source
• Underviser den globale kyrkja om kristne i Kina.
• Bidreg til informert diskusjon i media.
• Brukar nettplattformer og konferansar.
• www.chinasource.org
PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 5-2025