Pastor Hikmat Kashouh i Resurrection Church (RCB) tek imot mange flyktningar og blant dei menneske med muslimsk bakgrunn.

Pastor Hikmat Kashouh i Resurrection Church (RCB) tek imot mange flyktningar og blant dei menneske med muslimsk bakgrunn.  


Det er ikkje berre kristne og andre minoritetar som er livredde på grunn av IS-drapsmenn på ‘guddommeleg oppdrag’. Det er påfallande mange med muslimsk bakgrunn som dei siste fem åra har sagt takk og farvel til islam fordi IS har kopla trua til bestialsk vald.

IS har endra Midtausten. I fleire land ser vi ein straum av muslimar som forlet gamle sanningar og søkjer nye. Mange blir ateistar. Andre søkjer kristen tru.      

«Har forstyrra islam»
I Libanon vekkjer det oppsikt at mange muslimske flyktningar oppsøkjer kyrkjer. På Arab Baptist Theological Seminary seier Mike Kuhn i eit intervju eg hadde med han:

«Tidlegare har muslimar aldri vilja sjå i retning kristendommen. Eg budde i Egypt fram til 2005, og muslimar ville aldri røra eit nytestamente. No fyller menneske med muslimsk bakgrunn kyrkjer her i Beirut. Den sokalla arabiske våren har forstyrra islam. Muslimar er vanlege menneske som ikkje vil at barna deira skal bli drepne. Dei forstår at noko må vera gale.         .

Harde frontar
I Midtausten er frontane i diskusjonen om islam mange stader minst like harde som i Noreg. Mange har bitre erfaringar; som andreklasses borgarar. Det er mange stader farleg for muslimar å konvertera. På toppen kjem bølgjer islamistisk vald.

Dei smertefulle erfaringane er ikkje til å snakka seg vekk frå, etter IS er det fleire stader blitt ein avgrunn av mistru mellom fleire minoritetar og muslimske samfunn. Alles krav på like borgarrettar utan omsyn til etnisitet og tru, retten til å skifta tru utan fare, oppgjer med koranlegitimering av bestialitet og behovet for rettsoppgjer etter IS-vald må takast opp med styrke på nytt og på nytt.

Mange frå fleire minoritetar demoniserer islam, og i Nord-Irak vil det ta lang tid å gjenoppretta tillitsfulle samliv mellom gamle naboar. Smerta og frykta etter 2014 sit i ryggmergen.

På den andre sida er det også i Midtausten kristne som teologisk tenkjer at alle vegar fører Gud og slik nærmar seg religionsblanding, sjølv om desse stemmene er blitt meir nyanserte siste åra.

Men i Midtausten handlar det ikkje berre om å diskutera islam teologisk og politisk. Kristne og andre minoritetar må leva nær muslimar i dominerande muslimske samfunn. Eg vil gjerne formidla stemmer som fortel korleis somme løyser dette og deler kristentrua si slik situasjonen er akkurat no.

Omsorg
Baptistkyrkja Resurrection Church Beirut kasta seg tidleg ut i hjelpearbeid for syriske flyktningar etter at borgarkrigen starta i 2011. 70 prosent av kyrkjegjengarane er i dag flyktningar. Mange med muslimsk bakgrunn let seg døypa, andre er søkjande.

Pastor Hikmat Kashouh har observert at muslimske menn som konverterer, gjerne blir aggressive mot trua dei har snudd ryggen til. Ein mann som hadde vore i kyrkja hans i to år, fortalde Kashouh at han villa kasta fem koraneksemplar i søpla. Dette overraska baptistpastoren sidan kyrkja hans forkynner respekt for andre truande og symbola deira. Sinte menn har gode psykologiske forklaringar, erkjenner Kashouh: «Eg har levd på ei stor løgn i 40 år. Eg vil ikkje at venene mine skal oppleva det same.»

Men pastoren vil gjerne visa dei ein annan veg enn aggresjon, og dreg fram reaksjonen til muslimske kvinner som konverterer: Ofte ventar dei med å fortelja ektemennene om den nye trua, i staden viser dei Jesus-trua i form av omsorg og kjærleik for barn og ektemenn. Slik omsorg gjer inntrykk.

Islamisten og Jesus
I Beirut møtte eg også «Ahmed». Den verkelege identiteten hans kan eg av tryggingsgrunnar ikkje fortelja, heller ikkje kvar han kjem frå.

I heimlandet var han medlem av ein radikal islamistisk organisasjon med fotfeste i mange land. Han hadde som oppgåve å overtyda dei mange muslimane som var blitt kristne, om å venda tilbake til islam. «Ahmed» las difor Bibelen grundig på jakt etter argument til kampanjen sin. Lesinga fekk han i staden til å venda ryggen til islam.

Så blei han kristen. Muslimske leiarar og onkelen truga han på livet, han hadde jo svikta islam og profeten. «Ahmed» flykta – og blei ein anti-muslim, blant dei som kalla islam «Satans religion». Han sa: «Islam drep kristne.»

Men i samtalar med ein kristen teolog i Beirut fekk ‘Ahmed’ hjelp til å forstå at å uttrykkja slik aggresjon berre skaper fiendskap og at det dessutan er farleg. «Ahmed» fekk hjelp til å gjenoppbyggja forholdet til familien. Han har no vendt tilbake til heimlandet for å snakka om Jesus med dei som ville drepa han, også med sjeikar. «Ahmed» kallar seg heller ikkje lenger «kristen», men Jesus-truande, fordi ordet «kristen» skaper inntrykk av noko vestleg.

Klokt
Det er viktig å opptre klokt og ikkje provosera i utide. Kristne må kunna gjera ein forskjell og formidla evangeliet utan å kompromissa med trua.

«Å arbeida i den arabiske verda er ikkje livsfarleg heile tida, men det kan vera det når som helst», seier pastor Kashouh i Beirut.

Difor er rådet frå den erfarne pastoren: «Elsk menneska du møter. Bygg relasjonar – dei kan verna deg ein dag nokon vil gå deg etter livet.»

Han legg til: «Eg trur at kyrkja vår er i stand til å vitna kraftfullt utan forfølging fordi våre muslimske vener veit at vi aldri behandlar dei eller religionen deira utan respekt eller ære. Fiendskap skaper berre aggresjon.»

Martin Accad, ein annan kristen islam-kjenner i Beirut, set utfordringa på spissen i eit intervju i Magasinet Stefanus: «Det er råd å forkynna evangeliet i den arabiske verda på ein måte som gjer det relevant for folk og ha tid nok til å gjera det – før nokon vil drepa oss for det.»

Kan slike stemmer frå Midtausten ha noko å melda inn i opphissa norsk debatt om møtet med muslimar?

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I DAGEN 8.4.2019

Vil du støtte arbeide blant krigsflyktninger i Libanon?

Merk gaven: Libanon

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT