Norsk hyllest til diktatur - Stefanusalliansen
Kinas diktator får hyllest av både klimaprofessor Jørgen Randers og tidlegare miljøminister Erik Solheim.

Kinas diktator får hyllest av både klimaprofessor Jørgen Randers og tidlegare miljøminister Erik Solheim.  

Kina*    India   

(FØRST PUBLISERT I DAG OG TID, 1.8. 2025)

Kjende nordmenn hyllar autoritære regime. Dei synest å vera i stand til å svelgja mykje.

Demokratiet er i tilbakegang. Det blir fleire autoritære land. Fleire  vestlege demokrati er dessutan under press frå illiberale krefter som fiskar i misnøye.

Men desse er ikkje åleine om å gje opp trua på demokratisk valde regjeringar og framheva autoritære regime. Tre elles ulike norske samfunnsaktørar illustrerer dette.

Skipsreiar John Fredriksen, den rikaste nordmannen, flyttar frå London til Dei sameinte arabiske emirata. Han melde nyleg flytting med ein tordentale: «Hele den vestlige verden er på vei nedenom», sa han til E24. Storbritannia «har gått til helvete», om vi skal tru Fredriksen.

Mangt kan seiast om britisk og europeisk skattepolitikk, som Fredriksen mislikar. Men helvete på jord ville eg nok plassert på ei slagmark i Ukraina, Gaza eller Kongo, eller i ein kinesisk eller nord-koreansk fangeleir. Nok om det.

Fattige han ikkje ser
Men kva tenkjer Fredriksen om andre forhold i det nye landet sitt? Sjølv har eg i Dubai, eitt av dei fem emirata, besøkt overfylte leirar for fattige gjestearbeidarar frå Nepal og India. Dei har svært høg arbeidsmoral, men elendige arbeidsvilkår og brutalt lange dagar. 90 prosent av folket i Emirata er gjestearbeidarar utan rett til statsborgarskap og sosialt tryggingsnett. Dei lever på nåden til dei som har kontroll på arbeidsløyve og reisedokument.

En styrtrik skipsreiar bør ta inn over seg at fattige gjestearbeidarar skaper velstand og overskot for dei rike i golfstatane. Gjestearbeidarane eg møtte, gjorde det dei kunne for å skapa ein himmel over sine strevsame liv.

Det Fredriksen uansett får sjå blant dei glinsande skyskraparane, er endelause rekkjer av avanserte overvakingskamera – på kvart gatehjørne, i hotell og butikksenter. Ansiktsgjenkjenning er innført. Det skulle ikkje undra meg om overvakingsutstyret er kjøpt i diktaturet Kina.

FNs demokratiindeks var Noreg på topp i 2024, med 9,81 poeng av 10 mogelege. Dei sameinte arabiske emirata enda på 3,07 av 10. Skipsreiaren har valt seg eit autoritært regime for å framheva sine prioriteringar.

Overdriv og underdriv
Tidlegare SV-leiar og klimaminister Erik Solheim har i fleire år hylla både Kina og India for bidrag i klimakampen. Solheim  meiner vi må læra både å stå tidlegare opp og jobba hardare.

Ja, vi kan læra. Men Solheim har ein lei tendens til å overvurdera indiske og kinesiske bidrag i kampen for klima og mot fattigdom – og til å underdriva  dei grove brota på menneskerettane i dei to mest folkerike landa.

I alle fall snakkar ikkje Solheim særleg om desse dystre skuggesidene av regima. Kva bodskap sender han til den oppveksande slekta som vi skal oppfordra til globalt engasjement både for klimaa og menneskerettar?

Hyllest til kinesisk diktatur
For professor  og tidlegare BI-rektor Randers er også klimaet så viktig  at demokrati og menneskerettar synest underordna. I Klassekampen 7. juni leverte han ein uhemma hyllest til det politiske systemet til kommunistpartiet i Beijing, fordi «den reneste formen for elitestyre» lyttar til råda hans. Han har gjeve opp trua på vestlege regjeringar.

Mykje tyder på at Randers gjev Kina ei klimaære landet ikkje fortener, slik Øystein Sjølie har påpeika. Mange vestlege land, som Randers snakkar ned, er betre enn Kina på fornybar energi.

Konsentrasjonsleirar
Randers rosar ikkje berre klimastrategien, som han altså overdriv resultata av. Han rosar sjølve diktaturet, «et fåmannsvelde med de helt riktige motivasjonene».

Motivasjonane har diverre også ført til konsentrasjonsleirar for uigurar i Xinjiang-provinsen, noko Randers ikkje tek seg beyet med å nemna. Ikkje blir han spurt heller.

Randers påstår dessutan at regimet «er besatt av å skape himmel på jord for hele Kinas befolkning». Den einaste godkjende kinesiske himmelen er kommuniststyrt. Tusenvis av krossar på kyrkjetak er rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Både kyrkjer og moskear er rivne i kampen mot dei illojale. Å gjera religion «kinesisk» er ikkje eit teologisk prosjekt, men eit totalitært politisk prosjekt.

I Xi Jinpings autoritære himmel, der han sjølv er guddom, blir alle sett – med avanserte kamera som ser kvart ansiktstrekk.

På 70- og 80-talet var det maoistar som hylla Kina. Dei oversåg glatt Maos blodige undertrykking. I dag tek ein tidlegare rektor på BI rolla som ambassadør for Xi Jinping. Xi er ikkje blodig som Mao, men han har likevel har sett i gang den største forfølginga av kristne og andre truande sidan Maos Kulturrevolusjon.

Kan ein verdskjent klimaprofessor lukka augo for brutaliteten favorittregimet hans står for?

Samarbeid mot diktatorane
Våre liberale demokrati har ein stor jobb å gjera for å visa at dei har gode svar i kampen for klima og gode liv. Demokratia må samarbeida for å møta trusselen frå diktatorklubben som på si side samarbeider tett for å undergrava rettsstat, ytringsfridom og demokrati.

Eg skulle ønskja at både kapitalistar, eks-politikarar og klimaprofessorar stod støtt i dette. Dei må gjerne utfordra demokratia. Men dei må ikkje bli nasegrus beundrande i omtalen av autoritære regime og reine diktatur.

AKTUELT