Firebarnsfaren Asif Pervaiz har vært dødsdømt for blasfemi siden 2020.
Pakistansk politi hindra terror mot kyrkje
Pakistanske tryggingsstyrkar seier at dei hindra terrorangrep på kristne i Lahore i påskehelga: Ein arrestert, ein drepen.

Politi vokter kirker i Youhanabad i Lahore søndager og i høytider.
– Vi er svært glade for at eit terrorangrep den tredje påska på rad vart avverga, seier Sajid Christopher i Human Friends Organisation i Lahore i Pakistan. Organisasjonen er Stefanusalliansens partner og tilbyrmellom anna rettshjelp, økonomisk hjelp og traumehjelp til terroroffer og andre som får sin trusfridom hardt ramma.
Se video med modige Sajid Christopher Paul og Human Friends Organization. Artikkelen fortsetter nedenfor videoen.
Lahore i Pakistan vart ramma av eit sjølvmordsangrep på påskedag i fjor. 75 menneske vart drepne og 340 skadde då sjølvmordsbombaren utløsyet bomba i ein park. Ei utbrytargruppe av Taliban tok på deg skulda for angrepet som var retta mot «kristne som feira påske». Mange muslimar vart også drepne.
I 2015 vart to kyrkjer ramma av sjølvmordsangrep i mars, kort tid før påske. Etter grufulle angrep to år på rad hadde kristne i Lahore grunn til å bu seg på meir vald. Politiet åtvara før påske om terrortrussel også i påska i år, og politioppbodet og friviljuge vakter var stort utanfor kyrkjene.
Telegrambyrået Reuters melde måndag at Pakistan hadde arrestert ei ung kvinne som ville blitt sjølvmordsbombar for IS – med planar om eit årak på ei kyrkje i påskehelga i år. Ho er identifsert som Naureen Leghari.
Ein terrormistenkt som ho var saman med, Ali Tariq, vart drepen av politiet i ei skotveksling då politiet omringa huset der dei to heldt til. To sjølvmordsvestar og fire grantar skal ha blitt funne.
På førehand hadde politiet i Punjab-provinsen publisert ei åtvaring i media om at truverdige kjelder hadde informert politiet om at to sjølvmordsbombarar frå ein uidentifisert terrororganisasjon «hadde teke seg inn i Lahore med det som formål å utføre angrep i kyrkjer eller parkar 16/17 april. Dei er utstyrt med sjølvmordsvestar og vil angripe område der det er mange kristne». Det melde avisa Pakistan Today 15. april.
Ei av dei arresterte var altså ei ung kvinne som kom tilbake etter to månaders trening med IS i Syria. Naureen Leghari, 20 år gamal medisinstudent, forsvant 20. februar då ho skal ha reist til Syria. Ho kom tilbake til Pakistan seks dagar før ho blei arrestert. Ho skal ha gifta seg med Ali Tariq, han som blei drepen i skotvekslinga.
Ei politikjelde seier til den indiske avisa DNA at Tariq var ekspert på å lage sjølvmordsvestar og at Naureen også hadde fått trening i bruk av våpen, særleg Kalashnikov-gevær. Politiet omringa huset der dei heldt til og opna eld. Tariq blei drepen, medan Naureen vart arrestert då ho gjekk tom for ammunisjon.
– Trass i terrortrusselen var kyrkjene fulle påskedag. Kristne lever i ein usikker situasjon året rundt, men det er ekstra ille at høgtidsdagane er endå meir utrygge, seier Sajid Christopher.
Egypt vart påsken feira under sterke tryggingstiltak. Ifølgje World Watch Monitor vart fleire arresterte i byane Tanta og Aleksandria der to kyrkjer blei angripne palmesundag, med 49 drepne.
I Kom El-Lofy, i Minya-provinsen, 230 kilometer sør for Kairo, vart tre heimar til koptiske kristne brende ned og åtte menneske skadde. Dette angrepet skjedde skjærtorsdag. Det bur 1 500 koptarar i denne landsbyen. Dei har ikkje noka kyrkje, men har løyve til å møtast til bøn. Etter angrepet vart det ikkje halde noka bønesamling langfredag, av otte for nye angrep.
13 mistenkte skal vere arresterte etter angrepa på dei to kyrkjene palmesundag, melder Middle East Eye. President Sisi har som kjent innført tre månaders unntakstilstand etter terrorangrepa som gjorde palmesundag til den mest blodige dagen på mange årtier for kristne i Egypt. Over 80 er drepne sidan desember då 29 vart drepne i eit angrep på den viktigaste katedralen i Kairo. Så blei sju koptiske kristne oppsøkte og drepne av IS-krigarar i Nord-Sinai i vinter. Overlevande har sagt at IS-krigarane hadde med seg dødslister. 300 familiar flykta. IS publiserte i februar ein video som trua med å drepe fleire kristne og frigjere Kairo.