Pinlig taust i Klassekampen om millionar av døde under Mao
Xi Jinping styrer i dag Kina med hard hand. Han framhevar Mao og legg lokk på historia om brotsverka under landsfaderen.
Journalist Gustav Gillund rapporterer i Klassekampen 3. januar «Noen inntrykk fra et Kina på vippepunktet». Vi får ei god skildring av klirrande sjampanjeglas på nyttårsfesten til Huawei og av livet til menneske som får det akkurat til å gå rundt.
Ingressen til tre fulle avissider lovar møte med eit land som «hjemsøkes av minner fra en turbulent fortid». Men det biletet Klassekampen gjev oss av denne fortida, fortel ingenting om dei grufulle brotsverka som Mao utsette sitt eige folk for fram til diktatoren døydde i 1976. Vi får berre lesa at det var «en turbulent politisk hverdag under Maos revolusjonære styre». Turbulens?
Stivpyntar historia
Klassekampens journalist let til og med ein aldrande mann som var raudegardist under kulturrevolusjonen, totalt utan motstand, få stivpynta historia si: «Om vi var fattige! Men vi var like, alle var helt like. Og vi hadde et oppdrag.»
Vi får rett nok vita at mannen måtte sjå veslesøstera svelta i hel under den store svolten på 50-talet. Men vi får ikkje vita kva den unge raudegardisten sjølv gjorde under kulturrevolusjonen frå 1966 til 1976.
Sjølv hevdar raudegardisten at han kjempa saman med Mao «mot revisjonistene som hadde begynt å lukte på markedsliberalisering. Han feilet, og det har han vært bitter for helt fram til i dag».
Kulturrevolusjonen i Kina var ein av dei store katastrofane i det førre hundreåret. Eit helt samfunn gjekk i stå – i kaos og anarki – fordi Mao skulle byggja eit nytt samfunn og sjølv gjenvinna kontrollen i partiet. Kina-kjennaren Torbjørn Færøvik noterer at mellom ein halv million og halvannan million vart drepne. Andre kjelder opererer med høgare tal. I boka «Mao: Den ukjente historien» brukar forfattarane talet tre millionar døde.
Brutal ungdomsmilits
Raudegardistane fekk frie hender som ein brutal og omsynslaus ungdomsmilits. Dei kunne trengja seg inn og stilla til veggs alle som kunne mistenkjast for ikkje å vera gode nok maoistar. Lærarar og intellektuelle som hadde andre bøker enn dei godkjende, fekk heimane raserte.
Både innbilte og reelle motstandarar av diktatoren Mao vart reinska ut. Forteljingane om menneske som vart forviste, fengsla, torturerte, offentleg audmjuka og ofte drepne skakar oss.
Kyrkjer vart forbodne. Prestar vart arresterte og drepne. Kyrkjebygg og buddhistiske tempel vart plyndra og øydelagde saman med tusenvis av kulturhistoriske minne.
Halvveges oppgjer
I 1981 tok kommunistpartiet eit halvveges oppgjer. Kulturrevolusjonen blei fordømt, men landsfaderen Mao blei forsvart. Sidan 80-talet har sensur gjort sitt til at svært mange i Kina ikkje veit kva som skjedde. Og fleire hundre millionar er fødde etter tragedien.
Det er ikkje rart at folk Klassekampen møter i Kina, seier at dei «savner samholdet» frå tida før «kapitalismens logikk» infiltrerte alt. Rett nok seier ein professor at nostalgien er naiv, men forståeleg. Men kvifor fekk ikkje i det minste raudegardisten eit einaste kritisk spørsmål om kva oppdraget hans var?
Klassekampen skriv også: «Noen ganger kan det virke som om også Kinas president ser på fortida med en viss nostalgi, selv om han nok er bedre informert enn mange av de unge som tror at de savner kulturevolusjonen.»
Full partikontroll
Ja, Xi Jinping veit vel alt om tragediane Mao påførte folket sitt – far hans var offer og vart først rehabilitert i 1980. Men Xi legg framleis lokk over historia. Derimot har dagens diktator teke ideologisk oppgjer med Maos etterfølgjarar som losna på grepet. Deng Xiao Ping som rehabiliterte far til Xi, innførte reformer som sikra matproduksjon og økonomisk vekst. Og han let kyrkja og andre trussamfunn leva igjen.
Xi Jinping har stramma grepet. Det er god plass til sjampanjeglas på nyttårsfestar for den statskontrollerte suksessen Huawei. Og fleire hundre millionar får løfte om betre kår. Men ingen har lov å stilla kritiske spørsmål. Kommunistpartiet skal ha full kontroll over alle samfunnsfelt – også over historia om Mao.
Det er ei journalistisk oppgåve å kasta lys over Xis diktatur og over den grufulle lidingssoga som landsfaderen Mao var ansvarleg for – og som Xi ikkje vil snakka om.
EI FORKORTA UTGÅVE AV DETTE INNLEGGET STOD PÅ TRYKK I KLASSEKAMPEN 10.1.2026