‘Den sterke kristne veksten i Iran vil gje Midtausten sjokk’
Mehrdad Fatehi, som her leder nattverdfeiringen i en iransk menighet i London, har i 26 år ledet Pars Theological Center som utdanner leder av den iranske kirken i og utenfor Iran.
Som 18-åring gjekk Mehrdad Fatehi i 1979 i demonstrasjonar i gatene i Teheran og støtta den islamske revolusjonen. Det angrar han på.
– Som kristen ropte eg ikkje «død over sjahen», slik mange andre gjorde, men eg støtta revolusjonen, fortel Fatehi (65) til Magasinet Stefanus.
Eg møter Mehrdad Fatehi i ein liten by sørvest for London der han leier Pars Theological Centre. Senteret som Fatehi grunnla i 2010, gjev utdanning i teologi og leiarskap, rettleiing og sjelesorg til leiarar i undergrunnskyrkja i Iran og iranske kristne utanfor landet.
Fatehi forstod at det hadde vore feil å støtta ayatolla Khomeiny. Eit brutalt diktatur tok form berre veker etter at ayatolla-regimet hadde sikra makta, på tvers av vakre lovnader.
– Det har vore 47 års tyranni, konstaterer Fatehi. Han var ein av nokså få kristne med muslimsk bakgrunn før revolusjonen.
Far vart ein heilt ny person etter at han gav livet sitt til Jesus.
Mehrdad Fatehi – som var ni år den gongen.
Frå islam til kristen tru
Mehrdad Fatehi vaks opp i ein muslimsk familie. Han fekk høyra om Jesus som 9-åring. I 1970 kom far hans, som var sjukehuslege, i ein desperat situasjon med gjeld, depresjon og angst.
Djupt fortvilt kom legen til å hugsa på noko ein amerikansk professor hadde sagt til han på universitetet 15 år tidlegare: at Jesus levde og kunne forvandla eit menneskeliv.
Han bestemte seg for å be om at Jesus måtte gjera det som professoren hadde sagt at Jesus kunne.
Neste morgon dukka to bokseljarar frå Operasjon Mobilisering opp på sjukehuset.
Dei tilbaud den overraska legen eit nytestamente. Etter å ha lesa evangelia, gav Mehrdads far livet sitt til Jesus.
– Far vart ein heilt ny person, fortel Mehrdad.
Las Bibelen før frukost
I heimen i Teheran byrja dei å lesa Bibelen før frukost.
– Året etter, i 1971, gav eg livet mitt til Jesus, fortel Mehrdad.
I kyrkja starta Mehrdad som 20-åring bibelundervisning for ei ungdomsgruppe.
Seinare fekk han fulltidsteneste som assisterande pastor, med ansvar for bibelundervising. Han leia ungdomsarbeidet og etablerte smågrupper.
Eg tek avstand frå idear om kristen nasjonalisme, slik eg tek avstand frå islamsk nasjonalisme.
Mehrdad Fatehi
Kollega vart drepen
I 1991 reiste Mehrdad og kona til Storbritannia for at han skulle få teologisk utdanning. I Iran starta i 1994 ei ny bølgje av forfølging av konvertittar.
Ein av fleire pastorar som vart myrda, var Haik Hovsepian. Hovsepian som ope hadde kritisert undertrykkinga av kristne med muslimsk bakgrunn, vart sporlaust borte i januar 1994.
Etter få dagar vart han funnen drepen, med knivstikk i brystet. Ayatolla-staten hadde teke han av dage.
I kyrkjenettverket Assemblies of God hadde Mehrdad Fatehi arbeidd tett saman med Hovsepian og nokre andre som vart drepne.
– Eg var ein av svært få leiarar med muslimsk bakgrunn. Venene mine rådde oss til å bli i Storbritannia til situasjonen vart betre i Iran, seier Fatehi.
Starta utdanning for iranske kristne
Han tok doktorgraden i teologi i 1998 og gjekk i gang med bibelomsetjing. I 2010 etablerte han Pars for å styrkja den raskt veksande undergrunnskyrkja i heimlandet.
Drap av kristne i Iran blei det slutt på, men forfølginga tok ikkje slutt. Kyrkjer som tok imot konvertittane, er i tur og orden blitt stengde av regimet. Dei kan berre møtast i husgrupper der dei risikerer overvaking og razziaer. Fleire kristne sonar fengselsstraffer på opptil 17 år.
Regimet svarar brutalt
Fatehi har sett kor brutalt regimet har gått fram også mot bahaiar og andre minoritetar. Og kvar gong menneskemengder har protestert mot diktaturet, har regimet svart brutalt. Så kom massakrane i januar i år: På to dagar vart 34 500 drepne, det er talet Fatehi festar mest lit til.
Fatehi støtta det israelske-amerikanske angrepet, sjølv om han ikkje trur USA og Israel først og fremst hadde framtida for det iranske folket i tankane. Fatehi avviser alt snakk om «heilag krig», idear som krigsminister Pete Hegseth spreidde.
Søndagen før krigsutbrotet i februar heldt Fatehi preika i ei iransk kyrkje i London. «Guds raude line går der det renn uskuldig blod», seier Fatehi. Han såg rett i kameraet då han forkynte at Gud ville straffa og audmjuka det iranske regimet. Han er open for at Gud greip inn i historia.
Stå ansvarleg
Men han avviser at Trump og Netanyahu gjekk Guds ærend. Dei må stå ansvarlege for sine handlingar – slik Josefs brør måtte då dei selde han som slave. Men, tenkjer Fatehi, slik bakhaldsangrepet på Josef vart brukt til noko godt ved at Josef i Egypt berga familien heime frå svolt, kan Gud også i dag bruka også vonde gjerningar til noko godt.
Fatehi vart oppgitt då Trump framstilte seg sjølv som Jesus ved hjelp av KI. Og han vart redd då Trump truga med å ta livet av ein heil iransk sivilisasjon.
Somme eksil-iranske kristne fryktar at dei radikale delane som er att av regimet, har kome styrkt ut av krigen. Likevel håpar og ber dei om at regimet på lengre sikt reelt er svekka. Inne i Iran ventar mange på dagen dei kan våga seg ut for å protestera igjen, utan å bli meia ned av revolusjonsgarden.
Har vendt islam ryggen
Millionar i Iran har vendt all religion ryggen på grunn av ayatolla-styret. Mange hundre tusen har funne kristen tru – kor mange veit berre Gud.
Men den nederlandske forskargruppa Gamaan publiserte i 2020 ei undersøking: Av 50 000 spurde identifiserte 1,5 prosent seg som kristne. I så fall er det kanskje kring ein million konvertitt-kristne, som er farsi-talande med muslimsk bakgrunn.
I Iran er det kanskje 300 000 armenske og assyriske kristne, som er anerkjende minoritetar. Dei har lov gå i kyrkjene – så sant dei nyttar dei etniske språka og ikkje deler trua med muslimar. Kyrkjebygga deira er forboden grunn for konvertittar som altså berre har undergrunnskyrkjer å samlast i.
Eg trur kyrkja i Iran vil veksa endå meir etter at ayatolla-styret ein dag fell.
Mehrdad Fatehi
Rask kyrkjevekst
Iran er eitt av landa med den raskast veksande kyrkja.
– Eg trur kyrkja i Iran vil veksa endå meir etter at ayatolla-styret ein dag fell. Eg er ikkje av dei som meiner at forfølging automatisk gjev kyrkjevekst, det er stader der forfølging tvert imot har hindra vekst. Sekularismen vil også veksa i Iran, endå fleire vil venda seg vekk frå islam. Men det vil bli eit sjokk for Midtausten at det i Iran, i dag eit sjia-islamsk diktatur, vil bli endå fleire som kjem til tru på Kristus, berre dei får sjansen, seier Fatehi.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 4-2026