Tre baptist-pastorar drepne. Vil Støre ta tragedien opp med Modi?
I desse to bilane sat dei drepne og dei skadde i bakhaldsangrepet.
Tre indiske kyrkjeleiarar, pastorar i baotistkyrkjer, vart brutalt drepne i eit bakhaldsangrep i den valdsherja delstaten Manipur 13. mai. Vil statsminister Jonas Gahr Støre ta opp denne tragedien når han måndag og tysdag møter den indiske statsministeren Narendra Modi i Oslo?
Ifølgje opplysningar frå kyrkjeleiarar og lokale kjelder var kyrkjeleiarane på veg heim frå ei samling i United Baptist Convention i byen Churachandpur då dei vart utsette for eit bakhald.
Dei tre var del av Thadou Baptist Association India i Kangpokpi-distriktet i den nordaustlege indiske delstaten.
Stefanusalliansen har fått tilsendt foto både av dei tre drepne og bilar som er stoppa med makt pressa av vegen. Bilane er tydeleg merka med kyrkjelege skilt. I den eine bilen sat to drepne. Den tredje drepne låg blodig i vegkanten.
– Vi uttrykkjer djup sorg og fortviling over drapa, seier generalsekretær Vijayesh Lal i Evangelical Fellowship of India (EFI).
«Tragisk»
EFI har fått truverdig stadfesting på at rev. Vumthang Sitlhou, pastor Kaigoulun Lhouvum og pastor Paogoulen Sitlhou vart drepne i bakhaldsangrepet. Fleire vart såra. Stefanusalliansen har fått namn på fire av dei.
– Drapet på uvæpna kyrkjeleiarar som var på veg attende frå kristent fellesskap og teneste er djupt skakande og tragisk, seier Lal.
Vijayesh Lal i Evangelical Fellowship of India. Foto: Johannes Morken
Tre års valdsbølgje
Delstaten Manipur vart i mai 2023 råka av ei valdsbølgje mellom væpna grupper frå det hindudominerte meitei-folket og kuki-folket der dei fleste er kristne. Meir enn 300 kyrkjer vart brende ned eller øydelagde på annan måte. Minst 217 menneske vart drepne. Kanskje så mange som 60 000 menneske måtte flykta.
To barn drepne
Tre år etter dei grufulle maidagane i 2023 er Manipur framleis prega av splid og redsle. Mange av dei fordrivne er framleis på flukt og vil aldri kunna venda heim. Den 2. mai i år vart to barn gravlagde, 25 dagar etter at dei vart drepne i eit granatåtak 7. april, skriv Christian Daily International.
– Drapa på dei tre kyrkjeleiarane påfører lokalsamfunn som alt er under stort press, nye sår. Denne siste tragedien er spesielt smertefull for kyrkja i Nordaust-India, der lokalsamfunn som er bundne saman av felles tru, framleis ber på sår etter langvarig konflikt og splid, seier Lal.
Krev grundig etterforsking
Han bed styresmaktene syta for at dei skadde får snarleg medisinsk hjelp, og at dei ramma lokalsamfunna blir verna.
– Vi bed også om ei grundig, upartisk etterforsking, slik at dei ansvarlege blir stilte for retten. Vi oppmodar òg alle lokalsamfunn, organisasjonar og leiarar til å visa atterhald og hindra ei ytterlegare opptrapping av valden, seier Lal.
I bøn
Han seier at EFI står saman i bøn og solidaritet med dei etterlatne familiane, med Thadou Baptist Association India, med alle kyrkjene i Manipur og alle som er råka.
– Vi oppmodar òg kyrkjer over heile India til å hugsa Manipur i komande gudstenester, bønemøte og samlingar, og be Gud om trøyst, lækjedom, fred og visdom, seier Lal.
Kritiserer passivitet
Redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen er også oppskaka av drapa. Og han er fortvilt over valdsbølgja som i tre år har herja Manipur.
– Den tre år lange tragiske valdsbølgja i Manipur har fått altfor lite merksemd. Den passiviteten som den indiske regjeringa har vist, reiser alvorlege spørsmål om statsminister Modi verkeleg vil valden til livs, seier Morken.
Høgsterett vil ha ny etterforsking
Høgsteretten i India har gjeve ordre til ny etterforsking av lydopptak som skal knyta den tidlegare sjefsministeren i Manipur til valdsbølgja som braut ut for tre år sidan.
– Dei tre drapa gjev nye sår til herja samfunn. Vi bed for dei etterlatne og dei ramma kyrkjene og dei sårbare samfunna og håpar at dette ikkje fører til endå meir vald. Det kviler eit stort ansvar på styresmaktene både i Manipur og New Delhi, seier Morken.
Modi på besøk
Indias statsminister Narendra Modi besøker Norge 18. og 19. mai. Regjeringa listar opp ei lang rekkje viktige tema. Menneskerettar blir ikkje nemnde. India blir omtala som «verdas største demokrati». Det var sant ein gong, men er det ikkje lenger. Under Modis leiing har India vorte autoritært og blir omtala som eit mangelfullt demokrati på demokrati-indeksar.
Årsaka er ikkje minst åtak på sivilsamfunnet og pressa og aukande omfang av vald mot kristne og muslimar. Registrert og dokumentert vald mot kristne er femdobla sidan Modi kom til makta i 2014 – med antatt store mørketal. Bak valden står Modis paramilitære og valdelege hindunasjonalistiske venner. Hatretorikken mot Indias religiøse minoritetar blir organisert frå toppen av samfunnet, slo ein fersk rapport fast.
Kva gjer Modi for å sikre ei grundig etterforsking av drapa på dei trer baptist-pastorane, slik at dei skuldige blir stilte til ansvar?
I februar fastslo Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) at religiøse minoritetar i India er offer for eskalerande angrep. Kva gjer Modi for å stoppe bølgja av hat og vald som har eskalert i hans 12 år lange regjeringstid?
I den ferske handelsavtalen mellom Efta og India er menneskerettar inkluderte – statsminister Jonas Gahr Støre framheva dette då avtalen vart signert. Vil Støre ta opp menneskerettar med Modi?