Kåre Eriksen i Digni forsvarar kampen mot korrupsjon i bistand, men meiner dei friviljuge organisasjonane må bera altfor stor risiko.

Kåre Eriksen i Digni forsvarar kampen mot korrupsjon i bistand, men meiner dei friviljuge organisasjonane må bera altfor stor risiko.  


– Kravet om null-korrupsjon i bistand har vore viktig for å skjerpa det norske sivilsamfunnet og partnarane våre i sør. Men det er på tide at handhevinga blir prega av fornuft, seier seniorrådgjevar Kåre Eriksen i paraplyorganisasjonen Digni der Stefanusalliansen er medlem.  

Organisasjonar som inngår avtalar med Norad, har fullt erstatningsansvar. Staten skal haldast skadeslaus ved misleghald hos partnarar. 

– Friviljuge organisasjonar tek heile risikoen med bistand til fattige, sårbare og utsette grupper i område av verda der faren for misleghald og korrupsjon er størst. Det må vera rimeleg å dela risikoen, seier Eriksen. 
 

Langvarig frys 
Partnarane i sør har ikkje alltid ressursane som skal til for å tilfredsstilla strenge norske rapporteringskrav, påpeikar Eriksen. Når eit mogeleg misleghald vert oppdaga, skal overføringane som hovudregel frysast. 

– Det er gode grunnar for det. Men det tek ofte så langt tid å undersøkja saka at vi har døme på at organisasjonar i sør er blitt lagde ned medan ein har venta på resultatet av ei gransking. Konsekvensane av å varsla er så alvorlege at det kan føra til at saker ikkje blir varsla, seier Eriksen. 

 

Konsekvensane av å varsla er så alvorlege at det kan føra til at saker ikkje blir varsla. 

Kåre Eriksen, Digni 

 

Urimeleg hardt 
Det er, seier Eriksen, gjerne investert mykje i den aktuelle organisasjonen over år. Kanskje finst det heller ikkje andre å driva arbeid gjennom for å nå dei ein vil hjelpa. Langvarig pengefrys vil slik lett ramma ei heil sårbar gruppe i tilfelle rot eller éin medarbeidars svikt. 

– I Noreg ville vi aldri reagert slik. Stortinget må ikkje stansa arbeidet sjølv om det vert avdekt juks eller rot med reiserekningar. Men sanksjonane ved misleghald i bistand gjennom sivilsamfunnet er så harde. Dette skal verka preventivt. Men no må vi sjå på dei negative følgjene og vurdera andre måtar å handheva kravet på, seier Eriksen og legg til: 

– Rot er sjølvsagt eit raudt flagg. Men misleghald inneber mykje meir enn korrupsjon. Dersom alt – også det å mista vedlegg, manglande system og rot – utan nyansar vert putta i sekken «korrupsjon», snakkar vi unødig ned tilliten til norsk bistand. 

Det er i gang eit offentleg arbeid for å evaluera kampen mot korrupsjon i bistand, inkludert kravet til null-korrupsjon. Ei anti-korrupsjonsgruppe for sivilsamfunnet, leia av Eriksen, har gitt innspel til utviklingsminister Dag Inge Ulstein. 

Andre krav til FN 
Eriksen seier at det store fleirtalet av saker som vert rapporterte, kjem frå friviljuge organisasjonar.  

– Kva skjer med dei store bistandsmidlane som går gjennom FN, globale fond og utviklingsbankar? 

– Dei har eigne regelverk. Mykje vert avdekka der også, men det vert ikkje rapportert tilbake til Noreg på same måte. Det vert heller ikkje kravd tilbakebetaling i sak for sak. Sivilsamfunnet og partnarane deira i sør ber ansvaret for omdømet til norsk bistand. Det provoserer også når styresmaktene for å få næringslivet med, deler risikoen, medan all risikoen ligg på sivilsamfunnet i bistanden vår, seier Eriksen.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 2-2020.

AKTUELT

Fakkeltog i Oslo i november 2018.

Tas trosfriheten av plakaten?

Det er bekymringsfullt at både Høyre og Arbeiderpartiet har fjernet den internasjonale kampen for trosfriheten i sine førsteutkast til program.

Jonas Gahr Støre har leia programarneidet til Arbeiderpartiet.

Når Støre droppar trusfridomen

I utkastet til nytt partiprogram har Ap-leiar Jonas Gahr Støre og resten av komiteen droppa trusfridommen i utanrikspolitikken. Det lovar dårleg dersom han blir statsminister.