Eit heilt anna bibelbelte
Er vi her i landet så kyrkjeleg nærsynte at vi ikkje oppdagar verdas verkelege bibelbelte?
Kristne i Kina er svært ivrige bibellesarar. Og det er over 100 millionar av dei.
I Midtausten vender menneske seg til kristen tru i eit omfang som saknar sidestykke sidan dei første tiåra etter Jesu himmelfart. Kva interessa er det for dette i det norske bibelbeltet?
Vårt Land har publisert ei rekkje reportasjar om det norske bibelbeltet og om kvar beltespenna. Vi har fått ein slags lokalpatriotisk debatt frå Østfold til Stavanger.
Sjølv vaks eg opp på eit bedehus og på ein leirstad som aldri er rekna som del av bibelbeltet – jamvel om Hans Nielsen Hauge i 1801 og 1802 fekk stor oppslutnad i heimtraktene mine. Mitt poeng er ikkje å få inkludert Indre Sogn i bibelbeltet. Kanskje kjem eg heller til å fordjupa meg i historia om 33 vitne frå desse bygdene som i desember 1807 og januar 1808 vart utsette for rettslege avhøyr då staten skulle dokumentera «brotsverka» til Hauge også i Hafslo og Luster. Satsmakt mot fri forkynning interesserer meg meir enn beltespenner.
Bibel i diktatur
Frå oppveksten fekk eg ei sterk interesse for bibellesarar under diktatur bak jernteppet. Det er livsviktig at vi ikkje vert så nærsynte at vi mistar av syne meir slitesterke bibelbelte enn vårt eige.
I Kina der det er meir enn 100 millionar kristne, les folk Bibelen i filler i møte med ei brutal statsmakt som på nytt strammar skruen. Fleire hundre tusen lever ut kristentrua i forbodne undergrunnskyrkjer i Iran. Der blir det brukt som prov på eit brotsverk at ein kristen som har konvertert frå islam, har ein bibel. Konvertittane vil gjerne ha ein bibel, jamvel i fengsel.
Utan sidestykke
I Midtausten har krigar, terror og kaos sendt fleirtalet av kristne i Irak og Syria på flukt. Vi kjempar saman med dei som vil unngå at Irak blir eit museum over 2000 års kristen historie, vi støttar dei som forsøker å skapa håp.
Men så kjem ei anna historie. Gjennom 15 år med flyktningstraumar har oppsiktsvekkjande mange konvertert til kristen tru i Midtausten og Nord-Afrika.
«Ingenting tilsvarande har funne stad i kristendommen sidan det første hundreåret», seier forskar Scott Gustafson i eit intervju.
38 kyrkjer og organisasjonar rapporterte i 2024 om cirka 270 000 nye truande frå islamsk bakgrunn i løpet av ti år – fjerdeparten har vendt tilbake til islam. Studien som er publisert i eit internasjonalt misjonstidsskrift, gjev ein peikepinn på eit omfattande fenomen. Gustafson minner om at talet i studien er høgare enn talet på attverande kristne i Irak.
Desperate muslimar på flukt
Også mange muslimar flykta nemleg for livet frå krig. Dei orka ikkje terror legitimert av religion. Så møtte dei gjestfrie kristne i Libanon, Jordan og den kurdiske regionen nord i Irak. Opne kyrkjedører vart inngangsport til ei reise mot kristen tru.
Mange har møtt evangeliet på internett eller satellitt-TV. Andre har drøymt om ein lysande kross eller sett «mannen i kvitt».
Korvidt konvertittane blir inkluderte i etablerte kyrkjer, som fleire stader nøler av tryggingsgrunnar, eller om dei blir verande «usynlege truande», er for tidleg å seia.
Treng fellesskap
Dei nye Kristus-truande treng fellesskap der det er svært farleg å vera konvertitt, og der det kanskje blir så mange at makta kan verta tvinga til å sjå med nye augo på fenomenet.
Scott Gustafson konkluderer: «Det neste kapittelet i historia til den globale kristendommen blir skrive av flyktningar og av den evangelikale kyrkja i Midtausten og Nord-Afrika».
Forteljinga om eit heilt anna bibelbelte er verd både å forstå og formidla. Mange kristne som lever under press, kjenner seg diverre gløymde av kristne i vest.
FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 19.10.2026