Frå pakistansk høgsterett måndag: Sajid Christopher Paul og andre møter pressa etter at retten var over.

Frå pakistansk høgsterett måndag: Sajid Christopher Paul og andre møter pressa etter at retten var over.  


Høgsterett gjennomførte mandag den varsla høyringa i saka mot dødsdømte Asia Bibi. Ho vart dødsdømt for blasfemi i november 2010. Ho møtte ikkje sjølv i retten. Dommarpanelet spurte ut advokatar for partane.

Vi ventar på dommen. Det same gjer ikkje minst Asia Bibi og familien hennar.

Den pakistanske avisa dawn.com siterer frå rettshøyringa, og referatet viser at dommarane stilte ein serie kritiske spørsmål til bevismaterialet. Mellom anna blei det påvist at den muslimske bøneleiaren som leverte inn anmeldelsen, ikkje hadde vore vitne til noko som helst av det som hadde skjedd. Høgsterettsleieren spurde om det kunne vera slik at vedkomande v ar brukt av nokon andre. Dei vitna som var der, motsa også kvarandre.

Les referatet i dawn.com

Vår partner Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization, er optimistisk etter å ha vore i retten heile måndag.

Han håpar ho blir frikjend og sett fri.

– I pakistansk historie er inga kvinne hengd. Vi reknar difor med at dødsdommen vert omgjort og at ho anten vert frikjent og sett fri, eller at ho får livstidsfengsel, sier han til Stefanusalliansen.

– Det er gledeleg at Pakistans høgsterett ser ut til å ta opp ankesaka. Vi håpar landets høgste domstol gjer det rette og frikjenner den uskuldige kvinna. Vi ber så pakistanske styresmakter skaffa vern til henne og familien etter at ho er sett fri, seier Ed Brown i Stefanusalliansen.

Les meir om saka til Asia Bibi

 

AKTUELT

Abid Raja står opp for Asia Bibi og mot blasfemilova i Pakistan. Eg hadde gjerne sett Qassam Ali delta i fakkeltoget vårt då vi i Oslo 12. november også kjempa for at Asia Bibi faktisk skal bli fri, skriv Johannes Morken.

Blasfemilov og ekstremistisk hat

Norsk-pakistanske Qasim Ali tok i haust til orde for å forby karikaturar av profeten Muhammed. Han påsto at dette vil hindra radikalisering. Det er med respekt å melda tøv.

I Myanmar bur dei etniske og religiøse minoritetane i dei fattigaste delstatane.

Når barn betaler forfølgelsens pris

I en rekke land lider barn på grunn av sin egen tro, eller de straffes for foreldrenes tro. «Vi utsettes for mental tortur», sier minoritetsbarn i Pakistan i en fersk og oppskakende rapport.

PROSJEKT