Her er det som skulle sjå ut som ein «spontan» gateprotest med banner om å få jula ut av Kina. Foto: Weiquanwang

Her er det som skulle sjå ut som ein «spontan» gateprotest med banner om å få jula ut av Kina. Foto: Weiquanwang  


I gater i Beijing gjekk demonstrantar med banner: «Jul, kom deg ut av Kina!» Det skulle sjå ut som «spontane demonstrasjonar». Jula vart fordømt som framand for sosialisme og tradisjonell kinesisk kultur.

– Men sjølvsagt er det ikkje noko som heiter «spontan» gateprotest i Kina. Alle desse hendingane er autoriserte og planlagde av kommunistpartiet, elles ville demonstrantane blitt arresterte ned ein gong, skriv i Massimo Introvigne i det nettbaserte magasinet Bitter Winter som følgjer situasjonen i Kina nøye.

Opprørspoliti sperra kyrkjedør
Det var 25. desember, juledag. Utanfor den katolske kyrkja Frelsarens katedral, også kjent som Xishiku-kirken, i Beijing stod opprørspoliti som hindra folk som ville til gudsteneste, i å koma inn i kyrkja. Plakatar fortalde at dette var på grunn av pandemien.

Dette hende også i andre byar og provinsar. Men som Massimo Introvigne i Bitter Winter peikar på: Førekomsten av covid-19 er minimal i Beijing. Og andre musikalske, kulturelle og politiske arrangement gjekk av stabelen som før.

Xishiku-katedralen er eit symbol og eit hovudsenter for den statsgodkjende, registrerte katolske kyrkja i Kina. Men i år var det inga jul der, skriv Bitter Winter.

I den historiske St. Joseph's Church, også i Beijing, vart eit juletre brukt til å blokkera hovudinngangen. Dørene var stengde, med dei same skilta eller plakatane som sa at ingen julegudstenester ville finna stad på grunn av pandemien. Der var det ikkje opprørspoliti, kanskje fordi området der kyrkja ligg, er eit populært område for utanlandske turistar og journalistar, skriv Bitter Winter.

Utanfor den katolske kyrkja Frelsarens katedral, også kjent som Xishiku-kirken, i Beijing stod opprørspoliti som hindra folk som ville til gudsteneste. Foto: Bitter Winter

Politiraid i kyrkjer
China Aid rapporterer at det kinesiske kommunistpartiet (KKP) hadde forbode alle juleaktivitetar organisert av kristne, med unntak av dei statsgodkjente, registrerte Tre-sjølv-kyrkjene og i kristne samlingar blant familiemedlemmar i eigne heimar.  Situasjonen varierer truleg også her frå by til by og frå provins til provins.

Det Stefanusalliansen har kunna lesa frå rapportar etter at det vart opna for gudstenesteliv igjen i haust, etter pandemien, var god oppslutnad i kyrkjer. Men i jula var det altså krevjande mange stader.

China Aid og andre kjelder rapporterte om mange politiraid under kristne møte i løpet av jula.

Det er mange kyrkjefolk i Kina som ikkje vågar å snakka om kva som hende, fortel folk Stefanusalliansen har kontakt med. Men noko kjem ut.

Politisjekk tre gonger på julekvelden
Ei kjelde i byen Fuchou i FuJian-provinsen fortel at kyrkja til vedkomande vart sjekka av politiet tre gonger julaftan. Han vart fortalt av politiet at det var berre hans kyrkje som fekk løyve til å vera open i jula i distriktet hans. I heile byen som har svært mange offisielle kyrkjer (Tre sjølv-kyrkjer), fekk berre tre vera opne.

- Dette har ikkje noko med covid-19 å gjera. Dette er ein del av ein offisiell strategi frå styresmaktene som vart sett ut i livet i 2017 for å stoppa menneske frå å feira jul. Styresmaktene ser på jula som ein «utanlandsk festival». Denne strategien vert følgd opp meir militant år for år, seier ei kjelde med god kjennskap til og mange kontaktar i kyrkjelivet i Kina.

Streng kontroll
China Source som også følgjer nøye med på kyrkjelivet i Kina, har sendt ut eit fyldig rapport om eit gudstenestebesøk i Beijing, med ein artikkel frå China Christian Daily.

Forfattaren skriv at mange av kyrkjene hadde kansellert gudstenester på grunn av pandemien, eller hadde strenge grenser på kor mange som fekk koma inn.

Vedkomande skriv korleis han måtte leita for å finna ut korleis han kunne få plass i dei tre kyrkjene Beijing Christian Gangwashi Church, Chongwenmen Church og Fengtai Church på julekvelden og juledag.

Ingen av dei hadde setereservasjon på nettet, på sida Beijing Religious Places Reservation. Til si overrasking fann han ut at dei hadde starta manuell plasstildeling utanfor kyrkja før jul.

Han fekk plass, fekk tydeleg beskjed kor han skulle sitja og fekk klar beskjed om at det var forbode å ta foto og publisera dei på den godkjende WeChat-plattforma. Gudstenesta vart først og fremst korsong, den vart også lagt ut online.

Ingen ny smitte
Han fortel også at han etterpå fann meldingar frå fleire kyrkjer om at dei på grunn av pandemien, hadde måtte avlysa gudstenestene. China Source viser så til den 19. pressekonferansen i Beijing om pandemien. Den vart halden natt til 24. desember. Der vart det rapportert om to nye asymptomatiske tilfelle i Beijing og ingen nye konfirmerte eller mistenkte smittetilfelle i Kina.

Med andre ord: I ein situasjon med i praksis null ny smitte, blei så mange kyrkjedører som råd likevel stengde i høgtida, grunngitt i pandemien.

Pastor Wang Yi i Early Rain i Chengdu har sidan desember 2019 vore i fengsel, med ein dom på 9 års fengsel.

Trakasserte forfølgd kyrkjelyd
Dei uregistrerte kyrkjene har det fleire stader tøft.

24. desember rapporterte Facebook-sida som mobiliserer til forbøn for den trakasserte kyrkja Early Rain i Chengdu, at to medlemmar i kyrkja var blitt trakasserte og truga av politiet. Andre var truga av huseigarane med at dei ville bli kasta ut frå heimane sine fordi politiet hadde lagt press på dei som leiger ut. Det er trusfridomsorganisasjonen CSW som melder dette.

Pastor Wang Yi og ein av dei eldste i kyrkja sonar høvesvis 9 og 4 års fengsel etter ein politirazzia i desember 2018. Det var ein dramatisk slutt på eit år som starta med at Kina vedtok ei ny og strengare religionslov som skulle ramma alt uregistrert kyrkjeliv.

Grunnleggjar president Mervyn Thomas i den kristne, London-baserte trusfridomsorganisasjonen CSW seier:

– CSW beklagar, men er ikkje overraska, over å høyra at det kinesiske kommunistpartiets alvorlege nedbryting av menneskerettane, inkludert religions- eller trusfridomen, heldt fram i julehøgtida. Vi fordømmer resolutt dei tallause tiltaka frå styresmaktene på å avgrensa desse grunnleggjande rettane, mellom anna ved å forhindra og raida møte i kyrkjer.

AKTUELT

PROSJEKT