Putin og patriark Kirill prøver å knekka dei som kritiserer krigen.
Vladimir Putins bomber drep barn og øydelegg barnesinn
Tanya (6) vart drepen av russisk granat. Mark (7) nektar å snakka meir russisk.

Eit bomba sjukehus.
Det er smertefullt å snakka med folk i Ukraina. Det er opprivande å høyra både kva Vladimir Putin gjer med landet – og med små barnesinn.
I Lviv heilt i vest bur sjuåringen Mark. Faren har ukrainsk som morsmål. Familien til mora er russiskspråkleg og har budd der i tre generasjonar, aldri har dei vore plaga for det. Mark valde morsmålet, russisk. Men då guten var fem, byrja han også å snakka ukrainsk.
Men så høyrde sjuåringen flyalarmen og krigen kom. No har Mark sagt det tydeleg til mora og hennar familie: Heretter vil han aldri snakka russisk, og folk må slutta å snakka russisk til han.
Flyktar frå vondskapen
Det er faren Rostislav som fortel meg historia medan straumen av flyktningar passerer gjennom Lviv og fyller kyrkjene på vegen. Han seier at han og sonen har snakka mykje saman om at krigen ikkje må gjera at dei hatar alle russarar for den vondskapen Vladimir Putin har utløyst.
Men krigen har alt prega sjuåringen. Rostislav fryktar at sonen ikkje vil klara å bli vener med russiske barn. Han trur det vil ta mange generasjonar å skapa forsoning, også fordi Putin nektar sitt eige folk tilgang til sanninga om den vondskapen han har aust over broderfolket.
Rostislav arbeider i Det ukrainske bibelselskapet som er stætta av Bibelselskapet i Noreg.
I storbyen Kharkiv er mange av Rostislavs kollegaer i Det ukrainske bibelselskapet russiskspråklege, slik mange er det i storbyen i aust, der mange også er etniske russarar. Russarar og ukrainarar har delt bomberom og kjellarar i djup frykt. Folk er ute av stand til å fatta kvifor Putin skyt mot folk han påstår han vil gje fridom.
Folk er ute av stand til å fatta kvifor Putin skyt mot folk han påstår han vil gje fridom.
Barn vert drepne
Dagleg får eg meldingar frå Kharkiv om russiske luftangrep som rammar sjukehus og bustadblokker. Om barn som vert drepne.
I Mariupol i sør er kampane harde. Russland har beleira byen for å opna ein landkorridor mellom Krimhalvøya og utbrytarrepublikkane Luhansk og Donetsk i Donbass-regionen i aust. Der vart seks år gamle Tanya Moroz drepen måndag. Ein russisk granat traff huset. Mora kasta seg fram for å verna vesle Tanya. Mora vart drepen på staden. Tanya kom på sjukehus, men livet stod ikkje til å redda.
Den fortvilte rapporten kjem frå Vladimir i Bibelselkapet i Kharkiv. Onsdag sende han melding om 22 drepne, av dei tre barn, i Sumy nordvest for Kharkiv. Sjukehuset i Izyum like utanfor Kharkiv vart heilt øydelagt i starten av denne veka. «Eg trudde helvetes portar var stebgde, men det viste seg at det berre var første etasje», ropte ein fortvila lokal leiar.
- LES OGSÅ: Putins misbruk av religiøs makt
Åndeleg sentrum
Ukraina er eit åndeleg senter i Europa. Den dominerande kyrkja har vore Den russisk ortodokse kyrkja, styrt frå patriarkatet i Moskva. Men i 2018 braut delar av kyrkja ut. At den russisk ortodokse kyrkja i Ukraina blei ei sjølvstendig kyrkje, vekte raseri – hos Vladimir Putin. Han kalla inn tryggingsrådet sitt og truga med å forsvara både russiskspråklege og Moskva-truande i Ukraina.
Kva middel Putin er villig til å bruka, veit vi no. I Ukraina er kyrkjene samla som aldri før. Begge dei to ortodokse kyrkjene står saman med katolikkar og protestantar og tryglar om slutt på krigen, dei tryglar om fred og har saman skrive brev til leiinga for dei Moskva-tru kyrkjefolka i Kyiv. Aldri har kyrkjene vore så samla som no.
Framleis er det to ortodokse kyrkjer. Men det er mange prestar i den Moskva-orienterte kyrkja i Ukraina som no nektar å nemna Moskva-patriark Kirill i liturgien. Dei er fortvilte over at patriarken framleis velsignar krigen i Ukraina.
Dei er fortvilte over at patriarken framleis velsignar krigen i Ukraina.
Krigens tragedie
Krigens tragedie ser vi i kister og ruinar, i hundretusenvis på flukt og i redde barnesinn.
Medan vi spør om nokon kan få Vladimir Putin til å ta til vettet, ropar vi ut ei fortvilt bøn: Herren forbarme deg over Ukraina og la folket i Russland få sjå den vondskapen som deira eigne leiarar har ausa utover brør og søstrer i vest slik at såra ikkje blir umogelege å lækja.