Presten, Putin og patriarken
Ioann Viktor Burdin held gudsteneste i det private kapellet som Beorgi Edelstein har bygd ved elva Volga.
Det er ei uoverstigeleg kløft mellom den russisk-ortodokse patriarken som velsignar «heilag krig», og prestar som vert truga med fengsel for å minna om bodet «Du skal ikkje slå ihel».
Søndag 6. mars 2022: Ti dagar var gått sidan det fullskala overfallet på Ukraina. På kvar sin preikestol stod to russisk-ortodokse geistlege på «Tilgjevingssøndagen» i den ortodokse kyrkja.
I den kvite og majestetiske Kristi Frelsar-katedralen i Moskva leia sjølvaste patriark Kirill gudstenesta. Den mektige leiaren i den russisk-ortodokse kyrkja velsigna aggresjonen. Konflikten stod, sa han, mellom Russlands ortodokse verdiar og «falsk fridom» og prideparadar i Ukraina og Vesten. Kirill var ikkje i tvil om kva side Gud stod på.
«Å lyga framfor Gud»
I Kristi oppstodekyrkje, ei lita kvit landsbykyrkje i Karabanovo, 40 mil eller så nordaust for hovudstaden, heldt fader Ioann Viktor Burdin preika, om det femte bodet: «Du skal ikkje drepa». Burdin forklarte til den uavhengige avisa Mediazona: «Eg trur at i denne stunda må vi alle, kvart einaste menneske i kyrkja, stå framfor Gud, og Gud ser oss der vi er. Difor vil det å lyga, (eller) å lata som om ingenting har hendt, vera det same som å lyga for Gud.»
Difor vil det å lyga, (eller) å lata som om ingenting har hendt, vera det same som å lyga for Gud.
Fader Burdin i preike 6.3.2022
Presten åtvara mot hatet som «øydelegg sjela (...) og pressar mennesket til umenneskelege handlingar, når mennesket byrjar å sjå på fienden ikkje som ein person, men som noko som raskt må øydeleggjast, eller (...) nokon som må bli torturert først.»
Alt dagen etter overfallet på Ukraina hadde Burdin og forgjengaren i landsbykyrkja, den då 90 år gamle Georgi Edelstein, på nettsida til kyrkja skrive: «Russiske soldatar drep sine brør og søstrer i Kristus.»
Fekk bot og blasfemidom
Burdin skulle få både biskop og politi etter seg. Biskopen tvang dei til å fjerna meldinga. Få timar etter søndagspreika stod politiet i kyrkja. Nokon hadde varsla – eit par dagar før «Tilgjevingssøndagen» hadde Putin signert lover som gjorde det straffbart å «diskreditera den russiske hæren». Burdin, som var reist heim då politiet kom, vart kalla inn til avhøyr. Den 9. mars møtte han i retten. Han fekk ei bot på 35 000 rubel – ei gjennomsnittleg månadsløn.
Burdin heldt likevel, enno ei tid, fram med kritikk. I ein artikkel som vart publisert her i landet i juni, åtvara han mot farlege åndelege vrangførestellingar. Prestejobben vart han pressa ut av.
I juni 2023 vart Burdin stilt for eit kyrkjeleg tribunal i bispedømmet sitt. Alt han hadde skrive, var nøye gått gjennom. Burdin vart funnen skuldig i blasfemi mot kyrkja og mot helgenar, og for å ha vore ulydig mot både biskop og patriark. Burdin var utanlands då tribunalet felte dommen. I eit intervju med meg sa han at klagemåla var «politiske og ikkje teologiske». Han avviste at han ikkje godtok den åndelege autoriteten til biskopen, men han kunne ikkje skriva under på «blind lydnad til eit evangelium på avvegar».
Den blasfemidømte fekk yrkesforbod. Inga ortodoks kyrkje ville etter dommen tilsetja presten Burdin.
Patriark Kirill er ivrig tilhenger av Putins krig, ja, han vesigner den. Foto: Shutterstock
Livet i landsbyen
Snart tre år etter blasfemidommen bur familien i den russiske landsbyen. Dottera fullfører skulegangen, ho vil søkja seg inn på eit universitet. Sonen og svigerdottera har vendt heim. Mor og bestemor på nesten 80 treng dei andre. «Og så er det hunden, som er for stor til å ta med nokon stad, og som elskar oss for mykje til at vi kan svikta henne», skriv Burdin.
Burdin prøver å livnæra seg og familien som taxisjåfør. Lesarar som følgjer bloggen hans på Telegram, gjev større eller mindre gåver. Han held gudstenester i eit lite privat kapell som Edelstein fleire år tidlegare bygde ved Volga. På motsett side av den store elva står palasset til eks-president Dimitri Medvedev. Han er av dei harde mennene i Putin-regimet som lenar seg på den russisk-ortodokse kyrkja for å legitimera makt og krig.
Velsignar krigen, trugar kritiske prestar
Patriark Kirill, som støttar Putin og dei nådelause mennene hans, har formulert ein martyrteologi som til forveksling kan likna islamistisk martyrideologi. I mars 2024 erklærte patriarken at krigen mot Ukraina er «heilag krig». På den ortodokse julekvelden i år, 6. januar, velsigna Kirill trekrossar som – med dei inngraverte initialane til Putin – skal vera gåver til store «heltar» frå slagmarka.
Prestar som er kritiske, veit derimot at dei lever farleg. Mange har fått bøter. Andre har vore i fengsel. Andre igjen ventar på soning – ein pinsepastor har fått fire års fengsel for – i ei preike – å ha truga Russlands nasjonale tryggleik. Andre har rømt landet for å unngå fengsel.
Dei som bur i Russland, må, som den kristne musikaren Anna Chagina forklarar det, balansera mellom evangeliet og eigen tryggleik.
«Dei overvakar meg»
Fader Burdin veit kva dette handlar om. På bloggen han skriv på Telegram, skriv om nesten ingenting om krigen.
«Først og fremst fordi det er utrygt: Dei overvakar meg, og mange blir no fengsla heilt utan grunn. Men det viktigaste er: For folk tek ikkje livet slutt med krigen. Det er mykje anna som uroar mange endå meir, dersom dei ikkje bur under bombardement», forklarar Burdin.
Dei overvakar meg, og mange blir no fengsla heilt utan grunn.
Ioann Viktor Burdin
Han har lesarar også i Ukraina, dei skriv til han at «dei er urolege fordi dei manglar kjensla av Guds kjærleik. Somme vil av og til høyra meir om Kristus enn om krigen.»
Alt om krigen er eigentleg klart, forklarar Burdin: «Vi vil at den skal ta slutt, men klarar ikkje å setja punktum.» Det punktumet vart diverre ikkje sett før årets søndag for tilgjeving.
FØRST PUBLISERT I VEKEAVSA DAG OG TID 5.3.2026