‘Når tyrannar bombar kyrkjer’ - Stefanusalliansen
Marias himmelfartskatedral i Grotteklosteret i Kyiv vart sett i brann av ein russisk rakett 15. juni 2026.

Marias himmelfartskatedral i Grotteklosteret i Kyiv vart sett i brann av ein russisk rakett 15. juni 2026.  


Vladimir Putins rakettangrep mot eit meir enn 1000 år gammalt kloster var eit desperat angrep på ukrainsk identitet. Han er ikkje den einaste tyrannen som siktar på kyrkjer og andre kulturminne. 

Flammar og røyk slo opp frå Marias himmelfartskatedralen i Grotteklosteret i den ukrainske hovudstaden Kyiv etter eit russisk rakettåtak 15. juni. Det finst ingen militære mål i nærleiken. Ingen kan vera i tvil om at Putins hær hadde fått ordre om å sikta på ein heilagdom som er svært viktig for kyrkja i Ukraina og for folket i Ukraina. 

Rett nok nektar Putin-regimet for å ha råka klosteret. Men regimet har vist rik evne til å lyga tidlegare. 

Klosteret har stått på verdsarvlista til UNESCO sidan 1990. Det har vore øydelagt og bygt opp att tidlegare. Dette er klosteret som Russland har prøvd å tileigna seg for å byggja myten om at «Moskva er det tredje Roma» – myten om at det russiske riket er det kristne verdsriket etter at først Roma fall og deretter og det bysantinske riket i Konstantinopel. 

Men Russland vernar ikkje heilage staden. I staden blir dei øydelagde. 

Meir enn 600 kyrkjer 
Sidan starten på fullskalakrigen mot Ukraina i februar 2022 er meir enn 600 kyrkjer skadde eller øydelagde. Både synagoger og moskear er også øydelagde. 

Ein del kyrkjer og kulturminne er truleg blitt skadde som ein konsekvens av massive angrep mot byar og landsbyar. Men Russland, som slit meir og meir på bakken, lèt til å ha trappa opp dei målretta åtaka mot ukrainske kulturminne. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov sette nyleg ord på tragedien i vekeavisa Dag og Tid under overskrifta «Den djevelen vi kjenner». 

Krigsbrotsverk
Å retta målretta angrep mot historiske monument og kulturminne er eit krigsbrotsverk etter folkeretten, ifølgje Haag-konvensjonen. Men i Putin og Kirills «heilage krig» er folkeretten tydelegvis irrelevant. 

Dei fleste kyrkjer, moskear og synagogar er blitt øydelagde i dei okkuperte regionane Donetsk og Luhansk. Omfanget av øydeleggingane er òg stort i Kyiv-regionen. I både Kherson- og Kharkiv-regionane er mange religiøse bygg øydelagde. 

Bombar kyrkjer i «heilag krig» 
Minst 307 religiøse bygg i Ukraina vart øydelagde berre i løpet av dei første 11 månadene av Russlands fullskalakrig i 2022, ifølgje den ukrainske statstenesta for etniske spørsmål. Det handla om russisk-ortodokse, protestantiske, ukrainsk-ortodokse, romersk-katolske og gresk-katolske kyrkjer. Også moskear og synagogar vart øydelagde. UNESCO har stadfesta meir enn 250 av desse stadene. 

Dette skjer i ein krig som den fremste russiske kyrkjeleiaren, patriark Kirill, har erklært som «heilag krig». I dei okkuperte delane av Ukraina går okkupantane også hardhendt fram for å erstatta alt kyrkjeliv med kyrkjelydar, prestar og biskopar som er direkte styrte frå Moskva. Patriark Kirill har altså ikkje berre velsigna krigen frå første stund. Kyrkja hans deltek aktivt. Protestantiske og gresk-katolske kyrkjer er stengde. Prestar som ikkje sit fengsla, har anten rømt eller gått under jorda. 

 

Prestar som ikkje sit fengsla, har anten rømt eller gått under jorda. 

 

Kamp mot identitet 
Tyrannar gjer alt dei kan mange stader for å freista å knekkja viktige uttrykk for identitet. På den måten prøver dei å svekkja motstandskrafta når dei bombar og drep for å skaffa seg kontroll. 

Vi ser det same mange stader i verda. For å ta eit døme: Krigen til militærjuntaen i Myanmar vert legitimert av ekstreme buddhistiske munkar som ikkje toler etnisk og religiøst mangfald. All motstand i delstatar med etniske og religiøse minoritetar vert freista knust. 

Nyleg hadde vi gjesting av dr. Ja Seng Ing. Ho er lege og kristen aktivist frå Kachin-staten i nord, på grensa mot Kina. Sidan hausten 2022 har ho budd i eksil for å vera trygg for fengsling og det som verre er i det juntastyrte Myanmar. I rapportar som Ja Seng har presentert for FN, har eit nettverk av aktivistar inne i Myanmar dokumentert omfanget av målretta juntaåtak mot religiøse minoritetar. 

Minst 85 religiøse leiarar har vorte drepne sidan kuppet i februar 2021 og fram til i fjor sommar. Blant dei er både baptistpastorar og katolske prestar. Minst 100 religiøse leiarar vart i den same perioden arresterte, og fleire er framleis sporlaust borte. 

Minst 5000 øydelagde bygg 
Minst 5000 religiøse bygg er sette fyr på, bomba eller skotne i ruinar med artilleri. Mange av måla ligg i delstatar som Chin og Kachin, der det er mange kristne. Øydelagde moskear ligg gjerne i Rakhine-staten. 

 

Minst 5000 religiøse bygg er sette fyr på, bomba eller skotne i ruinar med artilleri.

 

I sentrale delar av Myanmar bur fleirtalsfolkegruppa burmanarane, der generalane tradisjonelt har hatt maktbasen. Dei fleste er buddhistar. No bombar generalane også buddhistiske pagodar og kloster i område der buddhistmunkar har opponert mot juntaen og konfrontert ekstremistmunkane som fyrer opp hat og krig mot etniske og religiøse minoritetar. 

Juntaen har, for dei som lurer, nettopp Russland på si side, saman med Belarus og Kina. Andre delar av verdssamfunnet synest diverre ofte å ha gløymt eller fortrengt tragedien i Myanmar. 

Motstand blir sterkare
Juntaen i Myanmar oppnår det same som Putin gjer med terrorbombinga av kulturminne som katedralen i Grotteklosteret i Ukraina: Motstandsviljen veks – han blir ikkje knekt. I staden for å verta trøytte av Myanmar eller Ukraina må vi støtta dei som, trass i terrorbombing mot identiteten deira, held liv i motstand og håp. 

FØRST PUBLISERT I DAGEN, 23.6.2026

Prosjekt