Fredag 12. oktober skal Andrew Brunson i retten i Tyrkia.

Fredag 12. oktober skal Andrew Brunson i retten i Tyrkia.  


(Kronikk i Dagen 11.10. 2018)

I ei fengselscelle i Pakistan ventar dødsdømde Asia Bibi på endeleg dom i høgsteretten: Blir ho frikjent etter ni vonde år som offer for ei frykteleg blasfemilov? 

I husarrest i Tyrkia sit pastor Andrew Brunson og ventar på fjerde høyring i retten fredag – om to dagar. Han risikerer 35 års fengsel for noko han umogeleg kan ha gjort. Brunson er tiltalt for band til to «terrororganisasjonar» og for spionasje.

Folk som ber for menneske som blir forfølgde for trua si, bør falda hendene ofte og hardt denne veka. 

Dødsdom
Den kristne fembarnsmora Asia Bibi fekk måndag endeleg ankesaka opp for høgsterett i Pakistan. Sidan november 2010 har ho vore fengsla med dødsdom. Ein guvernør som stod opp for henne, blei drepen året etter.

Og skulle Asia Bibi bli frikjent, er det stor fare for at ekstremistar straks vil ta livet av henne også. Det har skjedd frikjende blasfemi-tiltalte i Pakistan før. Skulle Asia Bibi bli frikjent, slik vi håpar og ber om, må ho og familien koma usett i tryggleik seinast straks dommen er klar.

Det er i alle fall håp om å bli kvitt dødsdommen. Inga kvinne er hengt i Pakistan. Sjølv om blasfemilova har dødsstraff, er det ingen som så langt er avretta etter ein blasfemidom. Den største faren er altså ekstremistane.

Dei alternativa som vår partner i Pakistan, som hjelper Asia Bibi (Human Friends Organization, HFO) har sett føre seg, er at ho får livstidsdom – eller at ho blir frikjent. Håpet om frikjenning steig etter rettsmøtet måndag. Dei tre dommarane, leia av sjefen for høgsterett sjølv, stilte seg i utspørjinga sterkt kritiske til bevismaterialet.

Krangel om vatn
Kort om saka: På ein bæråker i 2009 kom Asia Bibi i klammeri med fleire muslimske kvinner. Den kristne kvinna drakk vatn frå ein brønn og vart skulda av ei av dei muslimske kvinnene for å ha gjort vatnet ureint – haram. 

Etter først å ha blitt hetsa vekk, kom ho tilbake fem dagar seinare. Då vart Asia Bibi angripen og ført til politiet.

Men kva sa ho på åkeren? «Det fall harde ord, men ingen blasfemi,» sa advokaten. 

Bøneleiaren i moskeen i landsbyen var den som leverte inn politimeldinga. Leiaren for høgsterett noterte seg at bøneleiaren ikkje sjølv hadde vore vitne til den påståtte blasfemien. Dommaren spurte difor om bøneleiaren kunne vera brukt av andre for å få Asia Bibi dømt. Dommarpanelet spurte også om politimannen som hadde registrert saka, kunne stolast på. Og sjefen for høgsterett uttalte at «det er mange motsetnader mellom vitnemåla» i saka. «Blasfemi er eit hatefullt brotsverk. (Men) det står att å sjå om skuldingane let seg prova», sa dommaren.

Oppløftande
Rettsreferatet hos den etterrettelege pakistanske avisa dawn.com vert stadfesta av vår partner Sajid Christopher Paul i HFO som sat på tilhøyrarbenken.

Dei ekstremistiske kreftene i Pakistan har styrka seg. I november i fjor pressa ei ekstremistrørsle justisministeren til å gå av fordi dei hevda at han ikkje var stødig i blasfemisaker. 

I januar la EU press på Pakistan for å få Asia Bibi frikjent. EU la til ei frykt for at ekstremistiske krefter kunna pressa domstolen til ikkje å setja henne fri.

Men i mars blei Anjum Naz Sandhu (62) frikjend for blasfemi etter å ha vore dødsdømt i to år. Det fekk håpet for Asia Bibi til å stiga. At dommarpanelet i Asia Bibi-saka stilte seg så kritisk til grunnlaget for dødsdommen, er oppløftande. Men så langt veit vi ingenting. Her gjeld parolen: Vak, protester og be!

35 års fengsel
Det same gjeld for Andrew Brunson i Tyrkia. Fredag skal pastoren som i 23 år har leia ei lita protestantisk kyrkje i storbyen Izmir, ha den fjerde høyringa i saka. Sidan 25. juli har han sete i husarrest etter nesten to år i helseskadelege fengselsceller. 

Advokaten hans sende for få dagar sidan ein anke til høgsterett på to avslag på å setja Brunson fri frå husarrest. Advokaten meiner at Brunson er fråteken fridommen heilt utan grunn. Han skriv at det er eit brot på straffelova og Brunsons konstitusjonelle rettar og hans personlege fridom å sperra han inne.

I den grad det er mogeleg: Meir og meir vert det tydeleg at påtalemakta ikkje har eit einaste prov for at Brunson har hatt noko å gjera verken med den kurdiske geriljaen PKK eller Feto-bevegelsen til Fetullah Gulen, som president Erdogan skuldar for å stå bak kuppforsøket sommaren 2016. 

At Brunson skal ha vore knytt til dei to bevegelsane er ikkje stadfesta av eit einaste dokument frå tyrkiske tryggingstenester. Tiltalen byggjer derimot på mellom anna tre hemmelege vitne.

Utpressing
Tiltalen inneheld skuldingar om at Brunson også har band til amerikanske momonarar som aktor meiner er spionar for USA.

Det er straffbart i Tyrkia å namngje hemmelege vitne. Men eitt av vitna har kodenamnet «Dua». Den anerkjende amerikanske nettavisa Bloomberg intervjua i september eit tidlegare medlem av moronar-samfunnet i Izmir. Han fortalde at han personleg har kjent vedkomande som må vera «Dua», utan å namngje vitnet. Det som har kome fram, gjer ikkje «Dua» til eit truverdig vitne dersom du skal dømma ein pastor til 35 års fengsel.

 «Dua» kjenner ikkje Brunson. Men «Dua» var for fleire år sidan med i ei anna protestantisk kyrkje i Izmir. Han blei ekskludert etter forsøk på utpressing. «Han vart kjent som ein som spreidde fiendskap mot alle protestantiske samfunn», skriv advokaten til Brunson i anken til høgsterett, ifølgje World Watch Monitor.

«Dua» skal ha infiltrert ei mormon-kyrkje i Izmir. Der skal «vitnet» ha fått tak i dokument som han skal ha gitt politiet som «prov» mot Brunson. 

Bortsett frå at Brunson og pastoren i mormon-kyrkja bur i det same nabolaget, har dei ingen band. Vår partner i Tyrkia, Den protestantiske alliansen som hjelper Brunson, opplyser at Brunson ikkje kjenner nokon av dei mormonarane som er nemnde i tiltaledokumentet.

Konspirasjonar
Det får vera nok med detaljar. Rettssaka mot Andrew Brunson er ein rein farse. og ei samling av reine konspirasjonsteoriar.

Eit uskuldig menneske har i to år denne veka vore fråteken fridommen.

Samstundes som Brunson-saka set forholdet mellom Tyrkia og USA på ein alvorleg prøve, er saka ein test på om Tyrkia vil ta eit steg vekk frå den farefulle vegen mot det fryktbaserte brutale styret landet har gått i retning av dei siste åra.

Vi skal ikkje gje opp Tyrkia. Men då må Tyrkia og rettsvesenet i landet visa oss at det er rett framleis å ha trua på at menneskerettane generelt og trusfridommen spesielt blir respekterte.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Både Asia Bibis støttespillere i Pakistan (Human Friends Organization) og Andre Brunsons støttespillere i Tyrkia (Den protestantiske allianse) er partnere fotr Stefanusalliansen. Du kan bidra til å støtte dem.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT